- Flyktningar blir sett på som trugsmål

– Over heile verda ser no mange på flyktningar meir som eit trugsmål enn som menneske som søkjer vern mot krig eller forfylging. Derfor blir stadig fleire flyktningar plasserte rett i interneringsleirar, seier UiO-forskar Nora Sveaass.

HARDARE: – Dessverre ser det ut til at det er blitt endå hardare å vera flyktning enn tidlegare, konstaterer førsteamanuensis Nora Sveaass ved Psykologisk institutt. Saman med dei andre medlemane i FNs underkomité for førebygging av tortur har ho vore på inspeksjon i interneringsleirar for asylsøkjarar både i Mexico, i Nauru i Stillehavet og i Ungarn.
Publisert Sist oppdatert

– Det er rystande å sjå korleis mange land behandlar flyktningar og asylsøkjarar. Det seier førsteamanuensis Nora Sveaass på Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo til Uniforum.

Sveaas er medlem i FNs underkomité for førebygging av tortur. Det siste halvåret har underkomiteen besøkt interneringsleiar for asylsøkjarar både i Mexico, Nauru i Stillehavet og i Ungarn.

– Dessverre ser det ut til at det er blitt endå hardare å vera flyktning enn tidlegare. Mange menneske reiser langt for å koma til eit land der dei ynskjer å søkja om asyl. Men praksis i dag er at personar risikerer å bli sende tilbake til første landet dei kom til etter at dei flykta frå heimlandet sitt., sjølv om dei ikkje opplever det som ein trygg stad å vera. Alle menneske har ikkje rett på asyl, men alle har rett til å søkja om asyl, understrekar Nora Sveaass. Derfor er det så viktig at menneske ikkje blir hindra i å søkja om vern, legg ho til.

Vert oftare sende tilbake etter at Trump blei president

I Mexico, der underkomiteen var i desember 2016, kjem det mange personar som forlet dårlege levekår i Mellom-Amerika med håp om å skapa seg betre liv i USA. – Mange av dei har ikkje pass eller andre legitimasjonspapir i orden. Dette er ofte ein grunn til internering og deretter tilbakesending til heimlandet. Dermed mister mellom andre barna sjansen til å få ei gjenforeining med foreldra i USA.

– Medan dei mindreårige og einslege immigrantane frå Mellom-Amerika fekk lov til å bli gjenforeina med foreldra sine i USA under president Barack Obama, har det blitt mykje vanskelegare etter at president Donald Trump flytta inn i Det kvite huset . No må dei venda tilbake til plassen dei kjem frå i Mellom-Amerika, utan å få møte foreldra sine som ofte allereie bur og arbeider i USA, og for mange sin del, ikkje alltid med legal migrantstatus. Dei yngste, som ofte er mindre barn, må då bu hos slektningar. Før vedtak om retur endeleg avgjort, vert dei plasserte i store interneringsleirar ikkje langt frå grensa til USA, fortel Nora Sveaass.

Ingen land kan nekta besøk frå komiteen

FNs underkomité for førebygging av tortur har mandat til å dra og undersøkja forholda i fengsel, interneringsleirar og politistasjonar på eige initiativ. Statar har ikkje høve til å nekta komiteen å koma på besøk til landet, men dei blir gjort kjent med at komiteen kjem og førebur dette. Men sjølve besøka, og til kva institusjonar komiteen reiser til, blir det ikkje opplyst om til styresmaktene i landet. Når komiteen har skrive ferdig rapporten sin om besøket leverer dei den til styresmaktene i det aktuelle landet som ein konfidensiell rapport, men oppfordrar dei til å publisera den, skriv Uniforum.

Under besøket i Mexico var underkomiteen spesielt opptatt av dette med straffefridom for dei som er ansvarlege for tortur og umenneskeleg behandling

Ifylgje den meksikanske avisa Milenio går det førebels fram av rapporten at det i Mexico er sett i gang etterforsking av 4700 saker med skuldingar om tortur og umenneskeleg behandling. Men dei få personane som er stilte for retten og dømde for desse overgrepa, har fått svært låge straffer.

Under det ti dagar lange besøket i Mexico, besøkte underkomiteen både fengsel, politistasjonar, psykiatriske institusjonar og interneringsleirar. Dei fekk også snakka med fangar i fengsla og flyktningar og migrantar i interneringsleirane.

– Når rapporten vår er ferdig, vil me oppfordra dei meksikanske styresmaktene til å publisera den

– Mexico kan lata vera å gjera jobben

– Kva var det som gjorde sterkast inntrykk på deg under desse besøka?

– Det er ganske dramatisk å sjå kor strengt og kor spartansk immigrantane frå Mellom-Amerika har det i desse leirane. Samtidig er det også Mexico som tar børa med å intervjua dei og spørja dei kvifor dei kjem. Dei alle fleste vil til USA. Så dersom den meksikanske regjeringa blir irritert på Donald Trumps politikk overfor Mexico, kan dei lata vera å gjera denne jobben i Mexico. Det vil USA få merka svært tydeleg, trur Nora Sveaass.

– Deprimerande

Tidlegare har ho saman med underkomité besøkt interneringsleirar for flyktningar og asylsøkjarar på Stillehavsøya Nauru. Dette er båtflyktningar frå Asia som vil søkja asyl i Australia, men blir plukka opp av den australske kystvakta og sende til Nauru. Der hamnar dei i interneringsleirar.

– Det er deprimerande å sjå korleis dei blir haldne innesperra i telt på grus, synest Nora Sveaass.

– Det er i løpet av dei siste åra kome fleire forskingsrapportar som også skildrar konsekvensane både for den fysiske og psykiske helsa av slike opphald, peikar ho på.

– Skal setja alle flyktningar i interneringsleiar

Det siste landet underkomiteen besøkte, var Ungarn. Der var dei i midten av mars.

– Då me kom dit var dei ungarske styresmaktene i ferd med å byggja konteinarhus som skal fungera som flyktningbustader bak piggtrådgjerder i interneringsleirar. Alle asylsøkjarar som kjem til Ungarn skal rett dit utan å ta vegen til opne mottakssenter. Fridomsrøving er blitt meir norma enn unntaket i flyktningpolitikken i alle desse tre landa, konstaterer Nora Sveaass. Ho ser også ein annan klar tendens: – Dei landa som bur nærast landet der flyktningane kjem frå, må ta dei største børene med å ta seg av dei. Det gjeld både Tyrkia, Hellas og Italia. Samtidig gjer andre land i Europa det dei kan for at asylsøkjarane må dra tilbake til det første landet dei kom til, slår ho fast.

Nora Sveaass er heilt sikker på at det vil koma fleire flyktningar frå Afrika i åra som kjem. Det er urolege tider i land som Rwanda, Burundi og Kongo-Brazzaville. – Dei har regime som ikkje vil lata seg endra. Det kan føra til nye flyktningstraumar, trur ho.

– Forskarar må sjå på den globale praksisen

Nora Sveaass trur universiteta kan spela ei rolle på dette området.

– Eg vil oppfordra forskarar og akademikarar til å sjå nærare på den globale praksisen i politikken overfor flyktningane. Framvoksteren av høgrepopulismen i Europa kan ha gjort det meir legitimt å sjå på flyktningane som farlege personar som må behandlast strengt. Diskriminering og utestenging er svært farlege og uetiske tendensar. Høgrepopulistane spelar på terrorfrykt og på framandfrykt for å ta elementære menneskerettar frå folk. Slik styrkjer dei også hatkriminaliteten, trur ho.

Uniforum har skrevet flere artikler om flyktninger:

Journalisten Fabrizio Gatti: Jobber undercover, men liker ikke å kle seg ut

Flyktninger får starte utdanning uten å kunne norsk

Ottersen vil åpne universitetet for flyktninger

Flyktningar får akademisk praksis på UiO