NTNU utan eigne planar mot radikalisering

Men universitetet har reagert på bekymringsmeldingar knytt til enkeltpersonar, ifølge organisasjonsdirektør Ida Munkeby.
Ida Munkeby stadfester at NTNU har reagert på bekymringsmeldingar knytt til enkeltpersonar,
(Foto: KRISTOFFER FURBERG)

Ida Munkeby stadfester at NTNU har reagert på bekymringsmeldingar knytt til enkeltpersonar, Foto: KRISTOFFER FURBERG

– Me møter desse utfordringane primært ved å ha fokus på utvikling av eit godt arbeidsmiljø for alle tilsette, og eit trygt og engasjerande studiemiljø for studentane, seier Munkeby til På Høyden

– Me har òg tett kontakt med politiet og andre relevante instansar.

Munkeby fortel at NTNU har rutinar og retningsliner på plass for å kunna varsla om ulike typar avvik og bekymringar, og for korleis slike varsel skal følgjast opp.

– Dette er med på å skapa ein vaken og merksam kultur, der tillit mellom kollegaer og leiarar er ein viktig faktor, seier ho. Varslingskanalar er også etablert for studentane.

Ho understrekar at universitetet arbeider systematisk med leiarutvikling og arbeidsmiljøutvikling.

– Det er heilt sentralt at leiarar og andre ressurspersonar i vår organisasjon, som verneline og tillitsvalde, er i kontakt med fag- og arbeidsmiljø, slik at me kan vera i stand til å fanga opp signal, seier organisasjonsdirektøren.

LES OGSÅ: UH-sektoren uten eige planverk

Ikkje eige planverk

Noko eige planverk for å førebyggja radikalisering finst likevel ikkje på Noregs største universitet, med over 40 000 studenter.

– Det som kan kategoriserast som planverk for å motverke radikalisering er utforma i samanhang med studentvelferd, seier Munkeby.

– I denne samanhang kan det nemnast at SiT bolig (studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim, journ. anm) har ei prosedyre for å fanga opp mogleg radikaliserte studentar.

Har reagert på bekymringsmeldingar

Munkeby stadfester at NTNU har reagert på bekymringsmeldingar knytt til enkeltpersonar, og fortel at slike meldingar har kome frå både eksternt og internt hald. NTNU har ikkje eige planverk mot radikalisering, men har reagert på bekymringsmeldingar knytt til enkeltpersonar.

– Me møter desse utfordringane primært ved å ha fokus på utvikling av eit godt arbeidsmiljø for alle tilsette, og eit trygt og engasjerande studiemiljø for studentane, seier organisasjonsdirektør Ida Munkeby ved NTNU.

– Me har òg tett kontakt med politiet og andre relevante instansar.

Munkeby fortel at NTNU har rutinar og retningsliner på plass for å kunna varsla om ulike typar avvik og bekymringar, og for korleis slike varsel skal følgjast opp.

– Dette er med på å skapa ein vaken og merksam kultur, der tillit mellom kollegaer og leiarar er ein viktig faktor, seier ho. Varslingskanalar er også etablert for studentane.

Ho understrekar at universitetet arbeider systematisk med leiarutvikling og arbeidsmiljøutvikling.

– Det er heilt sentralt at leiarar og andre ressurspersonar i vår organisasjon, som verneline og tillitsvalde, er i kontakt med fag- og arbeidsmiljø, slik at me kan vera i stand til å fanga opp signal, seier organisasjonsdirektøren.

Ikkje eige planverk

Noko eige planverk for å førebyggja radikalisering finst likevel ikkje på Noregs største universitet, med over 40 000 studenter.

– Det som kan kategoriserast som planverk for å motverke radikalisering er utforma i samanhang med studentvelferd, seier Munkeby.

– I denne samanhang kan det nemnast at SiT bolig (studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim, journ. anm) har ei prosedyre for å fanga opp mogleg radikaliserte studentar.

Har reagert på bekymringsmeldingar

Munkeby stadfester at NTNU har reagert på bekymringsmeldingar knytt til enkeltpersonar, og fortel at slike meldingar har kome frå både eksternt og internt hald.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ingen avklaring om avissamarbeid

NTNU og UiO er ikkje klare for å gå inn i samarbeid om nasjonal universitetsavis. Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen ser igjen mot Khrono og OsloMet.

Vet ikke hvor de skal henvende seg dersom kollegaen fusker

Bare åtte prosent av norske forskere mener de har god kjennskap til hva de skulle gjøre dersom de oppdaget at kollegaen drev med forskningsfusk.

NTNU vil ha to nasjonale aviser

Nasjonalt avissamarbeid står på dagsorden når rektorar frå dei fem største universiteta i Noreg møtes til såkalla U5-møte i Trondheim i dag.

NTNU til topps i omdømmemåling

NTNU topper en ny undersøkelse om utvalgte virksomheter i offentlig sektor.