UiB-rektor vil legge ned På Høyden

UiB-leiinga ønskjer å legge På Høyden-redaksjonen til Khrono, som i dag er eigd av Oslomet. 
Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, er i forhandlingar med Oslomet. UiB-styret skal 31. mai ta opp saka om nedlegging av På Høyden
(Foto: Tore Oksholen)

Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, er i forhandlingar med Oslomet. UiB-styret skal 31. mai ta opp saka om nedlegging av På Høyden Foto: Tore Oksholen

Universitetet i Bergen (UiB), som er eigar av På Høyden, er ifølge avisa i forhandlingar om å bli medeigar i Khrono, som er eigd av Oslomet – Storbyuniversitetet.

Det meste er uklart både når det gjeld eigarstruktur og redaksjonell organisering i eit nytt stor-Khrono, men redaksjonsleiinga vil etter alt å dømme ligge i Oslo.  Ifølgje rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, vil det vere «eit absolutt krav» at det framleis skal vere ein redaksjon i Bergen, som helst skal vere større enn i dag.

LES OGSÅ Redaktør måtte møte på rektors kontor

– Ta nasjonalt ansvar

– Vi ønskjer ønsker å ta større ansvar nasjonalt. Vi er også interessert i å ta vare på studentperspektivet i større grad, seier Olsen.

Etter det På Høyden forstår, er det i dag berre UiB og Oslomet som er i direkte forhandlingar om «nye Khrono». Oslomet gjekk i fjor ut til ei rad institusjonar i Universitets- og høgskolesektoren (UH) med invitasjon til å bli medeigar i Khrono. Dei fleste har takka nei, blant dei NTNU. Nokre er framleis avventande.

Leiinga ved UiB arbeider no med eit saksframlegg om nedlegging av På Høyden til møtet i universitetsstyret 31. mai.

Verken styret eller redaksjonen i På Høyden har blitt tatt med på råd i prosessen, som er eit initiativ frå Oslomet-rektor Curt Rice og Khrono-redaktør Tove Lie.

– Styrke Khrono

På Oslomet er det direktør for avdeling Organisasjon og virksomhetsstyring og tidlegare kommunikasjonssjef, Tore Hansen, som leiar forhandlingane. Han vil ikkje seie noko om samtalane med UiB.

– Vi prøver å finne fleire som er interessert i vere med på å styrke Khrono som et nasjonalt organ for UH-sektoren, seier Hansen.

– Har du tankar om korleis dette skal organiserast, til dømes kor redaktøren skal sitje?

– Vi er i desse dagar i samtalar med dei som er interesserte, og det er difor unaturleg å kommentere innhaldet i desse samtalane no.

Det har ikkje lykkast På Høyden å få kommentar frå rektor ved Oslomet, Curt Rice.

Garanterer lokalt stoff

Dag Rune Olsen seier han vil garantere for at det framleis skal vere ein redaksjon i Bergen som driv kritisk journalistikk på sektoren, men også skriv om UiB lokalt.

– Kan det vere aktuelt å fristille dei tilsette?

– Nei, ingen skal fristillast, ingen fast tilsette skal måtte søke på jobbane sine på nytt. Dette er eit absolutt krav i forhandlingane. Vi vil ha fleire stillingar i Bergen som eit forhandlingskrav.

– Kva tenker du som rektor om verdien av eit redaksjonelt uavhengig organ som På Høyden?

– På Høyden fyller eit rom som er viktig, med lokalt stoff og som debattarena om UiB-forhold.

– Kva tenker du om at ein Bergen kan bli styrt av ein redaktør i Oslo?

– Kanskje kan det bli ei løysing med ein assisterande redaktør i Bergen. Men dette blir eit forhandlingsspørsmål, seier Olsen.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Hun vil flytte 250 mediefolk så nært NTNU som mulig

Når NRK Trøndelag nå skal vurdere hvor de skal holde til i fremtiden står en samlokalisering med NTNU øverst på ønskelisten.

Sliter med å finne noen som kan bygge 250 studentboliger billig nok

Gjøvik: De nye studentboligene lar vente på seg. Et halvt år etter at spaden etter planen skulle stikkes i jorden har Sit fremdeles ikke funnet en entreprenør som er billig nok.

Ytring:

Etter- og videreutdanning ved NTNU

I sin nyttårstale slo statsminister Erna Solberg fast at «ingen i det norske arbeidslivet skal gå ut på dato». Det er tverrpolitisk enighet om å satse mer på etter- og videreutdanning, og NTNU tar utfordringen med å bidra enda mer.  

Rektoren lot industrien bestemme innholdet i ny studie

Arendal: Norsk industri mener et godt samarbeid mellom industri og akademia er nødvendig for å at utdanningene skal være relevante. Samtidig er flere skeptiske til å la industrien diktere for mye.