Vil verne om det norske fagspråket

- Det er viktig å halda det norske fagspråket levande, seier prorektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen, som i morgon innleier på eit møte i Språkrådet om temaet.
Har utdanningsinstitusjonane funne oppskrifta på ein språkleg balansegang mellom norsk og engelsk, spør Språkrådet.
(Foto: Sølvi W. Normannsen)

Har utdanningsinstitusjonane funne oppskrifta på ein språkleg balansegang mellom norsk og engelsk, spør Språkrådet. Foto: Sølvi W. Normannsen

Språkrådet arrangerer eit frukostmøte i Bergen med tema «språkval i akademia», der dei spør om norsk fagspråk ligg på sotteseng.

– Norsk språk og norsk fagterminologi må vedlikehaldast, slær prorektor Margareth Hagen fast til På Høyden.

Margareth Hagen er prorektor ved Universitetet i Bergen. (Foto: UiB)

Margareth Hagen er prorektor ved Universitetet i Bergen. Foto: UiB

 

- Viktig å meistra norsk

I hovudstaden får Oslomet-rektor Curt Rice no kritikk fordi alle vitskapelege stillingar ved universitetet skal lysast ut internasjonalt, og det skal ikkje stillast krav om at dei som vert tilsett skal meistra norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjingstidspunktet. I det omstridde notatet heiter det òg at det for tilsette i forskings- og undervisningsstillingar er viktig med gode kunnskapar i både norsk og engelsk.

Tilsette ved norskseksjonen ved Avdeling for lærarutdanning er blant dei som reagerer. I eit lesarinnlegg i Khrono skriv dei at «språk er en grunnleggende forutsetning for identitet. Språk er en grunnleggende forutsetning for deltakelse. Språk er en grunnleggende forutsetning for læring. Derfor mener vi at det både kulturelt, faglig og pedagogisk er svært viktig at studenter som gjerne vil utdanne seg til å bli profesjonsutøvere i Norge, får utdanningen sin på norsk», skriv På Høyden.

– Ved UiB skal dei som vert tilsett i fast stilling læra seg norsk i løpet av to år. Dette er viktig, og noko som vert følgt opp. Å meistra norsk er naudsynt for å kunne vera ein del av arbeidsplassen og fagmiljøet. Ein skal kunne delta i styringsorgan og medverka i universitetssamfunnet, seier Margareth Hagen.

Vil ha formidling på norsk

Har utdanningsinstitusjonane funne oppskrifta på ein språkleg balansegang mellom norsk og engelsk, spør Språkrådet i omtalen av seminaret. I mange fagmiljø skjer mykje av publiseringa av vitskapelege resultat nærast utelukkande på engelsk.

– Eg meiner ikkje at alle må publisera på norsk, men eg meiner at ein bør. Og det som er særleg viktig at skjer på norsk, er formidling. Det er viktig å halda det norske fagspråket levande, seier Hagen.

– Kva med undervisning, går den føre seg på engelsk på alle nivå?

– Eg trur ikkje at ein underviser så mykje på engelsk ved UiB at det utgjer nokon fare for norsk fagspråk. Noko undervisning på engelsk er det nok på dei fleste nivå. Men engelsk er òg viktig, seier Hagen.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Hun vil flytte 250 mediefolk så nært NTNU som mulig

Når NRK Trøndelag nå skal vurdere hvor de skal holde til i fremtiden står en samlokalisering med NTNU øverst på ønskelisten.

Sliter med å finne noen som kan bygge 250 studentboliger billig nok

Gjøvik: De nye studentboligene lar vente på seg. Et halvt år etter at spaden etter planen skulle stikkes i jorden har Sit fremdeles ikke funnet en entreprenør som er billig nok.

Ytring:

Etter- og videreutdanning ved NTNU

I sin nyttårstale slo statsminister Erna Solberg fast at «ingen i det norske arbeidslivet skal gå ut på dato». Det er tverrpolitisk enighet om å satse mer på etter- og videreutdanning, og NTNU tar utfordringen med å bidra enda mer.  

Rektoren lot industrien bestemme innholdet i ny studie

Arendal: Norsk industri mener et godt samarbeid mellom industri og akademia er nødvendig for å at utdanningene skal være relevante. Samtidig er flere skeptiske til å la industrien diktere for mye.