Likestillingskomitéen:

Håpar å få kartlagt seksuell trakassering etter tjue år

Både i 1996 og i 2007 ba likestillingskomiteen om at seksuell trakassering ved UiB skulle kartleggast. No er håpet at det kan skje i 2018.
Likestillingskomiteen vil kartleggje omfanget av seksuell trakassering ved UiB, men universitetsdirektøren er skeptisk.
(Foto: På Høyden)

Likestillingskomiteen vil kartleggje omfanget av seksuell trakassering ved UiB, men universitetsdirektøren er skeptisk. Foto: På Høyden

«Likestillingskomiteen ønsker med dette brevet å be om at det gjennomføres en kartlegging av seksuell trakassering blant ansatte ved Universitetet i Bergen i løpet av 2018».

Det skriv likestillingskomiteen sin leiar Hege H. Bye i eit brev til universitetsdirektøren sitt kontor.

Det siste halvåret har seksuell trakassering og #metoo vore på agendaen òg i universitets- og høgskulesektoren. Det har kome fram historier om seksuell trakassering òg ved UiB. Men kor stort problemet er? Det veit ein ikkje.

Vil nytta spørjeskjema

– Me veit ikkje om det er ein eller ti prosent av dei tilsette ved UiB som opplever seksuell trakassering, seier Hege H. Bye til På Høyden.

Ho seier at likestillingskomiteen ser for seg eit spørjeskjema som går ut til alle tilsette. Her vil ein kunne svara på om ein har opplevd seksuell trakassering og kva grad av trakassering ein har vorte utsett for. Ein skal sjølvsagt svara anonymt.

– Men samstundes er det mogleg at ein må ha med noko informasjon om dei som svarar, som til dømes stillingskategori eller ved kva eining dei er tilsett. Slik kan ein avdekka om nokre grupper av tilsette er meir utsette for trakassering enn andre, og om det er nokre fakultet eller einingar som har større problem enn andre, seier Bye.

I brevet skriv komiteen at seksuell trakassering er ikkje berre ei arbeidsmiljøutfordring, men òg ei likestillingsutfordring. Kvinner er meir utsett for seksuell trakassering enn menn.

– Det er rimeleg å tenkja seg at seksuell trakassering er problematisk. Men me veit ikkje noko om omfanget. For den som vert utsett for det spelar det inga rolle kor mange andre som opplever dette. Men for institusjonen er det viktig å vita noko om omfanget. Det handlar om kva system og struktur ein har for å handtera problemet, seier Bye.

Ho understrekar at HR-avdelinga allereie etter hennar syn gjer mykje bra, og at ei kartlegging ikkje er ein kritikk av det arbeidet som vert gjort.

– Det kan henda at ei kartlegging viser at dei systema ein har i dag fungerer godt.

– Kva med studentane?

– Dei svarar på spørsmål om mellom anna seksuell trakassering i den store helse- og trivselsundersøkinga for studentar (SHoT).

Skeptisk leiing

I 1996 vart ei arbeidsgruppe sett ned at det dåverande kollegiet, altså universitetsstyret, for å sjå på seksuell trakassering. Gruppa tilrådde mellom anna ei kartlegging. Det same skjedde i 2007, men inga kartlegging vart gjennomført.

Saka er no til handsaming ved universitetsdirektøren sitt kontor. Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm seier at saka vert diskutert i dialog med rektoratet, men at den generelle haldninga er skepsis.

– Det er gjennomført andre kartleggingar, mellom anna i Agder, som gir klare indikasjonar. I tillegg har UHR sett ned eit utval. Kva meir nytte vil me kunne få ut av ei eiga kartlegging, spør Bernstrøm.

– Det er sannsynleg at nokre av dei kartleggingane som er gjort vil vera representativt for oss òg, legg han til.

Bernstrøm seier han meiner at det er viktigare å setja i verk tiltak mot all type trakassering.

– Ei slik kartlegging vil kunne visa om nokre miljø har eit større trakasseringsproblem enn andre?

– No har me arbeid mot trakassering inne i leiarutdanninga vår, og det er arrangert ulike workshops. Me har sett i gang mange ulike tiltak der. Spørsmålet me stiller oss er om ei kartlegging vil tilføra oss ny informasjon, seier Bernstrøm.

Han seier at konklusjon vil verta fatta før sommarferien.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

- Jeg er ikke bekymret for den akademiske friheten ved NTNU

«Universitetsledelsen skal aldri opptre på en måte som fører til selvsensur», slår SU-dekan Marit Reitan fast i dette intervjuet.

Mener NTNUs akademiske frihet blir innskrenket

NTNU får flengende kritikk av Kristian Gundersen for sin håndtering av kontroversen omkring nettstedet Resetts intervju med Øyvind Eikrem. Han får delvis følge av Anine Kierulf. Begge er kritiske til dekan Marit Reitans bruk av begrepet «ytringsansvar.»

Professor leverte bok for sent, ilagt 2250 euro i bot

En tysk psykologiprofessor er ilagt en bot på 2.250 euro for å ha levert tilbake 50 bøker til høyskolens bibliotek for sent. Saken har nå havnet i retten.

Norce-tilsette mistar millionar i pensjon

Ei gruppe tilsette i Norce protester mot den nye pensjonsordninga deira, som eldre arbeidstakarar taper pengar på.