Stortinget vedtok forbod mot Nikab

Sektoren sa nei, men Stortinget sa ja: I alle undervisningssituasjonar vert det no forbode med plagg som dekkar andletet.
Stortinget vedtok forbod mot heildekkande ansiktsplagg. 
        
            (Foto: Ola Sæther/Uniforum)

Stortinget vedtok forbod mot heildekkande ansiktsplagg.  Foto: Ola Sæther/Uniforum

– Dette er eit lovverk me ikkje har behov for, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen til På Høyden.

Tysdag vedtok Stortinget at ansiktdekkande plagg vert forbode i alle undervisningssituasjonar, heilt frå barnehagar til universitet. Forbodet skal òg gjelda introduksjonsprogram og opplæring for innvandrarar.

– Plagg som dekkar andletet er til hinder for god kommunikasjon og samhandling, og eit forbod med plagg som dekkar andletet er avgjerande for eit godt læringsutbytte.

LES OGSÅ: Venstre vannet ut nikab-forbud

LES OGSÅ: NTNU ønsker ikke forbud

Det sa Åshild Bruun-Gundersen (Frp) i debatten i Stortinget. Det var Frp som føreslo endringane i Opplæringslova, og Bruun-Gundersen sa at partiet eigentleg ville gått lenger: Dei ønskjer eit totalforbod mot burka og nikab i det offentlege rom.

Ville handtera lokalt

Frp fekk med seg dei andre regjeringspartia og i tillegg KrF og Arbeiderpartiet. SV, Rødt og MDG røysta mot.

– Skulane og undervisningsinstitusjonane kan handtera dette lokalt der det er eit problem, og bruka dialog som verktøy i staden for lovforbod, sa Mona Fagerås frå SV.

Det er Dag Rune Olsen heilt samd i. Då lovforslaget var ute på høyring var det berre UH-sektoren som var negativ.

– Det kan vera situasjonar, som munnleg eksamen eller møte med pasientar, der plagg som dekkar andletet er uønska eller problematisk. Men dette ville me kunne handtera heilt greitt sjølv, seier Olsen.

– Slik sett lever me godt med lova, ho får ingen konsekvensar for oss.

– Har det vore situasjonar ved UiB der nokon har nytta plagg som dekkar andletet?

– Det har nok vore nokre få saker. Men der har me snakka med personen det gjeld, og det har løyst seg, seier Olsen.

Kvinneundertrykking

I proposisjon 51L vert det vist til Universitets- og høgskulelova. Der heiter det at mellom anna at «styret kan delegere til avdeling eller grunnenhet å gi utfyllende regler om forhold som er særegne for den enkelte eksamen». I proposisjonen heiter det vidare at «departementet har lagt til grunn at dersom institusjonane meiner det er nødvendig av faglege omsyn, kan dei fastsetje eit forbod mot at studentane i undervisnings- eller eksamenssituasjonar bruker plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet deira. Eit slikt forbod må vere nøytralt og ikkjediskriminerande».

Håkon Randgaard Mikalsen er UiB-student, leiar Studentparlamentet og skal frå hausten leia Norsk Studentorganisasjon (NSO). Han er som UiB-rektor Olsen kritisk til Stortinget sitt vedtak.

Til Bergens Tidende seier Mikalsen at forbodet i praksis kan sperra eit fåtal kvinner ute frå høgare utdanning.

– Om ikkje det er kvinneundertrykking så veit ikkje eg, seier han.

Mikalsen seier som Olsen: Det finst situasjonar der plagg som dekkar andletet kan vera ei utfordring.

– Med dagens lovverk hadde kvart enkelt universitet eller høgskule moglegheit til å regulera sjølv. Det fungerte heilt fint.

For ordens skuld: Finlandshette vil òg vera omfatta av forbodet. Lue og hijab vil ikkje.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet. Kommentarer som inneholder lenker må godkjennes manuelt. Det kan derfor ta noe tid før slike kommentarer dukker opp i kommentarfeltet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Norge i front med åpen publisering hos Elsevier

Etter nye forhandlingsrunder har norske forskningsinstitusjoner signert en ny og unik avtale med forlaget Elsevier som gir tilnærmet full åpen tilgang til forskningsartikler innenfor en bærekraftig økonomi.

Inngår ny avtale med Elsevier

Det blir nå mulig for norske forskere å publisere åpent i de aller fleste av forlagets tidsskrifter. Det var Elsevier som tok initiativet til nye forhandlinger, ifølge prorektor Bjarne Foss.

NTNU i tenkeboksen:

Ledere kan bli straffet økonomisk hvis midlertidigheten ikke går ned

NTNU vurderer om det skal svi på pungen for dekaner og instituttledere som ikke lykkes med å redusere antallet midlertidig ansatte.

Vil ha slutt på at lærerstudenter studerer minst

Framtidens lærere er blant dem som bruker minst tid på studiene.