Iselin Nybø forsvarte kampen for Plan S

– Målet vårt er at alle offentleg finansierte vitskaplege artiklar skal vera ope tilgjengelege frå 2024. Det slo forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø fast under den forskingspolitiske konferansen til Forskarforbundet i dag.

Ein offensiv Iselin Nybø forsvarte Plan S då ho talte på den forskingspolitiske konferansen til Forskarforbundet i dag.
Publisert Sist oppdatert

Kritikken mot forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og adminstrerande direktør John-Arne Røttingen frå blant andre Nobelprisvinnar Edvard Moser i Universitetsavisa for å ha støtta Plan S, der målet altså er at all offentleg finansiert forsking skal publiserast i opne kanalar, har ikkje fått statsråden til å snu, skriv Uniforum.

– Mest mogleg synleg og tilgjengeleg

– Forskingspublikasjonane må finansierast gjennom forsking og publisering og ikkje gjennom abonnement. Forskarane må sjølve få velja kvar dei vil publisera, men dei må gjera kunnskap som det offentlege har betalt for, mest mogleg synleg og tilgjengeleg for alle. I dag er mange av dess vitskaplege artiklane bak ein betalingsmur, understreka Iselin Nybø.

Og så heldt ho fram med å kritisera dei som står bak tidsskrifta. – Dei einaste som tener på dette er forlaga. Mektige krefter er avhengige av at dagens system held fram som før. Kommersielle forlag tener stadig meir pengar på eit stadig sterkare publiseringspress, meinte ho.

– Kan føla seg pressa til å stå som medforfattarar

Etter hennar oppfatning vil det gi uheldige fylgjer. – Mange forskarar kan føla seg pressa til å stå som medforfattarar utan at dei har bidrege til den vitskaplege artikkelen, samtidig som nokre brukar ein liten del av ei statistisk endring som grunnlag for ein vitskapleg artikkel, sa Iselin Nybø. For henne var ikkje namnet på tidsskriftet det viktigaste. – Det er kvaliteten på forskingsfunna og tidlegare forsking som skal telja, ikkje i kva vitskapleg tidsskrift artiklane er publiserte i, slo ho fast. Iselin Nybø kom også inn på at det kan vera problem for nokre fagområde. – Me må sjølvsagt finna ut kva fagområde der det er få vitskaplege tidsskrift å publisera i, understreka ho.

– Mange sterke forskingsnasjonar er med

Statsråden stod likevel fast på at initiativet til Plan S for å få all offentleg finansiert forsking til å bli publisert i opne tilgjengelege tidsskrift, absolutt har noko føre seg.

– Det er mange sterke forskingsnasjonar som er med i Plan S. Og eg trur at det arbeidet me gjer, vil føra til at også lukka tidsskrift som Science og Nature vil opna seg. Store aktørar som The Bill & Melinda Gates Foundation og Wellcome Trust støttar dette initiativet, peika ho på.

– Kan vera tøft

Iselin Nybø var også viss på at dei norske interessene ville bli godt tatt vare på i det vidare arbeidet.

– Administrerande direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet leier arbeidsgruppa som skal sjå på korleis det vil vera mogleg å gjennomføra prinsippa i Plan S. Også fleire forskarar er einige med meg i at det er viktig å ha eit ynske om at vitskaplege artiklar er ope tilgjengeleg og ikkje gøymde bak ein betalingsmur. På vegen dit kan det vera tøft, vedgjekk ho.

– Kan skapa uvisse

Iselin Nybø hadde ingen problem med å sjå at Plan S vekkjer negative reaksjonar hos mange. – Plan S kan skapa uvisse hos den som vil publisera i dei beste vitskaplege tidsskrifta. No vert det jobba med å få til gode kompromiss og overgangsordningar, sa Iselin Nybø.

Ordstyrar Aslak Bonde lurte på korleis statsråden trudde det ville bli mindre «fake news» av at alle skulle publisera i opne tilgjengelege tidsskrift.

– Forskarar ynskjer alltid å kunna publisera i tidsskrift med godt ord på seg. Målet er å få dei gode tidsskrifta til å vera med også. Me må endra den måten som vitskaplege artiklar blir publiserte på i dag. Forlaga tar i dag haugevis med pengar frå offentlege løyvingar. Journalistar spør meg om eg har ein Plan B. Svaret mitt er at eg har ein Plan S, svarte ein svært offensiv Iselin Nybø.

I dagens utgåve av Khrono går også UiO-professor Torkel Brekke langt i å forsvara Plan S. Han leidde eit offentleg utval som såg på korleis meir forsking kunne bli publisert i opne tilgjengelege tidsskrift. No angrar han på at utvalet han leidde ikkje gjekk endå meir radikalt til verks i tilrådingane sine.

— Når eg ser debatten no, tenkjer eg at me var altfor forsiktige og lite offensive. Me ville ikkje skapa for harde reaksjonar, og sa til dømes ikkje tydeleg at det norske publiseringsindikatorsystemet må endrast totalt. Me var einige om dette i gruppa, men me la oss litt «nedpå», seier Brekke til Khrono.

Biologiprofessor Kristian Gundersen ved UiO er svært ueinig med Torkel Brekke og svarer slik i eit innlegg i Khrono. «Plan S vil føre til at kontrollen med publiseringen flyttes fra forskerne til sentralistiske systemer kontrollert av forskningsråd, stater og overnasjonale politiske strukturer», skriv Kristian Gundersen.