Professor kjørte drosje for ein halv million på UiOs rekning

Professor Nils Chr. Stenseth har kjørt drosje for over 500 000 kroner både i embets medfør og privat dei siste tre åra. No må han rydda opp. UiO vedgår rutinesvikt.

Taxi på UiOs rekning: Topp-professor Nils Chr. Stenseth kjørte taxi for 512 000 kroner. Han tar fullt ansvar og vil betala tilbake dei private drosjeutgiftene.
Publisert Sist oppdatert

Saken er oppdatert med synspunkt frå Stenseth

Professor  Nils Chr. Stenseth må no betala tilbake til Universitetet i Oslo dei private drosjerekningane han har fått dekka med eit eige taxikort frå Oslo taxi. Ifylgje Stenseths eigne utrekningar, vil det seia rundt 100 000 kroner på tre år. Resten av drosjerekningane på til saman 400 000 kroner meiner Stenseth Universitetet i Oslo må dekka. Det er drosjeturar han har gjort i embets medfør. Ifylgje VG har han drege taxikortet 1300 gonger på to år og åtte månader, skriv Uniforum.

Betalte med taxikort

Det var VG som laurdag kveld publiserte ein artikkel om den uvanlege høge bruken av drosjetransport, som biologiprofessor Nils Chr. Stenseth står bak. Til saman har han altså brukt 500 000 kroner på drosjeturar i løpet av dei siste tre åra. Han har alltid betalt med eit taxikort frå Oslo taxi, som han har fått frå Universitetet i Oslo.

Stenseth var inntil i fjor sommar leiar for eit senter for framifrå forsking; Senter for økologisk og evolusjonær syntese( CEES). Då gjekk han av som leiar, og blei tilsett i ei nyoppretta stilling som supermentor for yngre og talentfulle forskarar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Stenseth har også vore preses for for Det norske vitskapsakademiet, og er medlem både i det russiske, franske og det amerikanske vitskapsakademiet. Han har også æresprofessorat ved ei rekkje utanlandske universitet, mellom anna ved eit universitet i Kina.

Betaler tilbake drosjeturar mellom Frogner og Blindern

I eit intervju med VG forsvarar Nils Chr. Stensteth den utstrekte bruken av drosje med at dei har vore naudsynte i teneste for vitskapen og i teneste for UiO.

– Eg står klart ved alt, og tar det fulle og heile ansvaret for det, seier han til avisa. Han viser til at dei gongene han har vore på utanlandsreise har han som regel tatt drosje mellom heimen på Frogner og Gardermoen.

Når det gjeld alle dei rundt ti minutt lange drosjeturane mellom husværet på Frogner og kontoret i Kristine Bonnevies hus på Blindern, tar han sjølvkritikk på dei, og vil betala tilbake alle drosjeutgiftene UiO har dekt for han på den faste reisa fram og tilbake til jobben, skriv Uniforum

– Rutinesvikt

Universitetsdirektør  Arne Benjaminsen fortel til VG at dei høge drosjerekningane til Stenseth blei oppdaga i juni 2018. Han seier at UiO har ein internkontroll der rekneskapsavdelinga nokre gonger ser ting som dei sjekkar ut. – Her har det skjedd ein rutinesvikt, og den fylgjer me opp, seier Benjaminsen. Overfor VG stadfestar også universitetsdirektøren at Nils Chr. Stenseth ikkje lenger har noko taxikort.

I eit innlegg i Uniforum refsar Stenseth administrasjonen ved UiO.

Stenseth skriv at dersom UiO hadde hatt gode nok kontrollrutiner ville alt som handla om drosjeutlegga hans, ha blitt lagt merke til tidlegare.

– Eg meiner sentraladministrasjonen burde ha åtvara meg minst eit halvt år etter at eg begynte å bruka taxikortet til Oslo taxi, spesielt sidan systemet var så gjennomsiktig.Om dei då hadde fortalt meg at drosjerekningane ikkje kunne ha blitt dekka av universitetet, ville eg likevel ha halde fram med å bruka drosje, men då ville eg ha betalt rekningane frå eiga lomme, skriv han i innlegget.

Han held fram med å skryta over all den støtta han har fått frå Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) som han var leiar for, fram til han gjekk av i fjor sommar.Men han kjem samtidig med massiv kritikk av den manglande støtta han har fått frå sentraladministrasjonen når det gjeld å få støtte til forsking og undervisning, som er to av kjerneoppgåvene til universitetet.

Treng ei forbetring

Han konkluderer med at saka hans viser at sentraladministrasjonen ved UiO treng ei forbetring. Stenseth viser til at UiO har hatt mange dyktige rektorar, men at ingen av dei har klart å gjera sentradministrasjonen betre.

– Mitt råd er: reduser sentraladministrasjonen og overfør ressursane til det nivået der det blir utført forsking og undervisning. På den måten kan Universitetet i Oslo bli endå betre enn det er i dag, skriv han.

Stenseth avsluttar innlegget med å lova å halda fram i stillinga som rådgjevar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, som han omtalar som eit fantastisk fakultet med ei god leiing og ein god fakultetsadministrasjon.

Biologiprofessoren ser også fram til å bruka endå meir av tida si på samarbeidet med institusjonar utanfor Universitetet i Oslo, som Universitetet i Agder, NTNU, Det kinesiske vitskapsakademiet, Beijing Normal University eller Tshinghua University, blant mange andre, varslar han i innlegget som er publisert i Uniforum.