Avklaringa om kven som skal drifte bygg kjem i år

Regjeringa har enno ikkje bestemt seg for om den skal fylgja tilrådinga frå konsulentselskapet Capgemini invent om å overføra eigedomane til dei sjølvforvaltande universiteta til Statsbygg.

Ikkje avgjort enno, seier Monica Mæland, som her står foran den nye elektriske gravemaskina på tomta der Statsbygg er byggherre for livsvitskapsbygningen.
Publisert Sist oppdatert

Det går fram av svaret til kommunal- og moderniseringsmininster Monica Mæland på eit spørsmål frå stortingsrepresentant Nina Sandberg (A), skriv Uniforum.

Svaret frå Mæland er nesten identisk med svaret Uniforum i går fekk frå statssekretær Lars Jacob Hiim (H) i same departement.

– Det er gjennomført ei eiga kartlegging av eigedomsmassen på anna sjølvforvalta areal i staten, her under sjølvforvalta areal i universitets- og høgskulesektoren . Vi tar sikte på å få på plass ei avklaring om framtidig forvaltningsmodell for desse eigedommane i 2020, skriv han i ein epost til Uniforum. 

Det var i april i fjor konsulentselskapet Capgemini invent la fram ein rapport der dei tilrådde at Statsbygg skulle få overta forvaltningsansvaret for eigedomane til dei sjølvforvaltande universiteta, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU i Trondheim, Universitetet i Tromsø og NMBU på Ås.

Lagnaden til Campus Ås er i sluttfasen

Når det gjeld avgjerda om kva som skal skje med dei nye forskingsbygningane til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås, er ei arbeidsgruppe i ferd med å bli ferdige med ein eigen rapport, som er tinga av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Ei arbeidsgruppe er i sluttfasen med å kartlegga konsekvensane av å innlemma Campus Ås i statens husleigeordning. Når rapporten er klar, vil regjeringa ta stilling til framtidig forvaltningsmodell for Campus Ås, står det i svaret frå statssekretær Lars Jacob Hiim.

Tilrådinga vekte motstand

Tilrådinga i rapporten har vekt motstand hos leiinga på dei fem universiteta.

– Vår vurdering er at det vil vera dårleg og ineffektivt, sa universitetsdirektør Arne Benjaminsen ved Universitetet i Oslo til Uniforum før jul på vegner av alle dei aktuelle institusjonane.

Også blant fagforeiningane har tilrådinga vekt harme, og Norsk Tenestemannslag sine lokale foreiningar ved dei aktuelle institusjonane tinga ein ny rapport frå kunnskapssenteret for fagorganiserte De Facto. Den konkluderte i fjor haust med at ei slik omorganisering av eigedomane ville bli både dyrare og mindre formålstenleg enn dagens organisering av eigedomane.

I byrjinga av denne månaden kom det ein rapport frå konsulentselskapet Multiconsult, som det hadde utført på oppdrag frå dei fem sjølvforvaltande universiteta. Konklusjonen var at dei ikkje var nøgde med Statsbygg som byggherre. – Me har ein del dårlege erfaringar med overføringar og ferdigstillingar frå Statsbygg, sa eigedomsdirektør John Skogen ved UiO.

I førre veke tok fem studentleiarar ved dei aktuelle institusjonane i eit debattinnlegg  til orde for at regjjeringa burde skrinleggja desse planane. Dei meiner at det er ein dårleg idé.

Vil ha svar på kva regjeringa vil oppnå

Det er bakgrunnen for at stortingsrepresentant Nina Sandberg frå Arbeidarpartiet denne veka melde inn eit skriftleg spørsmål til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø om kva regjeringa vil oppnå ved ta frå dei sjølvforvaltande institusjonane i universitets- og høgskulesektoren råderetten over sine eigne bygningar. Ho peikar på at ogå regjeringa presenterer bygg som innsatsfaktor på linje med andre ressursar i forsking og høgare utdanning. Samtidig viser ho til åtvaringane både frå leiinga og studentrepresentantar frå desse institusjonane.

Vil ha best mogleg effektiv organisering av forvaltninga av eigedommane til staten

Sidan det var feii å retta dette spørsmålet til Iselin Nybø, fordi det er Kommunal- og moderniseringingsdepartementet som har Statsbygg i sin portefølje, var det kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland som til slutt kom med svaret.

– Det er allereie i dag staten som eig den sjølvforvalta bygningsmassen, ikkje dei enkelte institusjonane, understrekar ho i svaret sitt til Nina Sandberg. Ho trekkjer likevel fram at lokale er ein grunnleggjande innsatsfaktor, som skal leggja til rette for verksemdene sitt arbeid og støtta formålet til verksemdene.

– Saka gjeld derfor ikkje eigarskap til eller råderett over eigedommanne. Det sentrale spørsmålet er korleis staten organiserer eigedomsforvaltninga si mest mogleg effektivt, svarar Monica Mæland.

Statsråden viser til at dette spørsmålet i dag er til vurdering, ikkje berre for universitets- og høgskulesektoren, men for all sjølvforvalta eigedom i statleg, sivil sektor. Mæland trekkjer også inn tilrådinga frå områdegjennomgangen av statleg byggje- og eigedomspolitikk i sivil sektor som blei gjennomført i perioden 2018-2019. Det var Capgemini invent som utførte gjennomgangen, og ei av tilrådingane til konsulentane, var å avvikla modellen med sjølvforvalta eigedom og overføra ansvaret for eigedomsforvaltninga til Statsbygg.

– Regjeringa har ikkje tatt stilling til tilrådinga

 Statsråd Monica Mæland minner også om at ingenting er avgjort.

– Regjeringa har ikkje tatt stilling til tilrådinga frå konsulentane om å avvikla modellen med sjølvforvalta eigedom. Det er avgjerande at me skaffar oss eit godt grunnlag før med tar ei avgjerd. Derfor er det sett i gang eit arbeid for å kartleggja dagens situasjon, slik at me kan sjå på konsekvensane av ei mogleg forvaltningsoverføring. På denne måten dannar me oss eit best mogleg grunnlag for ei framtidig avgjerd, svarar Monica Mæland.