Arbeidsrelevans kan bli ein teljekant i finansieringa av høgare utdanning

Regjeringa skal finna ut om arbeidsrelevans kan bli ein faktor i finansieringssystemet for høgare utdanning. Det vedtok fleirtalet i Stortinget mandag.

– Me har heller ikkje eit fiks ferdig forslag. Derfor ber me regjeringa koma tilbake til Stortinget igjen, sa stortingsrepresentant Marit Arnstad (Sp) i debatten om arbeidsrelevans i Stortinget i dag. (Arkivfoto)
Publisert Sist oppdatert

Etter ein debatt på nærare tre timar kom Kompetanserefoma opp til votering i Stortinget mandag.

Resultatet viste at det var fleirtal for forslaget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet om å be regjeringa leggja fram eit forslag der arbeidsrelevans kan bli ein teljekant i finansieringa av høgare utdanning. Det var også det temaet som tok opp ein stor del av tida i debatten. Men også kor viktig det er å satsa endå meir på fagskulane og etablera fleire nye studieplassar der, blei tatt opp, skriv Uniforum.

– Tok berre telefonar til to rektorar

Stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg frå Arbeidarpartiet var opptatt av at regjeringpartia Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre heile tida var opptekne av å understreka at dei hadde heile universitets- og høgskulesektoren med seg, når dei valde ikkje å støttta det forslaget.

– De seier at det har heile universitets- og høgskulesektoren bak dykk, medan det som de i realiteten har gjort, er å ta ein telefon til rektoren ved Universitetet i Oslo og ein annan telefon til rektoren ved Universitetet i Bergen.

– Arbeidsrelevans tel i Finland og Danmark

Partifellen hans, Nina Sandberg forstod heller ikkje kvifor Høgre var imot forslaget om å lata arbeidsrelevans bli ein faktor i finansieringssystemet.

 – Arbeidsrelevans tel med i finansieringa av universiteta både i Danmark og i Finland. Stein Lier Hansen i NHO-forbundet Norsk Industri rår også til at det blir gjort. Det overraskar meg at Høgre går imot det som også OECD går inn for. Kvifor er dette så vanskeleg å få til i Noreg? spurte ho.

Senterpartiets Marit Arnstad viste til kva målet bak forslaget var:

 – Formålet er å få universiteta og høgskulane til å spela på lag med arbeidslivet, understreka ho.

– Me har heller ikkje eit fiks ferdig forslag. Derfor ber me regjeringa koma tilbake til Stortinget igjen. Arbeidsrelevans er ein faktor i finansieringssystemet. Det er også andre faktorar som må gjennomgåast, slo ho fast.

– Overraskande

Arbeidarpartiets haldning i denne saka blei skarpt kritisert av Mona Fagerås frå Sosialistisk Venstreparti: 

– SV meiner at sektoren skal finansierast av basisfinansieringa. Det er overraskande at Arbeidarpartiet gjekk inn for noko som heile sektoren, inkludert NTL som står Arbeidarpartiet nært, har gått imot, sa Mona Fagerås.

Hans Petter Grøvan frå Kristeleg Folkeparti meinte Arbeidarpartiet burde gjera det same i denne saka som i tidlegare saker som har vore viktige for sektoren. – Då det var snakk om at dei sjølvforvaltande universiteta ikkje lenger skulle eiga eigedomane sine lenger, lytta Arbeidarpartiet til sektoren, minna han om.

– Har behov for fleire legar, sjukepleiarar og lærarar

Leiaren for Stortingets utdannings- og forskingskomité, Roy Steffensen (FrP) forsvarte forslaget om å ta med arbeidsrelevans som ein faktor i finansieringssystemet.

– Undersøkingar viser at Noreg vil ha behov for fleire legar, sjukepleiarar og lærarar i 2035. Og i Finland og Danmark har dei arbeidsrelevans som finansieringsfaktor. Slik vil me gjera studentane meir medvitne når dei søkjer. FrP vil ha eit system som utdannar folk til samfunnet sitt behov, sa Steffensen.

Og Torstein Tvedt Solberg (A) kom også med eit nytt spark til Høgre og saksordførar Mathilde Tybring-Gjedde. 

– Tåkelegginga i denne saka ligg nærast Høyres hus. Eg håpar me får eit nytt finansieringssystem der arbeidsrelevans blir ein faktor, sa han. 

Mathilde Tybring-Gjedde (H) nølte ikkje med å gi han eit kontant svar.

– Den tåkelegginga har vore alle andre stader enn rundt Høyres hus. Eg trur det kan vera vanskeleg å operasjonalisera. Og regjeringa kan også finna ut at det ikkje let seg gjera, trekte ho fram. Og Torstein Tvedt Solberg peika på at det er nettopp det dei vil at regjeringa skal gjera.

– Me presiserer at regjeringa skal ta ein gjennomgang av finansieringa av sektoren, sa han.

Asheim lova oppfylging

Og på slutten av debatten lova forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) at regjeringa ville oppfylla dette ynsket.

– Regjeringa skal fylgja dette opp. Det er klart, sa han.

Under røystinga i Stortinget fekk forslaget frå Ap, Sp og Framstegspartiet fleirtal. Dermed må regjeringa gå gjennom finansieringssystemet og venda tilbake til Stortinget for å visa korleis arbeidsrelevans kan bli ein av teljekantane i eit framtidig finansieringssystem for universiteta og høgskulane, skriv Uniforum.

– Prosessen er slett ikkje kortslutta

Etter at røystinga var over, var Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Nina Sandberg svært nøgd med at forslaget frå partiet hennar, Senterpartiet og Framstegspartiet om å knyta arbeidsrelevans til finansiering av høgare utdanning, fekk fleirtal.

– Eg håpar Asheim etter debatten i dag innser at sektoren og arbeidslivet er meir delt i oppfatninga enn det han har gitt uttrykk for, seier ho til Uniforum i ei sms-melding. Og ho vurderer det som har skjedd på ein positiv måte.

 – Prosessen er slett ikkje kortslutta, den er i oppstarten. Eg ser fram til gode og grundige bidrag frå universiteta og høgskulane når me no endeleg får ein fullstendig gjennomgang av finansieringssystemet, seier Nina Sandberg. Ho ser heller ingen motsetning mellom vedtaket om arbeidrelevans og oppgåvene til universiteteta. 

 – Det å utdanna kandidatar til eit framtidig arbeidsliv har vore ein del samfunnsoppdraga til universiteta, understrekar ho. 

– Dette er politikk

Uniforum tok også kontakt med UiO-rektor Svein Stølen etter at stortingsfleirtalet hadde røysta for å vurdera arbeidsrelevans som ein teljekant i finansieringa av høgare utdanning. 

– Kva er grunnen til at stortingsfleirtalet ikkje ville høyra på innvendingane frå Universitets- og høgskulerådet, UO, Forskarforbundet og NTL, trur du? 

– Dette er politikk. Me er ueinige i sak, svarer Svein Stølen i ein epost til Uniforum. 

– Kva vil UiO gjera no? 

– Argumentera vidare: Me meiner me ikkje berre må akseptera, men også applaudera, at ulike institusjonar i Noreg er ulike. Deretter må me arbeida for at alle får handlingsrom til å utvikla seg vidare. Einsretting er ikkje eitt mål, og ulike roller vil ikkje seia at me lagar A- og B- lag. Me skal til saman dekkja dei behova samfunnet har nasjonalt og regionalt. slår han fast. 

For Svein Stølen er nøkkelen til løysinga utviklingsavtalane mellom institusjonane og Kunnskapsdepartementet. 

 – Løysinga er etter vår meining ein tydeligare og meir medviten bruk av utviklingsavtalane for å fremja ei sterkare arbeidsdeling i norsk forsking og høgare utdanning – der både relevans og kvalitet kan prioriterast i eit systemperspektiv. Akkurat no har fleire parti på Stortinget fremja forslag om at relevans skal prioriterast ytterlegare, sjølv om forslaget er svakt grunngjeve empirisk, synest Svein Stølen.

– Har nedprioritert kvalitet

Han meiner likevel ikkje alt er bra med dagens finansieringssystem. 

– Som me har vist over har me likevel empirisk dekning for å seia at dagens finansieringssystem over tid har nedprioritert kvalitet. Me meiner derfor det er viktig at kvalitet faktisk vert premiert i finansieringssystemet som kjem, og der ei slik prioritering faktisk vil bidra til å videreutvikla mangfaldet av institusjonane i sektoren. Då kan me kanskje både dekkja samfunnet sine behov regionalt og nasjonalt, og bidra godt til den globale kunnskapsallmenningen. Covid-19-pandemien burde vera ei tydeleg påminning om kor viktig det er at at me også deltar på den siste arenaen, minner han om.