Tredoblar innsatsen for truga forskarar

Publisert Sist oppdatert

Universitetet i Oslo vil gi opphald til fire truga forskarar i året, skriv Uniforum. Derfor foreslår universitetsdirektøren å tredobla løyvinga til Scholars at Risk-ordninga.

I dag har Universitetet i Oslo finansiert utgifter til lønn, reise og sosiale utgifter for ein truga forskar i året. Den truga forskaren blir tatt imot gjennom organisasjonen Scholars at Risk. Fagmiljøa er positive til å ta imot fleire forskarar som blir trakasserte eller truga, og Universitetet i Oslo sentralt har kapasitet til å koordinera mottak av fleire.

Difor føreslår universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe at Universitetsstyret den 14. september løyver 3 millionar kroner frå styret sin reserve for 2017 til å ta imot fleire truga forskarar gjennom Scholars at Risk på eitt år lange opphald i 2016/2017. Viss styret fylgjer innstillinga, vil det gi fire truga forskarar høve til å forska trygt, og i fred og ro ved UiO i eitt år.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen synest det er eit viktig oppgåve for universitetet å fremja og hegna om den akademiske fridomen på den måten.

– Akademisk fridom er under press mange stader i verda, og ikkje minst i konfliktområda i Midtausten og no i Tyrkia. Det er vårt ansvar som universitet å hegna om og fremja akademisk fridom. Dette gjer me ved å støtta kollegaene våre gjennom media og akademiske og politiske kanalar, men også ved å tilby ein arbeidsplass for dei som ikkje lenger kan driva den akademiske verksemda si i heimlandet. Det er mange frå Midtausten og Tyrkia som vender seg til oss, og me vil gjerne skapa eit rom for desse her i Noreg, seier Ole Petter Ottersen til Uniforum.