Kritisk til at Bygdeforskning blir til Ruralis

Norsk senter for bygdeforskning har endra namn til Ruralis, og trur det vil slå betre an.

Norsk senter for bygdeforskning var ikkje dekkande for alt det senteret forskar på, seier direktør Harald Lein i Ruralis.
Publisert Sist oppdatert

– Vi har som prinsipp at namn bør vere så enkle som mogleg. Ruralis er døme på eit namn som seier lite eller ingenting om kva verksemda driv med. Det kunne òg vore ein musikkfestival, eit matmerke eller eit rådgivingsorgan, seier Kjetil Aasen, seniorrådgjevar i Språkrådet, til Nynorsk pressekontor. Artikkelen er publisert i Framtida.no

Direktør i det nydøypte Ruralis, Harald Lein, trur namnet vil fungere betre internasjonalt. Dessuten peiker han på at det gamle namnet ikke famnar breitt nok til å fange opp heile fagfeltet.

Kjetil Aasen hos Språkrådet meiner Ruralis er like uforståeleg på engelsk som på norsk og tilrår kontinuitet i namn.

– Det er heilt klart ein trend med denne typen namneendringar i halvstatlege og halvprivatiserte organ. Det verkar som mange vil bort frå dei trauste, men tydelege namna, legg han til.

RURALIS har hovudkontor i Trondheim og eit kontor for utgreiing i Oslo. Styret til Ruralis blir utnemnd av NTNU, NMBU, KS, dei to bondeorganisasjonane og tilsette ved Ruralis.