Lars Lundheim:

Om endring og endringsvilje

Eg er vitskapleg tilsett ved NTNU; eg høyrer til ei gruppe som er kjend for å motsetja seg endring. Det er eit ufortent rykte, skriv Lars Lundheim.

Professor Lars Lundheim: «Eg har brukt ti tusen timar på å læra meg å bruka mine arbeidsreiskapar. Dei viktigaste er kontoret, språket, blyanten, stemma og tavla. Dei kan eg bruka både til å endra kunnskapsfront og menneske».
Publisert Sist oppdatert

Kvifor ser ein cello ut som ein cello? Og ein saksofon som ein saksofon? Det er ikkje tilfeldig at dei er konstruerte som dei er. Svaret er at dei har funne ei form, etter ein del prøving og feiling, som gjer dei eigna for sitt føremål, nemleg å frambringa musikk i hendene på ein dugande utøvar. Instrumentet er musikarens arbeidsreiskap.

Korleis har utøvaren vorte dugande? Jau, ved time etter time å arbeida med instrumentet, verta kjend med det, slik at det til slutt vert oppfatta som ei utviding av utøvarens eigen kropp. Slikt tek tid. Ti tusen timar vert ofte nemnd som innsatsen det krev å "verta god" i noko.

Som tilsette ved eit universitet er me alle utøvarar i ein eller annan forstand, og me har alle våre arbeidsreiskap som me i større og mindre grad har fått høve til å opparbeida oss ein viss dugleik i å bruka.

Eg er vitskapleg tilsett ved NTNU; eg høyrer til ei gruppe som er kjend for å motsetja seg endring. Det er eit ufortent rykte. Endring er faktisk jobben vår. Me er ekspertar i endring. Vår jobb er å endra måten me ser på verda. Det kallast forsking. Kvar gong ein godt kvalitetssikra artikkel vert publisert, har me endra kunnskapsfronten i det globale samfunnet.

Jobben vår er å endra menneske. Det kallas utdanning. Kvar gong ein student opplever meistring og innser at han eller ho no skjønar noko eller får til noko dei ikkje kunne før, har me vore med på hjelpa eit medmenneske i å endra seg - vonleg til det betre.

Kvifor so dette ryktet at me korkje er endringsviljuge eller endringskompetente? Jau, me har det med å protestera når nokon vil endra arbeidsreiskapane vår, det vere seg krittavla eller kontoret. Eg tek mi rolle som endringsagent so alvorleg at eg skrik - høgt - når eg ser at eg står i fare for å få reduserte tilhøve til å gjera ein framifrå innsats.

Eg protesterer like høgt som cellisten ville gjort om ho måtte greia seg med ein fiolin, eller saksofonisten som får utdelt ein trompet. Det er ikkje noko gale med fiolinen eller trompeten, men det er ikkje desse instrumenta cellisten og saksofonisten har brukt ti tusen timar på å verta eitt med.

Eg har brukt ti tusen timar på å læra meg å bruka mine arbeidsreiskapar. Dei viktigaste er kontoret, språket, blyanten, stemma og tavla. Dei kan eg bruka både til å endra kunnskapsfront og menneske. Ja, eg har faktisk kome eit stykke på veg i å bruka datamaskiner, videokamera og andre hjelpemiddel, men ikkje fordi andre har teke frå meg dei gamle reidskapane. Eg endrar konstant arbeidsmåte, prøver å læra meg nye verkty i tillegg til dei eg kan best. Dette gjer eg når eg ser at dei kan hjelpa meg til høgare kvalitet i jobben min: endring!