NTNU-studentar på besøk i Japan

TOKYO: Over 300 NTNU-studentar besøkte Japan rett før påske. – Me har masse å læra av Japan innanfor mellom anna nanoteknologi, seier delegasjonsleiar og kjemiprofessor Bjørn Hafskjold.
NTNU-STUDENTAR I JAPAN: Her er studentane utanfor den norske kafeen Fuglen i Tokyo. På biletet står  Ola Prøis Bergli, Trond Bongard Munkeby, Olav Galteland, Sondre Håbrekke, Ole Skuggevik, Andreas Suorza Sørensen, Joakim Tafjord og Endre Wangen. Sigrid Sløgedal Løvland og Borghild Moe har plassert seg lengst framme. Reiseleiar Anna Ringvold er  nummer tre frå høgre på biletet. Ved sida av henne står kjemiprofessor og delegasjonsleiar Bjørn Hafskjold. Lengst til venstre framme står kona hans, Anne- Donia B. Hafskjold. 
 
        
            (Foto: Martin Toft, Uniforum)

NTNU-STUDENTAR I JAPAN: Her er studentane utanfor den norske kafeen Fuglen i Tokyo. På biletet står  Ola Prøis Bergli, Trond Bongard Munkeby, Olav Galteland, Sondre Håbrekke, Ole Skuggevik, Andreas Suorza Sørensen, Joakim Tafjord og Endre Wangen. Sigrid Sløgedal Løvland og Borghild Moe har plassert seg lengst framme. Reiseleiar Anna Ringvold er  nummer tre frå høgre på biletet. Ved sida av henne står kjemiprofessor og delegasjonsleiar Bjørn Hafskjold. Lengst til venstre framme står kona hans, Anne- Donia B. Hafskjold.   Foto: Martin Toft, Uniforum

Då me treffer studentane og delegasjonsleiar Bjørn Hafskjold på den norske kafeen Fuglen i eit av Tokyos beste strøk, har dei nettopp besøkt Den norske ambassaden og fått ei innføring i forholdet mellom japansk og norsk næringsliv av Michal Louis Berg frå Det norske handelskammeret i Tokyo.

- Japan vann avrøystinga

På kafeen slappar dei 11 studentane av med nykverna kaffi og med musikalsk tonefylgje av Erik Bye. Kjemistudent Anna Ringvold leier reisegruppa til studentane og forklarar gjerne kvifor dei er i Japan.

- Alle studentane på NTNU har ein fagleg ekskursjon som ein del av studiet. Mange reiser til utlandet. I god tid i førevegen røystar me over kvar me skal dra. Denne gongen stod det mellom USA, Japan og Europa. Japan vann overlegent, smiler ho nøgd.

- Og det var heilt sjølvsagt at kjemiprofessor Bjørn Hafskjold skulle vera delegasjonsleiaren vår, legg Anna Ringvold til.

Ho viser til at han både har budd i Japan og drive aktivt forskingssamarbeid med japanarar med støtte frå mellom anna Forskingsrådet.

- Anten elskar du eller hatar Japan

- Ja, det har eg, stadfestar Hafskjold.

- Saman med kona har eg budd her i fleire år. Røynsla vår er at anten elskar du eller hatar Japan. Det er truleg lett å forstå kva kona mi og eg gjer, sidan me vender tilbake kvart år, seier Bjørn Hafskjold.

I veka før påskeferien drog over 300 NTNU-studentar til Japan.

- Det har blitt ein tradisjon, og etter det eg har rekna ut, har over 1000 studentar frå NTNU besøkt Japan i løpet av dei siste fem åra. Håpet mitt er at det skal føra til at dei får auka interesse for Japan, også når dei går ut i næringslivet eller i andre delar av arbeidslivet.

- NSB kan læra av Japan

- Kva kan Noreg læra av Japan?

- Japan er eit svært ordentleg samfunn der alle system verkar godt. NSB og Jernbaneverket kan læra mykje når det gjeld å ha eit jernbanenett som fungerer heilt prikkfritt og som nesten aldri blir råka av forseinkingar. Norsk skule kan læra mykje av korleis japanarane underviser elevane i realfag. Det japanske forskingssystemet er også mellom verdas beste. Dessutan er Noreg og Japan viktige handelspartnarar. Noreg importerer bilar, kamera og anna elektronisk utstyr frå Japan, medan Japan importerer fisk og olje frå Noreg.

- Japan kan læra å ha eit sunnare arbeidsliv

- Og er det noko Japan kan læra av Noreg?

- Dei kan læra mykje av å ha eit sunnare arbeidsliv og ha meir tid til familien. I Japan blir det ikkje tatt omsyn til at barn skal sjå familiefaren. Alle arbeidstakarane føler seg forplikta til å jobba heile dagen og gå ut med arbeidskollegaene etterpå. Det blir lite tid igjen til å vera heime, fortel Bjørn Hafskjold. Han minnest ein anekdote om ein koreanar som var på same forskingsinstitutt for nokre år sidan.

- Då han fekk vita at arbeidsdagen i Noreg offisielt slutta klokka 16.00, utbraut han overraska: «Oh, my God, what are you doing in the evening?»  Faktisk så kan Japan læra mykje om innovasjon- og produktutvikling av Noreg. Arbeidstakarane i Noreg er nemleg ikkje så redde for å gjera feil som japanarane, og difor er det ei meir open haldning til kreativitet. I Japan er både tenkinga og arbeidsmiljøet prega av standardisering, konstaterer Bjørn Hafskjold.

Les også: Fra Japan til NTNU for å lære om likestilling

Ber andre studentar dra til Japan

Anna Ringvold synes opphaldet i Japan har gitt meirsmak.

- Me har blitt tatt godt imot både av japanarar og dei som representerer Noreg i Japan.  Me har allereie besøkt ei avdeling av verdas største fiskeoppdrettsselskap, Marine Harvest. Dei har etablert seg i Narita City like ved den største flyplassen i Tokyo. Og eg oppfordrar alle studentar om å ta seg ein tur til Japan og bli kjent med landet og folket.

På reiseplanen til studentane står også besøk på Tokyo universitet og Doshisha universitet i Kyoto. Ved det sistnemnde universitet skal dei også besøkja bedrifter som er blitt etablerte av universitetsforskarar. Kyoto er også byen der eit felles forskingssymposium mellom NTNU, Doshisha universitet og SINTEF starta. Kyoto International Forum for Environment and Energy (KIFEE) har seinare i år NTNU som vertskap.

Les også: Ser store muligheter for mer Japan-samarbeid

- Japansk er vanskeleg

Bjørn Hafskjold og kona Anne-Donia B. Hafskjold har begge prøvd å læra seg japansk.

- Det er vanskeleg av di tusenvis av kinesiske teikn og to japanske teiknsett gjer det vanskeleg å tileigna seg ord på eiga hand.  Ein er bokstavleg tala analfabet i av di ein ikkje forstår mellom anna skilta som alle er på japansk, peikar ho på.

Trass i at fleirtalet av japanarane ikkje snakkar engelsk, finst det mange studietilbod på engelsk for studentar som vil ta eit lengre opphald i Japan.

- Akkurat no er det fem studentar med bakgrunn frå NTNU som oppheld seg på japanske universitet. Håpet mitt er at endå fleire vil nytta seg av sjansen til å bli kjent med Japan gjennom eit studieopphald her. Det er altfor få utanlandske studentar ved japanske universitet sett i høve til kor viktig økonomisk og vitskapleg stormakt Japan er.

Les om NTNU-student Espen Auseth Ringseth som holdt tale på japansk

Anna Ringvold rår alle andre studentar til å begynna å samla inn pengar til Japantur neste år.

- Dei store studentforeiningane klarer å samla inn nok pengar til å finansiera opphaldet for kvar einaste student. Me andre, som oss bachelorstudentar i kjemi, må bruka pengar frå eige lomme i tillegg. Uansett, så er det verdt det, slår Anna Ringvold fast.

Det er altfor få utanlandske studentar ved japanske universitet sett i høve til kor viktig økonomisk og vitskapleg stormakt Japan er.

Bjørn Hafskjold, dekan
NTNU og Japan:
 
        
            (Foto: Martin Toft, Uniforum)

  Foto: Martin Toft, Uniforum

  • Forskingsmiljøa samarbeider både med Tokyo universitet og Kyoto universitet
  • Samarbeider med The National Institute of Advanced Industrial Science and Technology – AIST
  • NTNU sender årleg fleire hundre studentar på ekskursjon til Japan
  • Japan-programmet: Etablert i 1998 ved Institutt for sosiologi og statsvitskap.
  • I september 2015 er NTNU vertskap for forskingssymposiet Kyoto International Forum for Environment and Energy (KIFEE). Også UiO, UiB, IFE og Sintef deltar i samarbeidet.
UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet. Kommentarer som inneholder lenker må godkjennes manuelt. Det kan derfor ta noe tid før slike kommentarer dukker opp i kommentarfeltet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Godkjenner at ny NTNU-rektor kan ansettes for 5,5 år

Planen er at ny rektor for NTNU skal ansettes tidlig i 2020. Kunnskapsdepartementet godkjenner nå at åremålsperioden kan gå fram til 2025.

Kjøper NTNU TTO sin eierandel i NTNU Accel

Selskapet T:Lab kjøper nå NTNU Technology Transfer sin eierandel i NTNU Accel.

Mener utenlandske ansatte vet for lite om norsk arbeidsliv

En utenlandsk ansatt var i Norge i nesten ni år før han fikk vite at det var mulig å søke om lønnsopprykk.

En av fire forskere med innvandrerbakgrunn opplever diskriminering

En ny rapport viser at hver fjerde forsker med innvandrerbakgrunn opplever diskriminering og manglende inkludering. Hver tiende kvinne - uansett bakgrunn- rapporterer om seksuell trakassering.