Klagenemnd vil gå i dialog med klagande universitetet

Universiteta er kritiske til at klageinstansen Felles klagenemnd gir for mykje innsyn i sakene deira. Før jul inviterte nemnda til oppvaskmøte, og universiteta har no fått lovnad om ein ekstra, oppklarande runde i nokre saker.

Marianne Klausen leiar Felles klagenemnd. No vil ho gå i dialog med universiteta for å sikre at dei får fram argumenta sine i innsynssaker.
Publisert Sist oppdatert

Det har blåst rundt klageorganet Felles klagenemnd etter at dei har pålagt norske universitet å gi innsyn i fleire saker institusjonane har ønska å halde hemmelege, skriv På Høyden.

Korleis arbeidsmiljøet er rundt på ulike institutt og fakultet var altfor sensitivt til at ein kunne gi innsyn i det, meinte universiteta, og heldt tilbake i resultata i bransjeundersøkinga om arbeidsmiljø, trass i at den overordna klagenemnda hadde gitt dei ordre om å levere ut rapportane.

I juni 2018 fekk På Høyden innsyn i fleire varslingssaker om seksuell trakassering, inkludert namna på dei tilsette det var varsla om. Det fann Universitetet i Bergen så provoserande at dei sende eit brev til Kunnskapsdepartementet, der dei klart ga uttrykk for at dei ikkje hadde tillit til Felles klagenemnd: «Med denne siste avgjørelsen mener UiB at departementet ikke lenger kan la nemda avgjøre klagesaker etter den modell som i dag praktiseres. Avgjørelsene fremstår i flere tilfeller som overraskende og vilkårlig i forhold vår rettsoppfatning og praksis vi kjenner til.»

Tre månader seinare snudde UiB-rektor Dag Rune Olsen, og sa at formuleringa var uheldig.

Vil sende saker i retur

No har Felles klagenemnd arrangert eit oppklaringsmøte, der dei såkalla BOTT-universiteta UiB, UiO, NTNU og UiT deltok.

– Vi hadde ein konstruktiv dialog. Institusjonane opplever at deira synspunkt ikkje alltid blir høyrde. Vi har tatt nokre rundar internt, og sett på korleis vi kan sikre at vi har forstått argumentasjonen til institusjonane, fortel nemndleiar Marianne Klausen, som til dagleg er advokat og partner i firmaet Føyen Torkildsen.

Eit vilkår for møtet var at ein ikkje skulle gå inn i einskildsaker, inkludert dei sakene som institusjonane har vore kritiske til. Men Klausen opnar for ei praksisendring i sakshandsaminga:

– Vi kjem i nokre saker til å snu dei, og sende dei tilbake til institusjonane, seier ho til På Høyden.

Bakgrunnen for dette tiltaket er at klagenemnda opplever at institusjonane i ein del saker er for uklare i grunngjevingane for korfor dei meiner at opplysningar må vere unntatt frå offentleg innsyn.

– Særleg i varslingssakene ser vi at det kan vere naudsynt å gå ein ny runde med institusjonen, slik at dei kan konkretisere kva dei meiner, seier Klausen.

LES OGSÅ: Svært få studenter blir vurdert som uskikkede

Vanskeleg med offentleglov

I møtet sa institusjonane at dei var bekymra over handsaminga av personopplysningane til studentar og tilsette, og dei ønskjer at nemnda skal vektleggje personvernomsyn meir når dei gjer den skjønnsmessige vurderinga. Dei meiner og at offentleglova gjer det vanskelegare for dei å jobbe konstruktivt med arbeidsmiljøet, som i varslingssaker om seksuell trakassering, går det fram av referatet frå møtet.

Men kritikken frå UiB og andre om at dei juridiske vurderingane til Felles klagenemnd ikkje er innanfor gjeldande rett er Klausen ikkje einig i.

– Eg opplever at våre avgjerdsler har vore i tråd med det som følgjer av juss og praksis på området. Men det som har vore litt spesielt i 2018 er at Felles klagenemnd har fått inn mange begjæringar om innsyn i varslingssaker, som vi har vurdert at det skal gjevast eit større innsyn i enn institusjonane meiner, seier ho.

Individ mot ålmenta

For klagenemnda er det eit viktig poeng at ein må vurdere omsynet til einskildindivida og interessene til ålmenta opp mot kvarandre. Balansen mellom dei ulike omsyna er meir krevjande i varslingssaker enn i andre saker. Fleire av institusjonane har vore meir opptekne av å verne sine eigne tilsette.

– Eg opplever at institusjonane har ein meir restriktiv tolking enn det lova og rettspraksis gir dekning for. Dei har i større grad enn det lova opnar for vore opptekne av personvern til den einskilde. Det er kanskje ikkje så rart i og med at det har vore eit stort fokus på personvernspørsmål i samband med implementeringa av nye personvernreglar, seier Klausen.

Det følgjer av EUs nye personvernforordning at ein må ha lovleg grunnlag for å levere ut personopplysningar. Men det er sikra i artikkel 86 i personvernforordninga (GDPR-direktivet). Personopplysningar i offentlege dokument kan utleverast i samsvar med den nasjonale retten til medlemsstatane. 

– Men er det i tråd med god forvaltningsskikk å sende saker tilbake til institusjonane slik at dei kan betre argumenta sine?

– Vi sender ikkje sakene tilbake for at dei skal kunne finne betre argument, men for at saka skal bli tilstrekkeleg opplyst der vi meiner det er naudsynt. Framgangsmåten kan òg stadfeste vår vurdering av at argumenta ikkje gjev tilstrekkeleg grunnlag for å unnta den aktuelle opplysningen. seier Klausen.

Ho opnar òg for å møte representantar for pressa, for å høyre deira syn i innsynssakene, slik dei no har gjort med institusjonane. Det er særleg Forskerforum, VG og På Høyden som har vore ivrige med å sende innsynssaker til Felles klagenemnd.

Nemnda har løpande kontakt med Kunnskapsdepartementet, og så langt har Klausen ikkje fått signal om at departementet er misnøgde med avgjerdene til nemnda.

– Eg synest nemnda har gjort ein veldig god jobb. Det ligg i saka sin natur at vi som klageinstans vil kunne ha ei anna vurdering av ei innsynssak og at vi kjem til å vere ueinige med institusjonane i einskilde saker.

Vil skilje ut innsynssaker

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ved UiB var ein av direktørane som deltok på møtet. Han har ikkje sett referatet frå møtet, og vil difor ikkje kommentere innhaldet.

– Det var ein premiss for møtet var at ein ikkje skulle gå inn på einskildsaker. Vi aksepterer avgjerdsler frå klagenemnda, men vi er ueinige i ein del av dei, seier Bernstrøm til På Høyden.

Han fortel at UiB har spelt inn til Kunnskapsdepartementet at Felles klagenemnd burde vore sett saman på ein annan måte. I dag har nemnda sju medlemmer, og to av dei er studentar.

– Det er stor skilnad på studiesaker og andre saker. Vi har spelt inn at ein burde ha delt nemnda i innsynssaker, seier Bernstrøm.

Det hadde gitt ein samansetning med ein større del fagjuristar i handsaminga av innsynssaker.

NTNU har vore sterkt ueinig med Felles klagenemnd i saka om innsyn i arbeidsmiljøundersøkingane i sektoren, som NTNU står bak. Organisasjonsdirektør Ida Munkeby ved NTNU var med på møtet, men vil ikkje kommentere det før ho har sett referatet, og institusjonane har snakka saman.

Rekna med anna utfall

Universitetsdirektør Jørgen Fossland representerte UiT i møtet. Det arktiske universitetet har hatt to saker som har blitt omgjortde oppe i nemnda. UiT har tatt nemnda si avgjerdsle til etterretning i begge sakene, og det har ikkje vore kontakt mellom UiT og nemnda om dette.

– På møtet tok vi opp nokre av bekymringane universiteta i fellesskap har hatt. Det har vore saker til handsaming hos klagenemnda som har fått eit anna utfall enn det universiteta hadde rekna med. UiT har vore overraska over ein del av avgjerdslene som gjeld andre universitet, og vi har sett det som ønskeleg å vere i dialog med nemnda saman med dei andre fordi vi ser på fleire av sakene som prinsipielt viktige, seier Fossland.

Han vil ikkje kommentere møtet ytterlegare før han har vore i kontakt med dei andre deltakarane.

Ueinige i skikkasaker

Felles klagenemnd handsamar både klager på manglande innsyn og saker om studentar er skikka til å gå på ulike utdanningar som fører dei i kontakt med pasientar, barn og unge. Også her er institusjonane kritiske til at klagenemnda som overordna klageorgan omgjer avgjerdene til institusjonane, mellom anna ved å korte ned perioden ein student er utestengd frå eit studium. Dei ønskjer òg å ha eit møte med klagenemnda om dette.

Men ein fersk dom frå Bergen tingrett peikar mot at både institusjonane og klagenemnda kan vere for strenge når dei grip inn i livet til studentar ved å avslutte studieløpet deira: Ei kvinneleg lektorstudent som hadde ein narkotikadom frå 2013 var likevel skikka grunna endringar som ho dei seinare åra har gjort i livet sitt, meinte retten.

LES OGSÅ: Mener Felles klagenemnd gir for kort utestengelse i skikkethetssaker