NSO åtvarar mot å finansiera livslang læring frå potten til universitet og høgskular

Norsk studentorganisasjon fryktar at dei føreslegne endringane for å leggja til rette for livslang læring, kan gå utover både Lånekassen og finansieringa av universitet og høgskular. Prorektor Gro Bjørnerud Mo ved UiO har sans for forslaget om endringar i Lånekassen.

NEGATIVT: – Utvalet føreslår endringar som kan påverka heilskapen negativt, dette gjeld tilbod til Lånekassen, og finansieringa av all verksemd ved universitet og høgskular,, seier NSO-leiar Håkon Randgaard Mikalsen i ein kommentar til innhaldet i rapporten om livslang læring frå Markussen-utvalet. (Arkivfoto)
Publisert Sist oppdatert

Det var i går Markussen-utvalet la fram utgreiinga si om korleis Noreg bør satsa på livslang læring. Utvalet, som er leidd av seniorforskar Simen Markussen  ved Frischsenteret på UiO, føreslår både meir fleksible reglar i Lånekassen og ei årleg tildeling på mellom 700 og 800 millionar kroner til ei satsing på å auka kompetansen til folk både i og utanfor arbeidslivet. Ein del av pengane skal takast frå basisløvyinga til universitet og høgskular.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

LES OGSÅ: Bevilger millioner til videreutdanning

– Kan påverka heilskapen negativt

Leiaren for Norsk studentorganisasjon Håkon Randgaard Mikalsen er svært kritisk til endringane som blir føreslegne:

– Me ser at utvalet i sitt forsøk på å leggja til rette for livslang læring kjem med endringar som påverkar meir enn berre livslang læring. Utvalet føreslår endringar som kan påverka heilskapen negativt, dette gjeld tilbod til Lånekassen, og finansieringa av all verksemd ved universitet og høgskular. NSO saknar ei heilskapstenking, seier Håkon Randgaard Mikalsen i ei pressemelding.

Han viser til at utvalet har føreslått fleire endringar i Statens lånekasse sine studiestøtteordningar. Mellom anna kjem utvalet med eit framlegg om at det skal tilbydast eit tilleggslån på 80 000 kroner til studentar over 30 år fordi støttenivået er for lågt. Det kjem også med eit framlegg om å fjerna den nyleg vedtatte gradskonverteringa, men berre for studentar over 35 år og å endra grensa på støtte på åtte år til eit gjeldstak på 6,5 gonger grunnbeløpet i Folketrygda (G).

– For låg for alle studentar

 – Studiestøtta er for låg for alle studentar. Det kan sjå ut som omgrepet livslang læring, i fylgje Markussen-utvalet , berre skal gjelda frå du har fylt 30 år. Me reknar med at Nybø vil vurdera desse forslaga opp imot det heilskaplege oppdraget til Lånekassen, og ikkje berre basert på det som det er behov for med tanke på etter- og vidareutdanning, seier Mikalsen.

– Naivt

Norsk studentorganisasjon fryktar også konsekvensane av å ta 200 millionar frå potten til universitet og høgskular for å finansiera ein del av satsinga på livslang læring.

– Me synest det er rart utvalet vil kutta 200 millioner frå basisløyvinga og samtidig seier at livslang læring ikkje vil erstatta grunnutdanninga. Det kan drastisk utfordra institusjonene sine moglegheiter til å levera studietilbod av høg kvalitet, slik studentar og samfunn reknar med at institusjonane skal gjera, meiner Mikalsen.

NSO er også kritisk til at utvalet opnar for at instiusjonane skal ta betaling for å bruka om igjen innhald frå gratistilbodet sitt. 

– Det er naivt av utvalet å tru at dette forslaget ikkje utholar gratisprinsippet, seier NSO-leiaren.

– Rapporten tangerer UiOs arbeid med ny strategi

Prorektor Gro Bjørnerud Mo synest rapporten frå Markussen-utvalet har gripe tak i store uløyste utfordringar i samband med livslang læring.

– Me er glade for at Markussen-utvalget har sett på spørsmål knytte til organisering og finansiering av livslang læring. Dette er store uløyste utfordringar som det hastar å finna gode løysingar på gitt behovet for læring heile livet, skriv Gro Bjørnerud Mo i ein epost til Uniforum.

Etter hennar meining har rapporten ein del til felles med UiOs Strategi 2030.

– Rapporten tangerer UiOs arbeid med ny strategi, og me ser fram til å setja oss inn i utvalet sine analysar og tilrådingar. Me har ikkje rekt å lesa rapporten enno, men har sans for forslaget om å endra studiefinansieringa frå Lånekassen for å gjera det enklare for vaksne å videreutdana seg. Me er elles skeptiske til å ta av basisløyvinga for å finansiera kostnadene for det som i realiteten er ei stor ny satsing, understrekar Gro Bjørnerud Mo.

– Viktig steg framover

Den statlege institusjonen Kompetanse Noreg er svært positiv til endringane Markussen-utvalet kjem med framlegg om.

– Utgreiinga er eit viktig steg framover for å sikra at alle kan læra helie livet, seier Gina Lund, direktør for Kompetanse Noreg. Ho trur at det kan gi eit løft for etter- og vidareutdanning.

– Skal me lykkast i at alle lærer heile livet, er Kompetanse Noreg opptatt av at det må verta endå gjevare å læra noko nytt. Fleire må få tilbod og høve til å ta utdanning, delta i opplæring, og få fagleg påfyll, utan at kostnadene for den enkelte, eller for små- og mellomstore bedrifter blir for store. Me gler oss til å bruka tid til å sjå nærmare på rapporten og det utvalet føreslår, sieer Gina Lund i ei pressemelding.

LES OGSÅ: NTNU har kuttet 170 millioner kroner
LES OGSÅ: Mener lav nynorskandel vitner om slapp holdning fra NTNU-ledelsen
LES OGSÅ: Mer enn 63.000 mus registrert som forsøksdyr