Realistar slit med å få jobb

Stadig fleire med master i realfag, som matematikk fysikk og kjemi, får seg ikkje relevant arbeid. Det går betre for ingeniørar og teknologar.

Tallenes tale. Matematikarar er mellom dei som slit mest med å skaffe seg jobb, viser ferske tal frå Nifu.
Publisert Sist oppdatert

Nye tal viser at 16 prosent var arbeidsledige eit halvt år etter eksamen. Det er over dobbelt så høgt som gjennomsnittet blant alle mastergradskandidatane.

- Dette er ei utvikling som eg er uroa for. Vi er heilt avhengige av fleire kloke hoder med kompetanse innanfor realfag når vi skal finne løysingar for framtida, blant anna innanfor klima. Nærast alt som er bygd av menneske er mogleg på grunn av kunnskap innan realfag, seier forsknings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ei pressemelding.

Tala kjem fram i Kandidatundersøkelsen 2019 som Nordisk institutt for studium av innovasjon, forskning og utdanning Nifu har laga. 4000 personar med mastergrad som fullførte utdanninga si våren 2019 har svart på undersøkinga. Den måler korleis dei nyutdanna vurderer utdanninga si og korleis det har gått med dei på arbeidsmarknaden.

Ingeniørar og teknologar meir ettertrakta

Ei undersøking blant arbeidsgjevarane som NIFU utførte i fjor viste at 35 prosent av verksemdene særleg ønsker å tilsette fleire masterkandidatar frå teknologi og ingeniørfaga dei nærmaste åra. Tilsvarande tall for realistar og naturvitarar er berre sju prosent.

Trass dette blir det årleg uteksaminert fleire realistar enn teknologar på masternivå. I 2019 blei det utdanna 1290 realistar mot 916 teknologar.

Fleire realistar utan arbeid

Sjølv om arbeidsløysa for høgt utdanna har vore låg i Noreg, har den for realistane auka jamt sidan 2007. Samstundes har arbeidslivet sjølv argumentert for å auke talet på studieplassar innan realfag. I 2019 var arbeidsløysa nesten 7 prosentpoeng høgare enn for humanistane, som tradisjonelt har hatt vanskar med å få relevant arbeid.

- Hadde det vore eit enkelt svar på kvifor arbeidsløysa blant realistane stig, så ville det vore enklare å gjere noko med det. Men vi veit rett og slett ikkje kva det skuldast, så det må vi sjå nærmare på, seier Asheim.

Verre å få jobb som innvandrar

Innan studium som matematikk, kjemi og fysikk er studentar med innvandrarbakgrunn overrepresentert. I undersøkinga er innvandrarar definert som dei som er fødd i utlandet og som har foreldre som også er fødd utanfor Noreg.

Undersøkinga syner at arbeidsløysa hos innvandrarar med mastergrad innanfor realfag er 18 prosentpoeng høgare enn for dei som er fødd i Noreg. Gode norskkunnskapar hjelper, men framleis er skilnaden stor.