Kina slår ned på akademisk uavhengighet:

- Tar opp akademisk fridom med kinesiske forskarar

UiO-rektor Svein Stølen seier at akademisk fridom er eit tema som dei også diskuterer med kinesiske forskarar når det er naturleg.

Fugleperspektiv. UiO-rektor Svein Stølen er opptatt av sin rolle som relasjonsbygger nå han følger egne forskere på reise i utlandet. - Forskere behøver velsignelse fra oven, sier han.
Publisert Sist oppdatert

Det var i går Uniforum skreiv om at tre kinesiske toppuniversitet, mellom andre Fudan University i Shanghai, har fått beskjed om å fjerna tankefridom frå kjerneverdiane sine. Dei skal i staden ta inn ein tekst der det står at universitetet «skal rusta opp tankane til lærarar og studentar ved å bruka Xi Jinpings sosialistiske ideologi med sine karakteristikkar av Kina i ein ny era». Det meldte The Guardian, igår, som brukte nyhendebyrået Reuters og Twitter som kjelder.

Det var det kinesiske utdanningsdepartementet som denne veka kunngjjorde at dei tre universiteta Fudan Universty i Shanghai, Shaanxi Normal og Nanjing hadde fylgd pålegget frå styresmaktene og fjerna tankefridom frå kjerneverdiane sine.

På det sosiale mediet Weibo, har mange kommentert at dette tyder på at Det kinesiske kommunistpartiet vil utvida kontrollen over universiteta. For i eit anna tillegg heiter det at «partikomiteen er kjernen til universitetet.» Pålegget førte til at 25 studentar brukte lunsjpausen sin til å syngja strofen frå universitetssongen som hyller tankefridomen. Samtidig la dei ut ein video av hendinga på Twitter.

Akademisk fridom grunnleggjande

Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo var i Kina i april 2018 og har stadig kontakt med forskarar og universitetsleiarar frå Kina. Han reagerer slik på pålegget dei kinesiske styresmaktene har gitt universiteta i landet.

– Akademisk fridom er for meg som akademikar eit heilt grunnlegggande prinsipp - og for oss som universitet eit heilt grunnleggjande prinsipp - eit prinsipp me også legg til grunn i vårt arbeidet vårt opp mot kinesiske forskarar - et tema me også diskuterer med dei kinesiske kollegaene våre når det er naturleg, svarer han Uniforum i ein epost.

LES OGSÅ Stølen: relasjonsbygger, ikke politiker

Samtidig trekkjer han fram samarbeidet UiO har med forskarar i Kina.

– Me har godt samarbeid med mange kinesiske forskarar og universitet - det er viktig for oss, fordi me saman skal utvikla forsking og nye løysingar på sentrale område som til dømes i miljø og klima og berekraftige løysingar, seier Stølen.

– Me skal også arbeida saman om å utdanna studentar, legg han til.

– Sikrar truverd

UiO-rektor Svein Stølen meiner at akademisk fridom er eit prinsipp som dei må stå på for heile tida.

– Me må kontinuerleg kjempa for akademisk fridom der forskarar fritt kan stilla spørsmål, fritt kan velja metode og fritt kan presentera resultata sine utan å risikera represaliar. Akademisk fridom og institusjonell autonomi sikrar truverd til forskingsresultat og mangfald i forståing og perspektiv. Dette er me tydelege på overfor alle me møter, understrekar Svein Stølen.

Fudan University er eit av dei universiteta som nordiske universitet samarbeider mest med i Kina. Der har dei også eit eige nordisk senter som ein del av universitetet. No er det altså eitt av dei tre universiteta som har fjerna tankefridom frå kjerneverdiane sine etter pålegg frå dei kinesiske styresmaktene. Samtidig viser det seg at Fudan University snart skal oppretta sin første campus utanfor Kina i Budapest. Byen der Central European University, stifta av George Soros, for kort tid sidan blei tvungen til å forlata, og dermed måtte flytta til Wien.

– Må vera tydelege forsvararar

For Svein Stølen inneber det at heile Europa må saman om å forsvara den akademiske fridomen og den institusjonelle autonomien til universiteta.

– Det er ei dreiing i enkelte land i EU bort frå EU - mer mot autoritær tankegang. Det vert innføry system som bryt med liberale demokratiske ideal. Dette ser me skjer i til dømes Ungarn og Polen. Me må i Europa stå saman om dei verdiane som sikrar det liberale demokratiet vårt, og eg meiner at resten av Europa inkludert Brussel må vera tydelege forsvararar av den akademiske fridomen og den institusjonelle autonomien til universiteta, også når og om universitet frå andre delar av verda etablerer seg på kontinentet vårt, peikar han på.

– Akademisk fridom er påkravd for truverdig forsking

Fudan University er nummer 109 på Times Higher Educations rangering over verdas beste universitet. Andre kinesiske universitet, som …. gjer det endå betre og er med mellom dei 25 beste universiteta i verda. Rangeringane legg vekt på siteringar, talet på nobelprisar og talet på publikasjonar i vitskaplege tidsskrift med godt ord på seg når dei bestemmer plasseringane til universiteta. Eit anna kriterium er forholdet mellom talet på studentar og talet på vitskaplege tilsette.

– Kva vil fjerning av tankefridom frå kjerneverdiane til kinesiske universitet få å seia for bruken av graden av akademisk fridom som eit kriterium i universitetsrangeringane? Bør ikkje det vera eit kjernekriterium, slik at land som tykkjer det er ein prestisje for dei å ha universitet med høgt oppe på desse rangeringane, også må etterleva prinsippet om akademisk fridom for universiteta sine?

– Akademisk fridom er påkravd for truverdig forsking. Det hadde vore fint om rangeringane hadde lagt vekt på dette i ei tid med press mot akademiske institusjonar over store delar av verda, synest Svein Stølen.