Ytring:

NTNU i Israel: Etiske retningslinjer til pynt

Publisert Sist oppdatert

På seinvåren vart det annonsert at olje- og energiminister Tord Lien besøker Israel i september. Forskarar frå NTNU er med på lasset etter invitasjon frå Regjeringa, som ønsker eit samarbeid mellom NTNU og israelske forskingsmiljø om petroleumsforsking. Medan campusa tømtest og studentane gjekk inn i sommarferien, har debatten gått i offentleigheita.

Vi meiner at NTNU må styre unna eit slikt samarbeid med den israelske okkupasjonsmakta. Med god hjelp utanfrå er Israel i dag ein notorisk folkerettsbrytar. Sidan krigen i 1967 har Israel okkupert både den palestinske Vestbreidda og dei syriske Golanhøgdene. På Golanhøgdene har ein påvist moglege petroleumsførekomstar. Området er rekna som okkupert gjennom ei rekkje resolusjonar i både FNs tryggingsråd og generalforsamling. Det er derfor heva over ei kvar tvil at området er ulovleg okkupert. I følge internasjonal rett har okkupanten òg ei rekkje plikter. Ein skal mellom anna ikkje plyndre ut naturressursar frå okkuperte område. Ei kvar form for israelsk petroleumsverksemd på Golanhøgdene er derfor å rekne som eit grovt brot på internasjonal rett.

Det tiltenkte samarbeidet legg i tillegg opp til ei kompetanseheving som vil gjere ulovleg utvinning mykje enklare for Israel. Fram til no har israelske forskarar vore skeptiske til fleire av prosjekta og hevda at dei ikkje vil vere lønsame. Dette kan endre seg om ein tar i bruk det beste av norsk kompetanse på feltet. I praksis er det nettopp slike typar ymse samarbeid som gjer Israel i stand til å halde fram med brotsverka sine.

Frå Egil Tjåland, leiar ved Institutt for petroleumsteknologi og geofysikk, kjem det generelle utsagn som at ein «skiller mellom politikk og forskning i denne saken» (Universitetsavisa 9. juni), samt eit ureflektert «jeg forholder meg til deres [OED] vurderinger om politiske forhold i de land som vi inviteres til å delta i» som grunngjeving på kvifor NTNU har sagt ja til Olje- og energidepartementet sin invitasjon (Klassekampen 11. juli).

På bloggen sin (14. juni) prøver NTNUs rektor, Gunnar Bovim, å få seg ryggdekning for initiativet ved å spore debatten inn på ei skinne som gjer han til ei sak om akademisk boikott av Israel eller ikkje. Som kjent har NTNUs styre eit einstemmig negativt vedtak om dette frå 2009. Men det konkrete i saka handlar ikkje om akademisk boikott. I denne saka vil samarbeid innebere eit brot med forskingsetiske retningslinjer uavhengig av kva ein elles måtte meine om akademisk boikott av Israel.

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane sine etiske retningslinjer slår tydeleg fast at «forskningen har et selvstendig [vår utheving] ansvar for egen rolle i samfunnsutviklingen». Vidare i retningslinjene kan ein òg lese at «forskningen må ikke være innrettet slik at den kommer i konflikt med demokratisk utvikling eller internasjonale konvensjoner som skal trygge fred.»

Meiner Bovim og Tjåland at forskingssamarbeid som opnar for at ei okkupasjonsmakt kan plyndre ut naturressursar frå okkupert jord, er i samsvar med «konvensjoner som skal trygge fred»? Rett nok meiner tydelegvis Olje- og energidepartementet at situasjonen er forsvarleg, utan at dei er sjølvsagte autoritetar på spørsmål om etikk, folkerett og menneskerettar. Men fritar det NTNU frå å gjere eigne sjølvstendige etiske vurderingar?

NTNU si verksemd kan kokast ned til ideen om at forskinga skal vere fri. Men fri forsking kjem med vilkår. Dei ansvarsfråskrivande syna til Tjåland og Bovim vitnar om usjølvstende, og dei ber i seg førestillingar om at forsking er noko som føregår i eit apolitisk vakuum. Ved å ukritisk følgje Regjeringas flagg og deira interesser, hoppar både Bovim og Tjåland bukk over dei etiske vilkåra som ideen om fri forsking verkar innanfor. Med omsyn til ei forsking som er både etisk og fri, bør det derfor aldri bli noko av det tiltenkte samarbeidet så lenge prosjektet openbert kan brukast til grove brotsverk mot menneskerettar og internasjonal lov.