Ytring:

Eg tenkjer, altso bur eg

Kontoret er staden eg bur som akademikar. Det er basen eg vender attende til etter prosjektarbeid med studentar i Koopen og møte med kollegaer, skriv Lars Magne Lundheim i dette innlegget.
Lars Magne Lundheim er professor ved Institutt for elektroniske systemer.
(Foto: Kristoffer Furberg)

Lars Magne Lundheim er professor ved Institutt for elektroniske systemer. Foto: Kristoffer Furberg

Det finst visstnok folk som tenkjer med hovudet. Eg meiner, berre med hovudet. Visstnok.

Eg tenkjer med heile meg. Eg tenkjer med hendene.  Og augo, når tanken tek ein sving innom notatblokka eller tavla eller, som nett no, PC-skjermen.

Og eg tenkjer med føtene og heile kroppen når eg forlet kontoret for å ta ein tur bortom biblioteket. Då hender det eg snur, fordi eit svar på det eg lurer på dukkar opp i tanken før eg er framme. Eller eit nytt spørsmål. Attende på kontoret gjeng eg til ei av hyllene og tek fram den brune boka, av Tuteur, med gullskrift på ryggen, som eg fekk innbunde i 1988, då ho heldt på å detta frå kvarandre etter fleire års  bruk. Der, på side 33, ovanfor kaffiflekken som kom i den heftige diskusjonen eg hadde med Tor i 1992, stend formelen. Slik var det, ja. Skreiv eg ikkje om det i ein artikkel sjølv, ein gong? Eller var det i ei førelesing? Her må eg stola på kroppen. Han hugsar. Den permen. Der, ja. Lenger opp, og til høgre. Ja, det var det året eg skreiv notatar med svart og blå tusj. Blått til teksten og svart til figurane.

Eg høyrer steg i korridoren. Det er Thomas. Berre han gjeng på den måten.  – Thomas, kom hit! Det var ikkje konvolusjon likevel! Thomas kjem inn og gjeng rett til tavla mi, der me noterte i lag i går. Me held fram der me slapp. Eg med Tuteur i handa, Thomas i ferd med å tyda dei vanskapte kråketærne mine på tavla.

Kontoret er staden eg bur som akademikar. Det er basen eg vender attende til etter prosjektarbeid med studentar i Koopen og møte med kollegaer. Her kan eg tenkja, ikkje berre kontoret, men med kontoret. Tankane sit i veggane – bokstaveleg tala. I kaffiflekkar og assosiasjonsmønster som har avleira seg i permar og arkivskap – ja, eg har arkivskap på kontoret. To.

Men all denne informasjonen kunne vel ha vore lagra virtuelt? Digitalt? I skya, som det heiter? Ja, informasjonen er i seg sjølv immateriell, men ikkje tanken. Tanken er dynamisk, levande, biologisk og rett so materiell. I kropp, ganglag, kritstøv. Kall meg gjerne kritnisse, kontorrotte, papirtiger. Eg er nemleg eit fysisk menneske.

På kontoret bur akademikaren, her bur tanken. Cogito ergo habito. Eller omvendt.

Følg UA på  FacebookTwitter  og  Instagram.

Her kan du lese flere ytringer.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Gjestekommentaren:

«Å glemme krever altså arbeid»

Hva er innovasjon? Vi forstår mer om vi kikker nærmere på termodynamikkens mekanismer, argumenterer pinsehelgens gjestekommentator, som etterlyser et «Thermodynamics of Innovations.»

Universiteter som foretak: Motstanden brer seg

I et opprop går Forskerforbundet ut mot Regjeringens åpning for å innføre foretaksmodellen ved landets universiteter og høgskoler. De er ikke alene om å markere motstand.

Ytring:

Forskerforbundet sier nei til foretaksmodell

Forskerforbundet, både nasjonalt og ved NTNU, går imot en organisering av universiteter og høyskoler som foretak.

Mener regjeringen legger regningen på studentene

Med revidert statsbudsjett kom også økte kostnadsrammer og tilskudd til bygging av studentboliger. Men leder Thomas K. Eriksen i Velferdstinget mener det i praksis vil bli dyrere for studentene.