Ytring:

Berre eit straumbrot

Gravemaskin kutter elektrisiteten. Kven kan hjelpe? Sei det. Les hjartesukket etter siste straumbrot.
«Gravemaskin skadet strømledning»: Og strømmen gikk. (ill.bilde)
(Foto: Solveig Mikkelsen)

«Gravemaskin skadet strømledning»: Og strømmen gikk. (ill.bilde) Foto: Solveig Mikkelsen

19.03.18: Klokka er rundt halv tre. Lyset går. PC-en sloknar. Folk stimar ut i vrimlearealet. Kva skjer? Tenk om vi hadde fått kokt kaffe før staumen gjekk. Mobilar søkjer ulike nettstadar: "Gravemaskin skada straumledning på Gløshaugen." Klokka tre kjem lyset att. PC-skjermane på mange kontor er framleis mørke. Sikringane til stikkontaktene brukar å gå når det blir straumbrot. Det skjer kvar gong. Nokon kontaktar e-vaktmester. Får eit referansenummer som svar. Arbeidsdagen snart slutt. Å skrive neste dags jobbliste med kulepenn på gul-lapp går fint. Går heim.

20.03.18: Framleis svart PC-skjerm. Nokon ringer til vaktmester. Det trengst sårt ein person med rett nøkkel til sikringsskåpet. Å slå på att sikringen ville vera gjort på ein blunk. Det har skjedd mange gonger før. Alltid etter straumbrot. Forresten, møterommet er utan straum og. Nokon ringer til vaktmester. Kommunikasjonsavdelinga melder om at både straumnettet og datanettet var oppe att etter ein halv time i går. Ikkje PC-ane våre. Møte. Lunsj. Heldigvis verkar kontaktene til kaffetraktaren og vasskokaren. Eg må inn på PC-en min før neste møte. Nei - ikkje det, nei.

Ingen telefonforbindelse heller utan PC, men privatmobilen virkar. Eg slær opp på NTNU sine internsider, finn nummeret til vaktmester som har ansvaret for bygget eg sit i. Ringer. Feil nummer, får eg vite. Ikkje så godt for meg å forstå, når nummeret eg ringde står som kontaktnummeret på NTNU sine internsider. Fyren i telefonen er triveleg. Lovar å ringe til rett nummer for meg. Eg veit ikkje kven som er rette vedkomande. Den er visst gøymt bak eit nummer. Rett nummer. For dei innvidde. Men vi treng berre å få kontakt med ein person som kan kan slå på att sikringen. Det ville ta ein liten augneblink, dersom hen har med rett nøkkel til sikringsskåpet. Eg kunne ha gjort det sjølv, dersom nokon kunne ha lånt meg nøkkel til sikringsskåpet.  Møte klokka to til fire, men ingen nøkkelperson er sett enno.

21.03.18: Fridag. Herleg! Samvitet gjer likevel at eg sponsar NTNU med privat PC, privat nett, og privat fritid for å svara på nokre epostar som "måtte" svarast på i går.

22.03.18: PC-ane virkar att. Nøkkelpersonen kom på ettermiddagen i går, berre to døgn etter straumbrotet. Lykkelegvis virkar min PC og. Uregelmessigheter i straumtilførsla brukar å forårsaka hardvaretrøbbel i PC-en min. Det har skjedd fleire gonger før. Men heldigvis ikkje i dag, for IT-seksjonen har visst flytta til Sluppen. Sentralisering av tenester i store einingar gjev ein robust og effektiv organisasjon, har eg høyrt. Vi var ikkje så robuste på HiST. Sukk!

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Hun vil flytte 250 mediefolk så nært NTNU som mulig

Når NRK Trøndelag nå skal vurdere hvor de skal holde til i fremtiden står en samlokalisering med NTNU øverst på ønskelisten.

Sliter med å finne noen som kan bygge 250 studentboliger billig nok

Gjøvik: De nye studentboligene lar vente på seg. Et halvt år etter at spaden etter planen skulle stikkes i jorden har Sit fremdeles ikke funnet en entreprenør som er billig nok.

Ytring:

Etter- og videreutdanning ved NTNU

I sin nyttårstale slo statsminister Erna Solberg fast at «ingen i det norske arbeidslivet skal gå ut på dato». Det er tverrpolitisk enighet om å satse mer på etter- og videreutdanning, og NTNU tar utfordringen med å bidra enda mer.  

Rektoren lot industrien bestemme innholdet i ny studie

Arendal: Norsk industri mener et godt samarbeid mellom industri og akademia er nødvendig for å at utdanningene skal være relevante. Samtidig er flere skeptiske til å la industrien diktere for mye.