Ytring:

Forskarforbundet bør gi Langeland advokathjelp

«Forskarforbundet må forklara kvifor foreininga ikkje vil betala advokatutgiftene til Nils Rune Langeland når han går til sak mot arbeidsgjevaren sin Universitetet i Stavanger for å ha sagt han opp.»
- Det er ikkje for seint å snu i denne saka, skriv redaktør Martin Toft i denne kommentaren.
(Foto: Ola Sæther, Uniforum)

- Det er ikkje for seint å snu i denne saka, skriv redaktør Martin Toft i denne kommentaren. Foto: Ola Sæther, Uniforum

Det skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i ein leiar i Uniforum.

Forskarforbundet vil ikkje betala advokatutgiftene til Nils Rune Langeland når han i desember går til sak mot staten i Oslo tingrett etter at han er blitt sagt opp frå stillinga som historieprofessor ved Universitetet i Stavanger. Men Forskarforbundet nektar overfor Forskerforum å koma med noka forklaring på kvifor dei ikkje vil dekkja rekningane til Nils Rune Langelands advokat Kjell Brygfjeld. Generalsekretær Hilde Gunn Avløyp vil berre svara at dette er ei sak mellom forbundet og medlemen, i dette tilfellet Nils Rune Langeland.

Me meiner at dette er for dårleg av Forskarforbundet. Både medlemar og andre har rett til å få vita grunnen til at fagforeininga ikkje vil finansiera advokatutgiftene til Nils Rune Langeland, medan det har gjort det med andre medlemar som har saksøkt arbeidsgjevaren, til dømes den tidlegare historieprofessoren ved UiO, Arnved Nedkvitne.  Den gongen dekte Forskarforbundet advokatutgiftene både i tingretten og i lagmannsretten, trass i protestar frå fleire av medlemane.

Også det var ei kontroversiell sak for Forskarforbundet, så difor er det på sin plass at  Nils Rune Langeland også får dekt advokatutgiftene sine av fagforeininga som han er medlem av. Universitetet i Stavanger sa opp Nils Rune Langeland rundt juletider i 2017 etter at han møtte opp i sterk bakrus på jobben i oktober i fjor. Arbeidsgjevaren meiner at det  var dropen som fekk begeret til å renna over, etter at han også hadde vist upassande oppførsel i rusa tilstand på faglege tenestereiser i utlandet i løpet av ein periode på rundt åtte år. Desse episodane hadde han fått skriftleg åtvaring for frå før.  Alkoholproblema var så store at han og arbeidsgjevaren hadde utarbeidt ein Akanavtale, som inneber at alkoholmisbruket hans skulle fylgjast opp.

Det var likevel ikkje denne oppførselen til Nils Rune Langeland som har vekt mest merksemd. Det er dei meldingane med seksuelt innhald han sende til fleire kvinnelege studentar på Facebook i fjor sommar. Ingen av dei var hans studentar eller studentar ved Universitetet i Stavanger. Desse meldingane var heller ikkje grunngjevinga som Universitetet i Stavanger gav opp, då dei sa han opp. Det blei forklart med alkoholmisbruken hans. 

Uansett kva som blir resultatet av rettssaka, er det ingen tvil om at Nils Rune Langeland har oppført seg både ufint og dumt, både mot kollegar og dei omtalte kvinnelege studentane.  Når han no har valt å gå til sak mot arbeidsgjevaren Universitetet i Stavanger, så er det viktig at alle sider av saka blir tatt opp. Då er det viktig at også han får ein advokat som kan gjera ein god jobb for han. Det er heilt opplagt at inntekta til ein oppsagt professor ikkje vil strekkja til for å kunna betala desse advokatutgiftene. Derfor oppfattar me det som rett og rimeleg at Forskarforbundet ser reint prinsipielt på saka og tar på seg desse utgiftene. Om dei likevel ikkje ynskjer det, må fagforeininga i alle fall gi medlemane sine ei forklaring. Elles kan det føra til at andre medlemar nøler med å gå til sak mot arbeidsgjevar i framtida, også når det handlar om moglege andre brot på rettane til arbeidstakarane.

Det er altså inga skam å snu for Forskarforbundet i denne saka.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ser frem til å jobbe med utviklingen av Norges første private universitet

Jens Barland går fra Institutt for design ved NTNU på Gjøvik til Høyskolen Kristiania.

UiO ønsker egnethetstest for medisinstudiet:

Flere er skeptiske til å basere opptaket på egnethetstest

Universitetet i Oslo ønsker å basere deler av opptaket til medisinstudiet på en test. Det har kommet inn 20 høringssvar til forslaget, flere er skeptiske.

Strykprosenten falt fra 30 til 0 med ny studiemetode

På juss- og fysikk-kursene hos Nord universitet Stjørdal har strykprosenten gått ned etter at de har innført en ny studiemetode. – Virker interessant, sier Ela Sjølie, førsteamanuensis hos Eksperter i team, NTNU.

Utvekslingsstudent anklager veileder ved NTNU for langvarig trakassering

Student fra Kina påstår å ha blitt møtt av diskriminerende spørsmål under veiledningsmøter.