Ytring:

Om endring i låneordninga for studentar: - Vi er ikkje perfekte

«At regjeringa ser sitt snitt til å spare inn 256,4 millionar kroner på ei gruppe i samfunnet som lever under fattigdomsgrensa er skammeleg,» skriv sentralstyremedlem i NSO, Gjermund Kvernmo Langset, i denne ytringen.
Regjeringas forslag om å endre konverteringordninga for lån og stipend legg ein ekstra belastning på dei studentane som treng det minst, skriv NSOs Gjermund Kvernmo Langset.
(Foto: KRISTOFFER FURBERG)

Regjeringas forslag om å endre konverteringordninga for lån og stipend legg ein ekstra belastning på dei studentane som treng det minst, skriv NSOs Gjermund Kvernmo Langset. Foto: KRISTOFFER FURBERG

Nokre av oss er finn seg godt til rette når vi byrjar å studere, nokre av oss slit med å finne sin plass. Nokre av oss får økonomisk stønad frå foreldra våre, nokre av oss har ikkje foreldre med den moglegheita. Nokre av oss fekk god rettleiing når vi skulle velje studie, nokre av oss fekk ikkje det. Nokre av oss er friske, men ikkje alle. Vi er ulike, men vi fortener å få dei same moglegheitene.

Regjeringa foreslår i sitt statsbudsjett å gjere endringar på konverteringsordninga for lån og stipend til studentar. I dag får ein alt som studielån, og så vert 40 prosent omgjort til stipend dersom ein består alle planlagde studiepoeng per semester, medan 60 prosent er studielån. Regjeringa ynskjer å endre dette slik at ein berre får 25 prosent for fullførte studiepoeng og dei resterande 15 prosent når ein har fullført ein grad. Bakgrunnen er at ein ynskjer å auke gjennomføringsgraden i høgare utdanning.

Formålet med utdanningsstøtte i Noreg er å sikre like moglegheiter til utdanning uavhengig av geografiske forhald, alder, kjønn, funksjonsdyktigheit, økonomiske og sosiale forhald. Forslaget frå regjeringa går direkte imot dette. Det tek ikkje omsyn til grunnen for at ein ikkje fullfører.

Som Studentane si helse- og trivselsundersøking (SHoT) viste, slit alt for mange studentar med einsemd og psykiske plager, andre opplever sjukdom og endringar i sin private situasjon. Eller så valte ein rett og slett feil studie og ynskjer å bytte. Alle desse tilfella vert det ikkje tatt omsyn til, og studenten vert sitjande igjen med rekninga. Det same gjeld om ein ynskjer å ta eit årsstudium for å auke kompetansen på eit område, då må ein betale meir, da dette ikkje er definert som ein grad.

Forslaget legg ekstra belastning på dei av oss som treng det minst. Forslaget legg til grunn at alle som skal søke høgare utdanning veit nøyaktig kva dei ynskjer å studere. Forslaget hindrar mange moglegheiter for tverrfaglegheit og kompetanseheving. Forslaget aukar terskelen for å ta utdanning. Dette er feil retning å ta.

Vi må anerkjenne all kompetanseheving, ikkje berre den som leier til ein grad. Vi må anerkjenne at ikkje alle vel rett utdanning på fyste forsøk. Og vi må anerkjenne at studentar er mennesker som alle andre. Det kan skje uforutsette ting som gjer at vi ikkje kan fullføre graden vår.

Det vi treng er ei investering i studiekvalitet, læringsmiljø og tilrettelegging, som gjer at fleire av oss har moglegheiten til å fullføre. At regjeringa ser sitt snitt til å spare inn 256,4 millionar kroner på ei gruppe i samfunnet som lever under fattigdomsgrensa er skammeleg. Vi studentar er ikkje perfekte, men vi fortener like moglegheiter.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

37 ansatte ved Oslomet sier de har blitt utsatt for seksuell trakassering

37 ansatte ved Oslomet har blitt utsatt for seksuell trakassering ved OsloMet de siste tolv månedene, går det fram av universitetets medarbeiderundersøkelse.

NTNUs jentesatsning inspirerer andre nordiske universiteter

Universitetene Chalmers og Aalto har begge kopiert NTNUs satsninger for å lokke flere jenter til teknologifag. – Jeg ble veldig inspirert av Jenteprosjektet Ada, sier finske Marja Niemi.

GDPR og forskning:

- Dette er en forskningsvennlig reform

Norsk senter for forskningsdata omtaler GDPR som en forskningsvennlig reform, selv om den fører med seg noen strengere krav til norske forskere.

Nybø mener det er opp til universitetene å vurdere om det skal være lærerutdanning i distriktene

Under onsdagens muntlige spørretime i Stortinget ble statsråd Iselin Nybø konfrontert med den ventede lærermangelen i norsk skole.