Ytring:

Eit dårleg forslag er eit dårleg forslag

Marianne Synnes prøvar i eitt desperat forsøk å ta studentane i skule på feilaktig retorikk, men ror seg berre lengre vekk frå verkelegheita, og tek i enkelte tilfelle heilt feil.

Langseths første innlegg

Synnes 'svarinnlegg

Enkelte av premissane Synnes legg i saka gir slett ikkje meining. Når ho refererer til at berre 6 av 10 fullfører ein grad, unnlet ho å nemne at det er snakk om 66 prosent, så det er nærare 7 av 10. Ho unnlet og å nemnte at det slett ikkje er 34 prosent som fell ifrå høgare utdanning, mange bytar studieretning. Det kan vere studentar som har gått eitt par år med sosiologi, før dei fullfører ein grad i statsvitskap. Det kan vere studentar som byrjar på organisasjonspsykologi, men fullførar ei profesjonsutdanning. Eller ein matematikkstudent som fullfører som lektor.

Synnes utelet også å fortelje at det finns lite ny forsking på fråfall i høgare utdanning i Noreg. Elisabeth Hovdhaugen er ein av få som har forska på dette, og om regjeringa sitt forslag har ho uttalt at det truleg berre vil premiere dei som uansett hadde fullført sin påbegynte grad.

Forslaget er eitt skritt i feil retning med omsyn til reforma om livslang læring, fordi det gjer det dyrare å ta kortare utdanningsmodular. Dette bidreg til å gjere systemet mindre fleksibelt, og er i realiteten eitt økonomisk motargument til for eksempel ein lærarstudent, som ynskjer seg undervisningskompetanse i ei ny faggruppe. Noko vi i realiteten burde oppfordre til.

Det vert og påstått at studentar ikkje toler at det vert stilt krav. Ein skivebom. Vi ber om at det vert stilt fleire krav, men at dette må vere i fagleg samanheng ved institusjonen. Der studentar i dag vert tekne opp til høgare utdanning, for så å verte overlatne til seg sjølv fram til eksamen, det er ei mykje større utfordring. Regjeringa burde fortsette det gode arbeidet knytt til kvalitetsmeldinga for høgare utdanning og mentorordning for studentar. Og dermed sørga for betre oppfølging av studentane frå dag en ved studiet. Kan det kanskje tenkast at det er andre grunnar en økonomi som gjer at studentar fell frå?

Harald Åge Sæthre, som leiar arbeidet i prosjektet «Kompetansedeling for studenters suksess i høyere utdanning», har blant anna ved sitt arbeid på Universitetet i Bergen vist kva slags betydning dette kan ha på studentane sin moglegheit til å lykkast i høgare utdanning, noko som openbart heng saman med fråfall og gjennomføring.

Det er riktig som Synnes skriv, at regjeringa har vidareført, og sett i gong gode tiltak. Det er vi glade for, og har vore med på å feire. Men at ein har gjort bra ting, gjer ikkje dette forslaget betre. Eitt dårleg forslag, er eitt dårleg forslag. Det er og eitt paradoks at Iselin Nybø sjølv har uttalt at studentane ikkje kjem til å merke forslaget, korleis skal det då ha ei effekt på fråfallet?

Synnes spør retorisk om det ikkje er like vanskeleg å produsere studiepoeng, som å nytte desse studiepoenga i ein grad. Og der er svaret klart nei. Eitt studiepoeng krev i følgje Universitets- og høgskulerådet og ECTS skalaen 25-30 timar arbeid. Ein bachelorgrad krev 4500-5400 timar. Det er ein betydeleg forskjell.

Og ein skal ikkje leite veldig mykje i bakgrunnen til regjeringsmedlemmer før ein finn gode samlingar av ikkje fullførte gradar, årsstudium og tilfeldige samansetningar av enkeltemner. Ein treng visst ikkje fullførte gradar for å styre landet, men ein må ha det for å få støtte frå staten.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

37 ansatte ved Oslomet sier de har blitt utsatt for seksuell trakassering

37 ansatte ved Oslomet har blitt utsatt for seksuell trakassering ved OsloMet de siste tolv månedene, går det fram av universitetets medarbeiderundersøkelse.

NTNUs jentesatsning inspirerer andre nordiske universiteter

Universitetene Chalmers og Aalto har begge kopiert NTNUs satsninger for å lokke flere jenter til teknologifag. – Jeg ble veldig inspirert av Jenteprosjektet Ada, sier finske Marja Niemi.

GDPR og forskning:

- Dette er en forskningsvennlig reform

Norsk senter for forskningsdata omtaler GDPR som en forskningsvennlig reform, selv om den fører med seg noen strengere krav til norske forskere.

Nybø mener det er opp til universitetene å vurdere om det skal være lærerutdanning i distriktene

Under onsdagens muntlige spørretime i Stortinget ble statsråd Iselin Nybø konfrontert med den ventede lærermangelen i norsk skole.