Ytring:

Eksamen: Form, innhald og funksjon

«Det skjer mykje bra på utdanningssida ved NTNU. Men når det gjeld eksamen, har me starta i feil ende,» skriv Lars Lundheim i denne ytringa. Lundheim er ein av NTNUs 9 meritterte undervisarar.
- DTU ligg langt framfor NTNU i å byggja ein kultur der vurderingsformer har ein konstruktiv funksjon i den enkelte student si læring, skriv Lars Lundheim.
(Foto: Kristoffer Furberg)

- DTU ligg langt framfor NTNU i å byggja ein kultur der vurderingsformer har ein konstruktiv funksjon i den enkelte student si læring, skriv Lars Lundheim. Foto: Kristoffer Furberg

Fredag for ei veke sidan deltok eg på eit seminar ved Danmarks tekniske universitet (DTU). Temaet var "Hvordan sikrer vi, at eksamen ikke er spild af tid?". Då eg fekk invitasjonen for nokre veker sidan, var eg fyrst skeptisk. Å unngå "spild af tid" kan vera å bruka mindre tid på noko me helst ikkje vil bruka tid på, eller ein kan ynskja å bruka tida slik at det vert verd bryet.

LES OG: Lundheim ein av 9 meritterte undervisarar

Eit  seminar om endå fleire digitale verkty for å spara administrative ressursar før, under og etter ein eksamenssituasjon freista ikkje. Eg fekk likevel hint om at det var den andre forståinga våre danske kollegaer hadde i tankane.

Det viste seg at samlinga slett ikkje var "spild af tid" for min del. Invitert hovudtalar var David Boud frå Australia, ein internasjonal kapasitet på nettopp vurderingsordningar. Sentralt hos Boud, som og prega dei andre innlegga, er at vurderingsformene våre skal understøtta studentane si læring. Måten dette kan gjerast på kan vera so ymse. Om det vert gjort skriftleg eller munnleg, digitalt eller analogt er underordna.

Eitt poeng er at me ved vurderingane våre kommuniserer til studentane kva me, som undervisarar, ser på som viktig. Samsvarer det me slik kommuniserer med kva som faktisk er viktig? Eller avspeglar vurderingane våre heller kva som er lettast og mest effektivt å gjennomføra?

Denne problemstillinga fekk meg til å tenkja på kva vår universitetsleiing kommuniserer til oss undervisarar om kva som er viktig når me skal vurdera studentane.

Sjølv tenkjer eg meg at ein eksamen eller anna type prøve har ei form, eit innhald og ein funksjon. Funksjonen er det sentrale. På kva måte skal vurderinga støtta studentens læring (formativt) og på kva måte skal resultatet uttrykka noko om kandidatens kompetanse (summativt). Innhaldet og forma er det so opp til oss å velja. Kva kommuniserer NTNU til oss? Jau, det viktige er form. Skriftleg eksamen skal vera digital. I alle fall er det no kome som krav på det fakultetet eg tilhøyrer. På seminaret ved DTU vart, etter det eg hugsar, ordet digital ikkje nemnt ein einaste gong. Fokus var på eksamenen sin funksjon, ikkje på forma.

Digitale vurderingsverkty aukar vårt tilfang av mogelege former som me kan ta i bruk i vår tilbakemelding til studentane. Og det er bra. Det er bra fordi den som har som mål å auka læringskvaliteten då har eit større register å spela på. Og det er viktig. Det som faktisk skjer når universitetsleiinga pålegg at vurderinga skal vera digital er å innskrenka dette registeret. Ein let form få trumfa både innhald og funksjon.

Etter seminaret tenkte eg at eg måtte lesa meg opp på korleis NTNU sjølv argumenterer for denne omveltinga. Denne finn eg her. Eit avsnitt på tre liner er avsett til kvalitet. Resten av teksten handlar om effektivisering av administrative prosessar. Kronargumentet kjem mot slutten under overskrifta Modernisering. Her les me "Det offentlig [sic] Norge, samfunnet og ikke minst studenter og ansatte forventer at digitale hjelpemiddel tas i bruk i utdanningssektoren."

Tenk det. Omverda foreventar at me brukar ei viss type hjelpemiddel som avgrensar mogelege eksamensformer. Då bør me challenge Noreg, challenge samfunnet, challenge studentar og tilsette! Fordi: Både samfunnet og studentane våre fortener det beste. Dei fortener at me set prioriterer kvalitet, og vel form og innhald deretter. Dette signaliserer DTU til sine tilsette, og det skulle eg ynskja var signalet frå vår leiing og.

Er ynskjer ikkje å vera negativ. I dei snart 20 åra eg har vore tilsett ved NTNU har det skjedd mykje positivt når det gjeld kvalitet og nytenking i utdanning, og den noverande leiinga fremjar det tydelegare og betre enn nokon gong. Men me er enno ikkje der me bør vera.

Eg vart oppglødd av det eg opplevde på seminaret, men innser at DTU ligg langt framfor NTNU i å byggja ein kultur der vurderingsformer har ein konstruktiv funksjon i den enkelte student si læring.

Det skjer mykje bra på utdanningssida ved NTNU. Men når det gjeld eksamen, har me starta i feil ende. Det viktige er å hjelpa kvarandre til å tenkja nytt og konstruktivt om vurderinga sin funksjon og innhald. Deretter kan me sjå oss om etter former som implementerer funksjonen og leggja til rette for det mangfald som trengs.

Siste veka i november har andre årskurs Elsys munnleg eksamen. Veka arbeidde dei i grupper og utforma framlegg til gode eksamensspørsmål, eller samtaletema. Deretter øvde dei seg, ein og ein, på å formulera si forståing av temaa under kritisk dialog med resten av gruppa. Framlegga til tema har eg fått, og har lova å bruka nokre av dei til eksamen. Eksamenen gav fleire gjevande dialogar, og reknar det slett ikkje som "spild af tid".

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

– Vanskeligere å bruke Ny-Ålesund til forskningsbasert undervisning

– Det er manglende interesse for å bruke Ny-Ålesund for å utdanne neste generasjons polarforskere, sier professor Geir Johnsen. Problematikken ble nylig tatt opp i et skriftlig sprøsmål i Stortinget.

Frp-topp enig i at studentene sutrer

Studentene har ingen grunn til å klage på innstramminger i stipendordningen, mener utdanningskomiteens leder Roy Steffensen (Frp).

Kjønnsforskningens venner og uvenner ti år etter Hjernevask

Hva har TV-serien Hjernevask og den kanadiske psykologiprofessoren Jordan Peterson til felles? Fenomenene er uttrykk for samme tendens i tiden, skriver Agnes Bolsø.

NTNUs første meritterte førstelektor

– Å merittere en førstelektor har en viktig signaleffekt, det tydeliggjør at undervisning er viktig, sier Wenche Waagen førstelektor i musikkdidaktikk.