Sensurfrist:

Stend det verkeleg so bra til?

Studentane må være bra nøgde med studieprogrammet sitt når det er sensurfristen som opptek dei, skriv Lars Lundheim i denne ytringen.

«Kva ser eg? Jau, studentane må venta for lenge på å få eksamensresultata sine. Opptil ei heil veke! Det er alt», skriv Lars Lundheim
Publisert Sist oppdatert

Eg er glad i studentar. I kritiske studentar, i studentar som har forventningar til meg. Eg er glad i studentar som spør "Kvifor skal me læra dette?". Fordi dei lurer på kvifor dei skal læra dette. Dei er faktisk interesserte, dei etterspør relevans, horisonten deira strekkjer seg vidare enn til neste eksamensperiode. Dei forventar og at mitt perspektiv er vidare enn eksamen, ja faktisk vidare enn til forskingsfronten i min smale vitskaplege spesialitet.

Med slike studentar får me eit levande miljø på campusen, samlokalisert eller ikkje. Me får eit samspel mellom student og undervisar, der me saman kan finna fram til både mål og metodar. Slike studentar møter eg både i min eigen undervisningspraksis, og når eg sit i ulike komitear og grupper for å tenkja framover mot korleis me skal innretta oss i framtida.

Slike studentar får aldri nok. Av kunnskap. Dei vert aldri nøgde. Korkje med meg enn med seg sjølve. Dei krev stendig meir av kvalitet, relevans, djupn og breidd i læringsmål og –aktivitetar. Eg elskar slike studentar.

Tilbakemelding er sentralt i alt kvalitetsarbeid. Difor er det viktig at studentar får relevant tilbakemelding på sine arbeid gjennom studiet. Like viktig er det at me som underviser får relevant tilbakemelding gjennom referansegrupper, spørjeundersøkingar og andre kanalar. Slik kan me, semester for semester, laga betre og betre ordningar for god og relevant læring.

Særleg stor nytte har me av tilbakemelding når me set i gang nye tiltak. Fyrste gongen eg prøver noko nytt i undervisninga, er eg alltid spent på korleis studentane opplever dette. Og når tilbakemeldinga kjem, ser eg med ein gong at me har ein jobb å gjera. Dermed justerer me semester for semester. Etter kvart vert talet på naudsynte korreksjonar mindre, og kritikken gjeng meir og meir på bagatellar. Di meir bagatellmessig kritikken frå studentane, di betre har me lukkast i å prioritera kvalitet, relevans, djupn og breidd i læringsmål og –aktivitetar.

No ser eg at sjukepleiarutdanninga vår har fått kritikk frå studenthald. Det er ei stor og viktig utdanning, og har som dei aller fleste andre utdanningar sikkert forbetringspotensial både i kvalitet, relevans, djupn og breidd i læringsmål og -aktivitetar. Og kva ser eg? Jau, studentane må venta for lenge på å få eksamensresultata sine. Opptil ei heil veke! Det er alt. Det er punktet studentane ynskjer forbetra. Det er dette dei gjeng til avisa med.

Sanneleg, dette studieprogrammet må ha lukkast over all forventning sidan dei har so nøgde studentar.