Ytring:

Om praktisk visdom

Byråkraten og eg syner ulik stil/ i måten me tener vår løn./ Byråkraten føl reglar, men er han i tvil,/ får han lov til å bruka litt skjøn.
Merittert underviser, nå også poet: Lars Lundheim. 
        
            (Foto: Kristoffer Furberg)

Merittert underviser, nå også poet: Lars Lundheim.  Foto: Kristoffer Furberg

Aristoteles! Det kriblar i magen når eg tek namnet i min munn. Eg ser føre meg korleis kollegaer på Dragvoll kvesser den mentale raudblyanten før dei les vidare i dette skrivet frå ein Gløshaugen-ingeniør.

Det fær våga seg. Eg tek utgangspunkt i mi forståing av Aristoteles sitt kunnskapssyn og deler nokre tankar om kva relevans det har til det me driv på med på universitetet.

Aristoteles delte kunnskap inn i tre kategoriar:

  • Episteme, den kunnskap ein kan lesa seg til – altso noko du veit.
  • Techne, den kunnskap som trengs for å få noko gjort – altso noko du kan.
  • Fronesis, evna til å bruka det det du veit og det du kan til det beste i konkrete situasjonar – det som ofte vert omsett med praktisk visdom.

Den siste kategorien er tema for boka Practical Wisdom – The Right Way to do the Right Things av Barry Schwartz og Kenneth Sharpe, som kom for nokre år sidan.

Gjennom fleire konkrete døme syner forfattarane kor viktig det er at profesjonsutøvarar dyrkar og øver opp sine evner til fronesis, praktisk visdom. Alle situasjonar er unike, og det er både ei viktig og stimulerande utmaning for ein sjukepleiar, ingeniør, lækjar, eller advokat å kunne tolka kvar situasjon og vurdera kva som er det beste neste steget.

Dårlege kår

Schwartz og Sharpe ottast at den praktiske visdomen har dårlege kår i vår tid. Yrkesutøving vert i stigande grad styrt av incitament og refs, gulrot og pisk. Utført arbeid vert vurdert utifrå om reglar er fylgde eller ikkje. Av frykt for refs eller manglande påskjønning, vil mange fylgja reglar slavisk i staden for å bruka eiga røynsle, sunn fornuft, kreativitet og etisk vurdering for å finna den beste løysinga.

Ved universitetet har epsiteme, den teoretiske kunnskapen, tradisjonelt vore idealet. Ved dei meir profesjonsretta høgskulane har i tillegg techne (som mellom anna ligg til grunn for våre ord teknikk og teknologi) hatt prioritet. Kva so med den praktiske visdomen? Det som karakteriserer denne er at han er røynslebasert, og vil vanlegvis berre i ufullstendig grad kunne utviklast gjennom ei tre- eller femårig universitetsutdanning.

Me må ha fronesis i tankane

Likevel. Eg vil seia at me gjer ein stor feil dersom me ikkje har fronesis med i tankane når me utformar og driftar studieprogramma våre. Ein måte å ivareta denne komponenten er å gje studentar oppgåver utan fasit, det vil seia problemstillingar der det ikkje er eitt rett svar. Dette kan til dømes gjerast ved problembasert og prosjektbasert læring.

Praktisk visdom dreier seg om haldningar og innstillingar. Desse kan medvite trenast gjennom læringsopplegga våre, men det skjer i like stor grad ei indirekte formidling av handlingar og verdiar gjennom måten me organiserer studiet og måten me kommuniserer med studentane. Eg reknar med at alle som underviser i høgare utdanning ynskjer sjølvstendige og kloke profesjonsutøvarar som resultat av utdanningsprosessen. Men er det slike kvalitetar me formidlar gjennom praktiske ordningar for studiegjennomføringa?

Temaet vart aktualisert for litt sidan då studentar påpeika at NTNU braut lova ved å vera seint ute med sensur. Sjølv reagerte eg med ei viss undring over at desse unge menneska, snart på veg ut i ei utfordrande yrkeskarriere, var so opptekne av ein slik formalitet. I ljos av ettertanken spør eg meg sjølv om kanskje universitetet, og heile utdanningssystemet, er årsak til denne haldninga. Dersom me ved våre ordningar signaliserer at det viktige er å fylgja reglar og prosedyrar, er det kanskje ikkje so rart om me møter oss sjølve i døra.

Greie svar

Studentar, særleg tidleg i studiet, vil gjerne ha greie svar, prosedyrar og reglar som skal fylgjast for å svara "rett" på dei oppgåvene me gjev dei. Og etter kvart får dei eit stort spekter av regla å halda seg til. Det gjeld å levera øvingar i tide, "koking" er synd, referanselister må skrivast i pakt med vedteken standard, særskrivingsfeil vert slegne ned på, og nåde den som er for seint ute med å betala semesteravgift. Då kan både eksamensrett og stipend ryka.

Korelis signaliserer me kva som er viktig og mindre viktig? Kommuniserer me at utgjevarstad for ei bok i referanselista er like viktig som argumentasjonen studenten har brukt i teksten? Kommuniserer me at 60% godkjende øvingar er like viktig som å stilla spørsmål om kvifor oppgåva er relevant?

Er det klårt nok for våre studentar at plagiat er eit brot på etiske grunnprinsipp medan det å halda ein tidfrist er i ein annan kategori?

Legg me til rette for at studentane sjølv vurderer kva som er viktigast å leggja vekt på i arbeida sine?

Reglar er gode å ha

Reglar er gode å ha fordi dei reflekterer god praksis etablert gjennom røynsle, fagkunnskap og dømekraft. Ein profesjonsutøvar finn gjerne at mange problem lett kan løysast ved å fylgja reglar som gjeld for omstenda ein er i.

Men av og til er ikkje reglar nok. Av og til vil to reglar motseia kvarandre. Av og til er situasjonen av ein art som reglane ikkje har teke omsyn til. Andre gonger vil det å slavisk retta seg etter reglane gje eit uetisk resultat, eller gje fleire problem enn dei ein hadde i utgangspunktet. For å unngå dette, må for det fyrste reglar oppdaterast frå tid til annan, men aller vitigast er det at profesjonsutøvaren er i stand til sjølv å bruka det han eller ho måtte ha av praktisk visdom for å finna ei god løysing.

Alle er kalla

Ulike utdanningsnivå bør gje ulike kvalifikasjonar med omsyn til måten reglar fungerer i samfunn og organisasjonar. Ei skisse kunne kanskje sjå slik ut:

  1. Ein person med fagbrev skal kunne reglane og fylgja dei.
  2. Ein person med bachelorgrad skal kunne forklara korleis reglane er grunna i kjend teori.
  3. Ein person med mastergrad skal kunne formulera nye reglar for nye situasjonar utifrå kjend teori.
  4. Ein person med doktorgrad skal kunne utvikla ny teori slik at nye reglar kan formulerast.

Men: Alle, uavhengig av utdanning og stilling, bør ha eit ansvar for å utvikla og utøva praktisk visdom. Dette gjeld fagarbeidaren like mykje som forskaren med doktorgrad. Fagarbeidaren har gjennom praktisk røynsle og techne opparbeidd innsikter som forskaren er framand for. Gjennom samarbeid og gjensidig respekt bør konkrete utfordringar løysast, og reglar utviklast og tilpassast ettersom verda endrar seg.

Alle er kalla til å utøva praktisk visdom, i større eller mindre grad avhengig av stilling. I det fylgjande rimeriet er eg ikkje ute etter å stempla særskilde stillingskategoriar. Ein professor kan oppføra seg meir "byråkratisk" enn ein pragmatisk administrator. Poenget er heller å illustrera to komplementære haldingar til regelbruk og skjøn.

­­­Byråkraten og eg

Byråkraten og eg syner ulik stil

i måten me tener vår løn.

Byråkraten føl reglar, men er han i tvil,

får han lov til å bruka litt skjøn.


Eg brukar skjøn, og eg støttar meg til

Aristoteles heller enn Hegel,

men dersom det skjer at eg sjølv kjem i tvil,

kan det henda eg tyr til ein regel.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet. Kommentarer som inneholder lenker må godkjennes manuelt. Det kan derfor ta noe tid før slike kommentarer dukker opp i kommentarfeltet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Konflikten ved IHS:

Undersøkelser av arbeidsmiljø og konflikter får krass kritikk

- Jeg er ganske kritisk til hva som skal komme ut av dette. Jeg tror ikke de finner noen sannhet. Dette er ikke en objektiv undersøkelse, sier professor Håkon With Andersen ved NTNUs Institutt for historiske studier (IHS).

- Fakultetene er neppe den beste måten å organisere på, men det er det beste vi har

Nord universitet mener fakultetsmodellen er riktig i den oppbyggingsfasen de er inne i, mens Universitetet i Oslo nå ser på hvordan de skal tilpasse ledelse og organisasjon for å gjøre den jobben de skal. - Strukturer kan hindre tverrfaglighet, men man må akseptere den strukturen man har, sier Oslomet-rektor Curt Rice.

Ytring:

Campusprosjektet er både en trussel og en mulighet

En fortetting uten at det planlegges for hvordan vi skal videreutvikle eksperimentell infrastruktur vil svekke NTNU på sikt, skriver forfatterne av denne ytringen.

Foreslår å fjerne musikk, kunst og medievitenskap fra KAM-senteret for å bevare trehusene

Institutt for arkitektur og teknologi åpner for å splitte opp KAM for at de skal få nok plass i Høgskolebakken.