Ytring:

Vi har ingen utdanningsstader å miste

Sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen; ei ubetydeleg samlingbasert deltidsutdanning eller ei utdanning av stor betydning for distriktet?

Førsteamanuensis Jorunn Hov sier endringene i Nord svekker Ytre Helgeland spesielt.
Publisert Sist oppdatert

Rektor ved Nord universitet la fram si innstilling om framtidig studiestadsstruktur den 24.4.19. Der kunne vi lese om framtida til studiestad Sandnessjøen, eller rettare sagt mangelen på framtid for studiestaden. Dei to punkta som vart spesielt trekt fram for Sandnessjøen, utan utfyllande kommentarar, var:

1. Låg forskingsaktivitet blant personalet

2. 0 studentar frå august 2019.

Det var ikkje oppløftande lesing og eg forstår at det er lett å stryke denne studiestaden av kartet dersom dette blir ståande uimotsagt og får karakterisere ettermælet til utdanninga. Det gir eit inntrykk av ei ubetydeleg utdanning, men vi har lært litt om å lese slike dokument i det siste. Det kan vere nokså vilkårleg kva for «fakta» som blir løfta fram, og slik også i denne saka. Det går an å løfte fram andre sider som er like sanne! Eg vil vise at denne samlingsbaserte deltidsutdanninga faktisk er verdifull og av stor betydning i eit distriktsperspektiv, og spesielt for Ytre Helgeland.

Fokus på utdanning, men også aukande forskingsaktivitet

Når tal skal tolkast og samanliknast er det også viktig kven dei blir samanlikna med. Blir utdanninga samanlikna med andre små utdanningsmiljø eller blir ho samanlikna med studiemiljø ved større universitetscampus med veletablerte forskingsmiljø? Slike omsyn verkar ikkje å vere tatt. Det er likevel liten tvil om at det til no har vore profesjonsutdanning som har hatt hovudprioritet og det er kanskje ikkje så rart med tanke på korleis denne utdanninga vart til.

Utdanninga vart til nettopp for å ha fokus på utdanning fordi ein såg at tilgangen på sjukepleiarar var for liten. Regionrådet for Ytre Helgeland var derfor ein viktig pådrivar for at Høgskolen i Nesna skulle starte utdanninga. Til same historia hører det med at sidan vi starta opp i slutten av 2000 med ein fast tilsett høgskolelektor, har det vakse fram eit fagmiljø for utdanning der alle tilsette har gjort kompetanseløft slik at vi no har fleire førstekompetente. Denne utviklinga må sjåast som eit betydeleg kompetanseløft for eit lite fagmiljø, men også som ein kvalitet for ein region med relativt få sjukepleiarar med utdanning på master-, førstelektor eller doktorgradsnivå. Viljen til vidare kompetanseløft er til stades trass i all uro som har vore sidan fusjonen. Og eg seier på trass av, for vi har forstått at vi skulle «bort» og det har prega heile kollegiet og vore krevjande for den enkelte.

Fokuset på publisering og forsking er aukande. Vidare samarbeid på tvers av studiestader og campusar vil kunne styrke utdanning og forsking også i små fagmiljø. På sikt vil det kunne bidra til ei spreiing og styrking av utviklingsarbeid og praksisnær forskingsaktivitet i heile praksisfeltet, dvs. i alle kommunar i nedslagsfeltet til Nord universitet. Vi er klare til å bidra her vi er!

Flest sjukepleiarar til Ytre Helgeland og kommunehelsetenesta

Tala fortel at når dei 18 studentane i kull 2015 er uteksaminerte, har 226 studentar fullført sjukepleiarutdanning ved studiestaden i Sandnessjøen. Det gir eit gjennomsnitt på 17 nye sjukepleiarar for kvart kull. Det er ikkje ubetydeleg for vårt distrikt når vi også har tal på at ca. 82 % av dei som har starta studiet har komme frå Helgeland. I tillegg har ca. 100 tatt vidareutdanning ved studiestaden.

Mot slutten av 2015 gjorde u.t. ei undersøking for å finne ut kvar sjukepleiarane utdanna ved Høgskolen i Nesna, Sandnessjøen, hadde blitt av, kva jobbar dei hadde fått, og om korleis dei vurderte betydninga av utdanninga m.m. Undersøkinga omfatta dei 156 sjukepleiarane som hadde fått vitnemål på dette tidspunktet. Undersøkinga viser at det er Alstahaug kommune som har fått utdanna absolutt flest sjukepleiarar i Sandnessjøen. 53 av dei budde i Alstahaug, 23 i Leirfjord, 20 i Vefsn kommune, seks i Dønna kommune, seks i Nesna kommune og fem i Herøy kommune (Hov, 2018). Sidan har det komme fleire til. Dette ville vere små tal dersom det for eksempel var snakk om Bodø kommune, men for mindre eller små Helgelandskommunar, har desse tala større betydning. Mange har starta sjukepleiegjerninga si i sjukehus eller spesialisthelsetenesta, men det er gledeleg å sjå at dei aller fleste har begynt å jobbe i kommunehelsetenesta. Utdanninga har dermed gitt solide bidrag både til primærhelsetenesta, som må seiast å vere sjølve ryggrada i helsetenestene både no og i framtida, og til spesialisthelsetenesta.

Utdanna til verkelegheita på Helgeland

Det er heller ingen grunn til å seie at kvaliteten ikkje er god nok. Studentane er utdanna etter same rammeplan som andre og til sjølvstende i «kvardagen» til helse- og omsorgstenestene på Helgeland. Slik er dei blitt kjente med mange utfordringar dei vil møte som ferdige sjukepleiarar i den same kvardagen, men no som ansvarlege sjukepleiarar. I undersøkinga svara 88% av respondentane at dei er tilfredse eller svært tilfredse med utdanninga og heile 98 % seier at utdanninga har stor eller svært stor betydning for distriktet.

93 % av Helgelandsstudentane blir!

Heile 93 % av dei studentane som budde i ein Helgelandskommune ved oppstarten av utdanninga (128 av 137), budde framleis på Helgeland på undersøkingstidspunktet. Det faktum at så mange blir buande i regionen etter fullført utdanning understrekar betydninga av nettopp desentraliserte utdanningstilbod for å sikre tilgangen på kvalifiserte sjukepleiarar der det er særlege behov. Dette samsvarar godt med funn i rapporten: Sykepleiere utdannet i Nord-Norge (Gaski, Abelsen og Lie 2016) . Rapporten viser spesielt høg tilbakevendingsprosent knytt til Alstahaug kommune (studiestad Sandnessjøen). Rapporten stadfester vidare at det er «stor regional effekt av desentralisert utdanning i form av høy grad av lokal rekruttering til lokalt arbeidsmarked» (s. 77). Det visast også til at utdanninga i Bodø allereie har ei viss sentraliserande effekt ved at Bodø rekrutterer fleire frå distrikta enn dei som vender tilbake.

Dei foreslåtte endringane svekker Ytre Helgeland spesielt

Det fungerer m.a.o. ikkje slik som dekan Trine Karlsen gir uttrykk for i Ranablad.no 17. mai d.å. Ho argumenterer for at det skjer ei styrking av sjukepleiarutdanninga på Helgeland og ikkje ei nedlegging. Dekan viser bl.a. til at tilgjengelegheita til nye sjukepleiarar er den same som tidlegare fordi opptakstalet på Mo vart auka med 10 studentar i 2018 og at utdanningskapasiteten vil bli styrka med ytterlegare 10 studentar f.o.m. opptaket i 2019 (ein auke tilsvarande måltalet i Sandnessjøen som har vore 20 studentar). Tala stemmer sikkert. Det er berre det at dette vil føre til at særleg område nært utdanningsstaden (Mo) vil få utdanna enno fleire sjukepleiarar. Det er vel og bra, men det vil i liten grad hjelpe kommunane sør for Korgfjellet og Ytre Helgeland. Vi kan for eksempel sjå på kull 2018 som no er i sin første praksis. Så vidt eg kjenner til er det er for tida ingen studentar i praksis i Sandnessjøen som kjem ifrå Alstahaug kommune. I kullet finnast det berre nokre ganske få frå Ytre Helgeland. Vi har sett tendensen sidan 2016. Studentane som kjem i praksis i og rundt Sandnessjøen har oftast ikkje lokal tilhørigheit. Dei kjem gjerne frå Bodø eller andre stader av landet. Dei reiser igjen og får seg jobb i Bodø eller nær heimstaden når dei er ferdig utdanna. Til no har studiestaden i Sandnessjøen kvart år uteksaminert studentar til vår region (med unntak av dei første fire åra da det var opptak annakvart år). Neste år blir det ingen. Det vil merkast! Det er nettopp desse mekanismane som gjorde at utdanninga i Sandnessjøen vart starta opp, og dei er ikkje utgåtte på dato. Derfor oppfattast også dei foreslåtte endringane som ei klar svekking og ikkje ei styrking av sjukepleiarutdanninga på Helgeland!

Ingen reell konkurranse med Mo eller Bodø, men eit supplement

Når eg meiner sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen har vore ein betydeleg aktør på Ytre Helgeland, har vi da konkurrert ut andre tilbydarar som Mo eller Bodø? Nei, vi har ikkje det. Vi har knapt hatt studentar frå Bodø eller Mo. Mange har søkt til Sandnessjøen nettopp fordi dette var den sjansen dei såg for å kunne ta sjukepleiarutdanning i den livssituasjonen dei har stått i. Mange har vore i jobb ved sidan av studiane og/eller har hatt små barn og familie som har gjort det vanskeleg å flytte eller pendle langt. Ein tidlegare student sa det slik: «Som godt voksen alenemor, hadde det vært umulig å ta utdanningen ved et annet studiested» (Hov 2018, s. 30). Utsegna viser nettopp til at mange av desse studentane ikkje hadde utdanna seg til sjukepleiar utan eit utdanningstilbod i distriktet. Etter at vi ikkje fekk ha fleire opptak i 2016, har vi derfor hørt fleire historier om studentar som har funne eit anna yrke å satse på eller som ikkje har utdanna seg vidare til sjukepleiar. Vi har bruk for alle som vil og kan utdanne seg til dette yrket!

Vi treng meir desentralisert utdanning

Ja, det uttrykte også statsministeren tydeleg i eit intervju med NRK under besøket i Sandnessjøen 6. mai d.å. Vi har fått mange spørsmål opp igjennom åra om det kunne vere bruk for alle desse sjukepleiarane. Får dei verkeleg jobb alle saman? Ja, det veit vi dei har fått, og mange har sikra seg jobb lenge før dei er ferdig utdanna! Problemet er at vi treng så mange fleire, også ute i distriktet.

Søkartalet til dei 20 studieplassane i Sandnessjøen har stige jamt når ein ser på søkartala til dei siste opptaka. I 2013 var det 21 førsteprioritetssøkarar ved hovudopptaket. Ved siste hovudopptak i 2015 var talet 41, dvs. nesten akkurat ei dobling frå i 2013. At det er 0 studentar ved studiestad Sandnessjøen frå august 2019, har derfor ikkje med manglande potensielle studentar å gjere. Nei, det er resultatet av ei styrt avvikling frå Nord universitet. Det viste seg at så fort fusjonen var eit faktum var det slutt med opptak til studiestaden. Dette utan nokon prosess der ein i lag prøvde å finne løysingar for ev. justering av studieopplegget eller for å styrke studiestaden slik ein ville forvente ut ifrå Strukturmeldinga og Fusjonsplattforma. I vinter vart endatil praksisavdelinga tømt og avvikla. Det var ikkje ein gong nødvendig å vente på styrevedtak om studiestadstrukturen.

Det var mange som stod på for å få til denne utdanninga. Ho ser ut til å vere langt enklare å fjerne. Til no er det gjort administrativt utan diskusjon. Men det strir i mot sunn fornuft å legge ned velfungerande utdanningar i distriktet når mangelen på sjukepleiarar er aukande. Det er det folk på Helgeland uttrykker når dei no protesterer mot ei ytterlegare sentralisering mot Bodø og Levanger, -og det er godt å sjå at folk bryr seg!

Ingen utdanningsstader å miste

Dagens situasjon og eit historisk tilbakeblikk viser at vi treng eit mangfald som inkluderer distriktsnære utdanningstilbod! Dersom dette ikkje er mogleg innanfor dagens rammevilkår, bør det settast spørjeteikn ved heile strukturreforma så vel som finansieringssystemet for høgskolar og universitet. Mi forståing, basert på fakta og erfaringar, er at sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen har hatt vesentleg betydning for tilgangen på sjukepleiarar på Ytre Helgeland. Vi har ingen utdanningsstader å miste!