Me lærer betre når fagspråket er norsk

Norsk fagspråk tapar på alle frontar i akademia. Då ventar eg meir enn preik, skriv Marita Kristiansen.
Ei rekkje nordiske studiar viser at det har noko å seie om ein tek i mot faginnhald på morsmålet eller eit framandspråk, slik som engelsk. 
        
            (Foto: Ian Nicholson/Scanpix)

Ei rekkje nordiske studiar viser at det har noko å seie om ein tek i mot faginnhald på morsmålet eller eit framandspråk, slik som engelsk.  Foto: Ian Nicholson/Scanpix

Det har vore skrive og snakka mykje om framveksten av engelsk i høgare utdanning dei siste åra og korleis dette truar norsk fagspråk. Sist ut var Språkrådet med debatten «Challenge Nørdic» under Arendalsuka. Med dette følger Språkrådet opp sin landsomfattande turné våren 2018 og 2019 der målet var å lansere ein vegvisar for språkval i universitets- og høgskulesektoren. Vegvisaren skisserer korleis ein konkret kan gå til verks for å kome lenger med å sikre ein god balanse mellom engelsk og norsk som bruksspråk, og då også ei god utvikling av norsk fagspråk.

Isolert sett var seminara ein stor suksess. Leiinga ved ei rekkje universitet og høgskular deltok og snakka seg varme om kor viktig det er at me varetek og vidareutviklar norsk fagspråk, inkludert norske faguttrykk – terminologien – som me treng når me skal snakke og skrive om faget vårt.

Marita Kristiansen er leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning. 
        
            (Foto: PRIVAT)

Marita Kristiansen er leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.  Foto: PRIVAT

 

Peikar i feil retning

På papiret ser det då også bra ut. Ei undersøking Språkrådet gjorde i 2018 viser at sidan stortingsmeldinga om ein nasjonal språkpolitikk blei lagt fram i 2008 (St.meld. nr 35 (2007-2008), har no stort sett alle statlege universitet og høgskular fått på plass ein særskilt språkpolitikk for å sikre parallellspråkleg bruk av norsk og engelsk i akademia. Sist ut er NHH, som får skryt av Språkrådets direktør Åse Wetås for å vera best i klassen (Forskerforum.no 15. august 2019). Så langt så godt.

For sjølv med strategi og mål på plass, viser alle undersøkingar at me i høgare utdanning går mot meir bruk av engelsk. Schwach og Elken (2018) viser til same trend som den norske landrapporten om internasjonalisering og parallellspråkbruk ved norske universitet og høgskular frå 2014 (Kristoffersen, Kristiansen og Røyneland 2014). Hovudkonklusjonen er at me skiftar til meir bruk av engelsk på alle område, enten det er snakk om undervisning, forsking og formidling.

Kvifor me treng tiltak

Ei rekkje nordiske studiar viser at det har noko å seie om ein tek i mot faginnhald på morsmålet eller eit framandspråk, slik som engelsk. Nokre av desse studiane har eg referert til i ein artikkel publisert i Nordand 2012(2) og eg tillèt meg derfor her å berre å slå fast at studiane viser at me lærer og forstår best på vårt eige morsmål, enten ein er student på førelesning eller lesar av faglitteratur.

Sjølv har eg i fleire år forska på nyord og då spesielt terminologi, og korleis norske termar, eller hybridar, slik som ‘hedgefond’, ‘shortsalg’ og ‘interessent’, kjempar side om side med anglisismar som ‘hedge fund’, ‘short selling og ‘stakeholder’ innan økonomi- og administrasjonsfaga. Det som er typisk for fagspråket innan desse og andre fag er at norske og engelske termar eksisterer og blir brukte samstundes over tid. Dei norske termane tek altså ikkje over av seg sjølve til slutt. Eit eksempel på dette kan vera termen ‘corporate governance’, som har vore normert på norsk i ei årrekkje som ‘eigarstyring og selskapsleiing’ i ein eigen standard om temaet. Likevel er det engelske uttrykket stadig i bruk. Eit anna eksempel kan vera uttrykket ‘varsling’, som stadig blir omtala som ‘whistleblowing’ sjølv om den norske termen har vore i bruk i tjue år:

MiFID II artikkel 73 gir nye regler om varsling til tilsynsmyndigheten om overtredelser eller kritikkverdige forhold, såkalt «whistle blowing». (NOU 2017:1: 240)

Eit nokså typisk eksempel frå eit eksamenssvar på bachelornivå illustrerer at ein treng å ha eit særskilt fokus på det norske fagspråket tidleg i studieløpet:

Sentralisering av makt vil si at makten er holdt av managers høyt i hierarkiet, [...] Ved bruk av mutual adjustment styres prosessen av kompromisser og gjensidig tilpasning mellom de ansatte, og arbeidsprosessen er mindre forutsigbar.

Bruken av til dømes ‘manager’ finn ein også igjen i NOU-ar, noko som viser at manglande tilgang eller fokus på norsk terminologi i studiet kan forplante seg inn i arbeidslivet også:

Enkelte utstedere benytter såkalte «management-selskaper» som utfører ledelsesfunksjoner for utstederselskapet. […] En slik organisering innebærer at ledelsesfunksjoner utføres av personer som ikke er ansatte eller tillitsvalgte i utstederselskaper. (NOU 2017:1: 59)

Det er dermed ikkje alltid slik at ein raskt lærer seg eit fagspråk på arbeidsplassen slik Oslomet-rektor Curt Rice seier i Forskerforum nr. 8. Eller rettare sagt, det trengst ei større bevisstgjering av kva som er godt språk, og då også godt fagspråk. Dette meiner eg ein best kan få til i løpet av studietida. Vidare treng me ei ordning for å gjere dei norske termane tilgjengelege for språkbrukarane slik at uttrykk som blir tatt i bruk av fagmiljøa, slik som ‘eigarstyring og selskapsleiing’ og ‘varsling’, får leve vidare.

På tide å belite seg

På ein konferanse om norsk fagspråk i regi av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet 13. november i fjor presenterte Terje Lohndal, professor ved NTNU, anbefalingane frå Språkrådet sitt ekspertutval om framtidas språkpolitikk. Ei av tilrådingane frå utvalet var at institusjonane må bli målt på i kva grad dei oppfyller det lovfesta ansvaret ein har for å halde ved like og vidareutvikla norsk fagspråk.

I paneldebatten i etterkant kom det klart fram at universitetsleiingane ved Universitetet i Oslo og Oslomet ikkje såg noko behov for meir reglar og målstyring, og at dei meiner dette ikkje fungerer. Men som NHH-rektor Øystein Thøgersen sa på frukostseminaret i Bergen, er det å sikre eit godt og berande norsk fagspråk, eit leiaransvar. Sovande språkstrategiar utan konkretisering av mål, har ikkje ført til særleg mange tiltak for å fremje norsk fagspråk. Som bergensarane ville sagt så er det på tide å belite seg og gå med på at det må meir innsats til for at måla skal nås. Institusjonane har eit samfunnsoppdrag som også er nasjonalt. Me skal utdanne studentar og gje dei forskingsbasert kunnskap på vegen. Denne kunnskapen må studentane kunne formidle vidare i samfunnet på ein god måte slik at kunnskapen breier om seg. Vidare skal me som forskarar formidle kunnskapen me kjem fram til, til lokalsamfunnet også, og ikkje berre i internasjonale fora. Å vareta norsk fagspråk handlar derfor ikkje om å sikre norsk for norskens skuld, men om god studiekvalitet, arbeids- og næringslivets kompetansebehov og samfunnets tilgang til forskingsbasert kunnskap, for å sitere Språkrådsdirektøren (twitter.com 14.08.2019).

Norske lærebøker

Det er derfor gledeleg at Kunnskapsdepartementet i tildelingsbrevet for 2019 viser eigarstyring og ber om at institusjonane rapporterer på korleis dei følgjer utviklinga av norsk fagspråk og kva tiltak dei har iverksett. Så håper eg NHH ser på kva tiltak dei kan ta i bruk for å skape betre balanse mellom norsk og engelsk fagspråk. Eit første steg kan jo vera å revurdere praksisen med å bruke norske lærebøker i bachelorprogrammet dersom dei er gode nok. Dagens praksis tilseier nemleg at det er engelsk litteratur som vinn. Men om ein tenkjer seg at det å møte eit nytt fag på norsk kan fremja meir læring og høgare kvalitet i seg sjølv, kan kanskje norske bøker i større grad nå opp i konkurransen.

Dette innlegget vart fyrst publisert i Forskerforum

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet. Kommentarer som inneholder lenker må godkjennes manuelt. Det kan derfor ta noe tid før slike kommentarer dukker opp i kommentarfeltet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Godkjenner at ny NTNU-rektor kan ansettes for 5,5 år

Planen er at ny rektor for NTNU skal ansettes tidlig i 2020. Kunnskapsdepartementet godkjenner nå at åremålsperioden kan gå fram til 2025.

Kjøper NTNU TTO sin eierandel i NTNU Accel

Selskapet T:Lab kjøper nå NTNU Technology Transfer sin eierandel i NTNU Accel.

Mener utenlandske ansatte vet for lite om norsk arbeidsliv

En utenlandsk ansatt var i Norge i nesten ni år før han fikk vite at det var mulig å søke om lønnsopprykk.

En av fire forskere med innvandrerbakgrunn opplever diskriminering

En ny rapport viser at hver fjerde forsker med innvandrerbakgrunn opplever diskriminering og manglende inkludering. Hver tiende kvinne - uansett bakgrunn- rapporterer om seksuell trakassering.