Ytring:

Buss og vinter - sett frå nederst på Gløshaugen

Vi som bur sørover har ganske lang veg å gå til bussen i Elgesetergate. Kan det jobbast for å få ein betre tilkomst? spør Roger Birkeland.

Glatt brustein og vinter er ikkje nokon god kombinasjon: Lag til minst ei betre kryssing av Høgskuleparken, som er betre å bruke om vinteren! oppfordrar Roger Birkeland. (Denne snarvegen er avmerka med svart på kartet)
Publisert Sist oppdatert
Roger Birkeland er postdoktor ved Institutt for elektroniske systemer.

No har vi testa nytt buss-system ein månads tid, og eg har for eigen del konkludert med at eg moglegvis har gått frå sub-optimalt minus til kanskje sub-optimalt pluss. I alle fall før vinteren tek oss. Men det er ikkje ruteopplegget til AtB dette handlar om.

Dette er ei oppfordring til Campus-prosjektet, drift, eller kven som måtte kjenne seg trefte. Vi som bur sørover har ganske lang veg å gå til bussen i Elgesetergate, og det går ikkje bussar sørover i Høgskoleringen. Når busstoppet Prof. Brochs gate i tillegg er lagt ned, får vi på vinterstid ei skikkeleg sløyfe å gå. Så oppfordringa mi er; kan det jobbast for å få ein betre tilkomst mellom nedre del av Gløshaugen og Klæbuveien/Elgesetergate, som også er grei å bruke om vinteren? Dette vil eg tru gjeld mange i Elektrobygget/Sintef, Hovudbygget, Varmeteknisk mm.

square

Etter litt kjapp oppmåling så ser vi at det er rimeleg langt å gå til Hesthagen via «vintersikker» rute (gul rute på kartet). Det å gå til Samfundet (raud rute) er etter kartet noko kortare enn å gå til Hesthagen, men bussturen tek lenger tid, og det er vanlegvis vesentleg dårlegare brøytestandard på fortaua enn å gå mot Hesthagen.

Eg har lagt inn startpunktet på parkeringsplassen utanfor Elektrobygget. Starten kunne vore på fleire stadar i området; poenget blir det same.

Sidan oppfordringa til oss tilsette (og studentar) er å bruke bussen mest mogleg, håpar eg at vi kan få ei litt betre tilrettelegging. Nesten 900 meter til busstopp langs brukbar gangveg er ganske langt! Så oppfordringa mi er: Lag til minst ei betre kryssing av Høgskuleparken som er betre å bruke om vinteren! Enten det er langs stien mellom Internasjonal seksjon og Klæbuvegen (svart) eller meir rett ned frå IT (lilla). Det vil hjelpe veldig, spesielt på «opplevd styr» med å rekkje bussen. Og dette bør skje ganske snart; vi kan ikkje vente på fancy nybygg med heis mellom Realfagbygget og Hesthagen (og det hjelp ikkje på avstanda heller).

Og berre for å ha sagt det; det er heller ikkje noko praktisk alternativ å gå opp til buss-stoppet Gløshaugen, for å så ta 3 eller 22 til Samfundet.

Ruter teikna inn på kartet:

Start - Einar Tambarskjelves gate (svart prikk, nedlagt): 250 meter (svart rute)
Start – Hesthagen (gul prikk, nytt): 340 meter (svart/blå rute)
Start – Samfundet (raud prikk): 550 meter (raud rute)
Start – «kabelbakken» - Hesthagen: 870 meter (gul rute)
Start - «kabelbakken" - Prof. Brochs (grøn prikk, nedlagt): 790 meter (gul/grøn rute)
Start - alternativ - Hesthagen: 630 meter (gul/lilla rute)

Les flere ytringer her.