Ytring:

Buss og vinter - sett frå nederst på Gløshaugen

Vi som bur sørover har ganske lang veg å gå til bussen i Elgesetergate. Kan det jobbast for å få ein betre tilkomst? spør Roger Birkeland.
Glatt brustein og vinter er ikkje nokon god kombinasjon: Lag til minst ei betre kryssing av Høgskuleparken, som er betre å bruke om vinteren! oppfordrar Roger Birkeland. (Denne snarvegen er avmerka med svart på kartet) 
        
            (Foto: SOLVEIG MIKKELSEN)

Glatt brustein og vinter er ikkje nokon god kombinasjon: Lag til minst ei betre kryssing av Høgskuleparken, som er betre å bruke om vinteren! oppfordrar Roger Birkeland. (Denne snarvegen er avmerka med svart på kartet)  Foto: SOLVEIG MIKKELSEN

No har vi testa nytt buss-system ein månads tid, og eg har for eigen del konkludert med at eg moglegvis har gått frå sub-optimalt minus til kanskje sub-optimalt pluss. I alle fall før vinteren tek oss. Men det er ikkje ruteopplegget til AtB dette handlar om.

Dette er ei oppfordring til Campus-prosjektet, drift, eller kven som måtte kjenne seg trefte. Vi som bur sørover har ganske lang veg å gå til bussen i Elgesetergate, og det går ikkje bussar sørover i Høgskoleringen. Når busstoppet Prof. Brochs gate i tillegg er lagt ned, får vi på vinterstid ei skikkeleg sløyfe å gå. Så oppfordringa mi er; kan det jobbast for å få ein betre tilkomst mellom nedre del av Gløshaugen og Klæbuveien/Elgesetergate, som også er grei å bruke om vinteren? Dette vil eg tru gjeld mange i Elektrobygget/Sintef, Hovudbygget, Varmeteknisk mm.


 
 

Etter litt kjapp oppmåling så ser vi at det er rimeleg langt å gå til Hesthagen via «vintersikker» rute (gul rute på kartet). Det å gå til Samfundet (raud rute) er etter kartet noko kortare enn å gå til Hesthagen, men bussturen tek lenger tid, og det er vanlegvis vesentleg dårlegare brøytestandard på fortaua enn å gå mot Hesthagen.

Eg har lagt inn startpunktet på parkeringsplassen utanfor Elektrobygget. Starten kunne vore på fleire stadar i området; poenget blir det same.

Sidan oppfordringa til oss tilsette (og studentar) er å bruke bussen mest mogleg, håpar eg at vi kan få ei litt betre tilrettelegging. Nesten 900 meter til busstopp langs brukbar gangveg er ganske langt! Så oppfordringa mi er: Lag til minst ei betre kryssing av Høgskuleparken som er betre å bruke om vinteren! Enten det er langs stien mellom Internasjonal seksjon og Klæbuvegen (svart) eller meir rett ned frå IT (lilla). Det vil hjelpe veldig, spesielt på «opplevd styr» med å rekkje bussen. Og dette bør skje ganske snart; vi kan ikkje vente på fancy nybygg med heis mellom Realfagbygget og Hesthagen (og det hjelp ikkje på avstanda heller).

Snarvegen på stien mellom Internasjonal seksjon og Klæbuvegen kan bli svært glatt om vinteren. På kartet er den avmerka med svart farge. 
        
            (Foto: SOLVEIG MIKKELSEN)

Snarvegen på stien mellom Internasjonal seksjon og Klæbuvegen kan bli svært glatt om vinteren. På kartet er den avmerka med svart farge.  Foto: SOLVEIG MIKKELSEN

 

Og berre for å ha sagt det; det er heller ikkje noko praktisk alternativ å gå opp til buss-stoppet Gløshaugen, for å så ta 3 eller 22 til Samfundet.

Ruter teikna inn på kartet:

Start - Einar Tambarskjelves gate (svart prikk, nedlagt): 250 meter (svart rute)
Start – Hesthagen (gul prikk, nytt): 340 meter (svart/blå rute)
Start – Samfundet (raud prikk): 550 meter (raud rute)
Start – «kabelbakken» - Hesthagen: 870 meter (gul rute)
Start - «kabelbakken" - Prof. Brochs (grøn prikk, nedlagt): 790 meter (gul/grøn rute)
Start - alternativ - Hesthagen: 630 meter (gul/lilla rute)

Les flere ytringer her.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet. Kommentarer som inneholder lenker må godkjennes manuelt. Det kan derfor ta noe tid før slike kommentarer dukker opp i kommentarfeltet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Aalborg-rektor trekker NTNU-søknad

Mener offentliggjøringen av hans søknad har ført til stor uro i organisasjonen ved Aalborg Universitet.

Kvantefysikk:

Hevder å ha gjort stort data-gjennombrudd

Googles forskerne sier de har fullført en utregning som en tradisjonell superdatamaskin ville brukt tusener av år på, på kun noen få minutter.

Ytring:

Regjeringen har overkjørt autonomien til både UiT og Politihøgskolen

Så var to katter ute av sekken: Regjeringen har overkjørt autonomien til både Universitetet i Tromsø og Politihøgskolen, og Nord universitet har lagt frem planene for hvordan de vil satse på Helgeland.

UHR reagerer på KDs Nesna-beskjed til UiT

Leder Dag Rune Olsen i Universitets- og høgskolerådet (UHR) støtter UiT-rektor Anne Husebekk når hun mener Kunnskapsdepartementet (KD) har brutt inn i universitetets autonomi, skriver Forskerforum.