Eit biomedisinsk korthus

- NTNU må ha meir pengar på budsjettet til dei som faktisk driv universitetet: forskarar. skriv Kristian Starheim.

Kristian Starheim er forsker ved Institutt for kliniks og molekylær medisin.
Publisert Sist oppdatert

Den biomedisinske forskinga er omtrent heilt finansiert av eksterne kjelder. Dette er resultatet av ein villa politikk. Gjennom konkurranse om midlar skal ein sikre aktive og konkurransedyktige miljø som nyttar midlane godt. Men skal all forskinga vere avhengig av eksterne midlar har ikkje fagmiljøa noko handlingsrom sjølv til å gjere strategiske satsingar, noko som er heilt nødvendig om ein vil hevde seg i biomedisinsk forsking.

Eksperimentell medisinsk forsking er ein tidkrevjande aktivitet med stor internasjonal konkurranse. Tar ein sikte på å vere konkurransedyktig krevjar det både gode forskarar, men også gode rammevilkår. Det tar mange år og bygge opp eit godt fagmiljø, og det tar raskt 4-7 år og produsere ein artikkel som kan gå inn i eit godt tidsskrift. Dette er igjen avgjerande for å kunne konkurrere om vidare finansiering både i Noreg og EU.

Dette står i kontrast til dei norske finansieringsordningane. Svært få i våre miljø har ein tidshorisont på lenger enn tre år. Då har ein to val: enten publisere små og «trygge» arbeid,, eller å prøve på større arbeid og satse på at finansieringa ordnar seg. Gjer ein det siste tar ein stor risiko, gjerne personlig. Våre næraste leiarar veit kva som står på spel, og prøver ofte og dekke ryggen vår så godt dei kan.

Det er difor omtrent umogleg å planlegge strategi for eit miljø, eller karriere for enkeltforskarar. Vi er heilt prisgitt avgjersler i Samarbeidsorganet, Kreftforeninga og Forskingsrådet. Vi kan ikkje stole på at dei tar ansvar for heilskapen og kontinuiteten i fagmiljøa våre. 

Dette har vorte smertelig klart for dei biomedisinske miljøa på NTNU, då omleggingar har gjort nesten umogleg for unge forskarar å få midlar. Ein heil etasje i byggverket svekkast. Vi har tapt for Oslo og Bergen i fleire år, og med årets krumspring i Samarbeidsorganet blir det berre vanskeligare. Det hjelp lite at det kanskje kjem fleire faste stillingar ein gong i framtida – for det er no miljøa kjem til å miste ressursane. Kanskje er ein for godt vandt med tilgang på arbeidskraft på universitetet? Ser ein ikkje kor stort forbedringspotensiale ein har ved ein meir aktiv personalpolitikk?

Dette handlar ikkje om at alle som vil skal få forske. Å gjere dette til ein debatt om misnøgde forskarar er både uredelig og tilslørande. Det handlar om kva verkemiddel ein må nytte for å få god forsking. Sidan miljøa er for sårbare vert forskinga ineffektiv og smålåten. Ein er nøydde til å ha ein viss kontinuitet så ein har eit utgantspunkt for å vinne fram i søknadsrundene i Kreftforeninga, Forskingsrådet og EU. Ein må ha handlingsrom til å drive god faglig ledelse.

NTNU må ha meir pengar på budsjettet til dei som faktisk driv universitetet: forskarar.