Livslang luring

I dei siste åra er noko nytt kome til, det kallast digitalisering, og gjev oss høve til å ta i bruk nye gromme verkty kvar einaste dag, skriv Lars Lundheim.

Livslang læring er det mykje snakk om i våre dagar, og for oss som er so heldige å få arbeida på universitetet er det sjølve navet som all annan aktivitet sviv om.
Publisert Sist oppdatert

Det vart sagt om Charlie Parker at han var eitt med instrumentet, at saksofonen vart ei utviding av stemma, av kroppen. I 2009 publiserte hjerneforskaren Thomas Carlson og medarbeidarane hans ein studie som indikerer at dette var meir enn ein poetisk talemåte. Når du brukar eit verkty, oppfattar hjernen verktyet som ein del av kroppen. Dette opplever me alle som har lært å sykla eller køyra bil. Det er nok å ville køyra gjennom svingen, og so gjer kroppen/bilen/sykkelen det av seg sjølv utan at du treng tenkje på korleis.

Du treng ikkje so veldig mykje øving på sykkel før du får til dette temmeleg bra. For å vera ein skapande musikar med instrumentet ditt krevst ei mykje større investering av tid og møde. Det meste av menneskeleg skapande verksemd skjer ved bruk av eitt eller fleire verkty. Biletkunstnaren har sine målesaker, forfattaren sin PC og musikaren sitt instrument. Somme av verktya gjeng det lett å integrera med kroppen, andre krev større investeringar. En nybyrjar brukar konsentrasjon og energi for i det heile å kunne gjera noko fornuftig med verktyet. Etter ei tid – kort eller lang – vert verktyet ei utviding av kroppen, du tenkjer ikkje lenger på korleis du skal gjera noko, men kva du vil skapa.

Forskaren og undervisaren er og skapande personar, og me har og våre verkty. Me har mentale verkty som språk og matematikk, og me har meir fysiske som tavler, datamaskinar, papir og blyant. Nett som for Charlie Parker, må desse verktya verta so integrerte med kroppen og hjernen at me kan konsentrera oss om å skapa og om å koma vidare i vår utvikling som fagpersonar og menneske. Livslang læring er det mykje snakk om i våre dagar, og for oss som er so heldige å få arbeida på universitetet er det sjølve navet som all annan aktivitet sviv om.

Sykling, bilkøyring, språk og matematikk er reiskapar der du ved bruk og øving stendig kan betra og finslipa dugleiken, og stendig verta flinkare til å gjera noko med dei utan å måtte tenkja på korleis. Slikt er livslang læring, og slik har det vore i generasjonar. I dei siste åra er noko nytt kome til, det kallast digitalisering, og gjev oss høve til å ta i bruk nye gromme verkty kvar einaste dag. Sjølv har eg vore med på både å bruka og å utviklar digitale verkty sidan 1980-talet. Eg har og opplevd gleda ved at slike verkty "sit i fingrane" slik at eg (som Charlie Parker, utan vidare samanlikning) kan konsentrera meg om å skapa. Eg produserer forskingsresultat og læringsmateriell utan å måtte tenkja på korleis verktya skal nyttast.

Alt låg soleis, for ikkje mange år sidan, til rette for at mi livslange lærings skulle kunne verta endå rikare og meir effektiv med alle dei fine digitale reiskapane. Men kva skjer? I dag, med automatisk "oppgradering" av verkty og tenester, vert reiskapar eg har utvida organismen med ubrukelege over natta, og eg må læra – ikkje noko nytt, men på nytt det eg allereie kunne. Sjølv noko so trivielt som å betala for parkering av bilen, må lærast på nytt kvar gong ein ny "app" vert lansert.

Kvar ufriviljug "oppgradering" av verktya er ei nedgradering av brukaren. I staden for å bruka tida mi på sjølvutvikling og å læra nye ting, vert eg sitjande å lura på korleis eg i dag skal få til det eg i går gjorde utan vidare. Eg føler meg rett og slett lurt. Eg kallar det livslang luring!