Kvifor støttar du ikkje studentane, Astrup?

Nord universitet har fått klarsignal om å flytte frå lokala ved campus Nesna. Arna Meisfjord er kritisk til svaret frå statsråd Nikolai Astrup i Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) om oppseiing av leigekontrakten.

Er eit økonomisk argument om tomgangsleie viktigare enn studiekvalitet og studentane sine rettar? spør Arna Meisfjord.
Publisert Sist oppdatert

Studentane ved Campus Nesna er opprørte fordi dei ikkje får fullføre si utdanning på Nesna, når Nord universitet får godkjenning frå KMD for å seie opp leigeavtalen med Statsbygg sju år før den går ut. Statsbygg stiller spørsmål ved om Nord universitet har rettsleg kompetanse til å seie opp leigeavtalen. Men KMD støttar leiinga ved Nord universitet og bryr seg verken om studentane sin studiekvalitet eller Statsbygg sine juridiske innvendingar!

« Vi har valgt å akseptere Nord universitets eget ønske om å kunne flytte fra lokalene, blant annet for å unngå at universitetet skal betale tomgangsleie i en periode på 7 år», seier Niolai Astrup som svar på kva som er det rettslege grunnlaget for at Kommunal- og moderniseringsdepartementet har godkjent oppseiing av leigekontrakten mellom Kunnskapsdepartementet og Statsbygg når det gjeld Campus Nesna, utan at det ligg føre eit positivt vedtak om omorganisering eller nedlegging frå Storting eller regjering. Svaret kjem på bakgrunn av skriftleg spørsmål til kommunal- og moderniseringsministeren frå stortingsrepresentant Nina Sandberg (AP).

LES OGSÅ: Nordland motsetter seg salg av lokalene til campus Nesna

Astrup: Kvifor valde du å støtte Nord universitet sitt ønske om å flytte frå lokalane i staden for å støtte studentane sitt ønske om å fullføre sitt studium på Campus Nesna, slik dei er lova av Nord universitet? Er eit økonomisk argument om tomgangsleie viktigare enn studiekvalitet og studentane sine rettar? Kva er verdigrunnlaget for ditt val? I eit notat til Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland, seier advokat Raugland:

Jeg vil hevde at valg av studie og studiested henger uløselig sammen. Det er ikke det samme om studentene underveis i studieløpet tilbys studie ved et annet læringssted selv om det skulle være i samme region. Jeg mener dere kan hevde at institusjonen har plikt til å tilby studentene å fullføre sine studier ved Campus Nesna.

Gjennom di godkjenning av Nord universitet si oppseiing av leigeavtalen, legitimerer du Nord universitet sitt løftebrot mot studentane. Korleis forsvarar du ein slik handlemåte? Studentane som vart teken opp ved Campus Nesna i 2019, skulle få fullføre si utdanning på Nesna til og med våren 2024. Det er verdt å minne om at studentane ved Campus Nesna er dei mest nøgde studentane ved Nord universitet, jamfør resultata i Studiebarometeret. Dette gode studiemiljøet blir no sett i spel gjennom ei tilfeldig og dårleg førebudd flytting av studentane. Studentane er opprørte og dei har kravd at Nord universitet står ved sine lovnader. Her kunne du valt å støtte studentane ved ikkje å akseptere oppseiing av avtalen før i 2024. Dermed ville tomgangsleiga som du har lagt stor vekt på, vorte redusert til berre fem år.

Statsbygg har i brev til KMD reist tvil om Nord universitet har kompetanse til å seie opp leigeavtalen, når det ikkje ligg føre eit positivt vedtak om omorganisering eller nedlegging av Campus Nesna frå Storting eller regjering. Om dette seier advokat Raugland:

Når det gjelder oppsigelsen av leiekontrakten for skolebyggene på Nesna, er jeg tilbøyelig til å være helt enig med Statsbygg, ref deres brev av 30.01.2020.

For det ene er det ikke den formelle leietakeren Forsknings- og utdanningsdepartementet som sier opp, men Nord universitet. Jeg kan ikke se av avtalen at ”brukeretaten” har rettslig kompetanse til å si opp avtalen.

Dernest kan ikke Stortingets beslutning om ikke å endre beslutningen fra Nord universitet om nedleggelse ansees som å tilfredsstille vilkårene i leieavtalens pkt. 5.

Trass i at det er juridiske argument mot å godkjenne Nord universitet si oppseiing av leigeavtalen med Statsbygg og trass i at Statsbygg påpeikar dette i brev til KMD, så vel du å støtte Nord universitet sitt ønske om å flytte frå Campus Nesna sju år før leigeavtalen går ut. Ditt argument er at Nord universitet skal sleppe å betale tomgangsleige i sju år. Men Nord universitet får særskilt husleigekompensasjon frå departementet for å dekke desse utgiftene, så kostnadene ligg ikkje på Nord universitet. Kan ditt svar bety at Nord universitet framleis skal få husleigekompensasjon etter at dei er flytta frå Campus Nesna?

Som premiss for ditt svar, seier du at leigekontrakten mellom Nord universitet og Statsbygg ikkje er ein juridisk bindande avtale (!) fordi det berre er ein part i saka, nemleg Staten. Då Nord universitet vedtok å legge ned Campus Nesna, var det ein stor debatt om regjeringa burde gripe inn og hindre ei nedlegging som både var mangelfullt utgreidd og som skapte ein storm av protestar, både regionalt og nasjonalt. Som kjent reiste SV eit forslag i Stortinget for å få omgjort vedtaket. Regjeringa argumenterte med Nord universitet sin autonomi. Her var det ikkje mykje snakk om at det berre var ein part i saka og at staten dermed kunne velje og gjere som dei ville! Men er det noko vi har sett i saka om Nord universitet si nedlegging av Campus Nesna, så er det at argumentasjonen stadig har endra seg, etter kvart som nye spørsmål har dukka opp. I ein epost til Helgelands Blad, 19. februar, 2020 seier KMD: Departementet har vært i dialog med både universitetet og Statsbygg om oppsigelse av avtalen. Universitetet er part i avtalen med Statsbygg og Statsbygg må vurdere om det er grunnlag for å si den opp.

Men Statsbygg får ikkje lov til å tolke avtalen slik dei meiner er rett. Som statsråd pålegg du Statsbygg ei tolking på usikkert rettsleg grunnlag. Kvifor, statsråd Nikolai Astrup?