Ytring:

Ei innføring i studentdemokratiet

«Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi er her for deg, og ingenting er for smått eller for stort!» skriv leiaren for Studenttinget ved NTNU i denne ytringa.
Vi er her for deg, og ingenting er for smått eller for stort, skriv leiar av Studenttinget NTNU, Cecilie Bjørnsdotter Raustein. 
        
            (Foto: Espen Halvorsen Bjørgan)

Vi er her for deg, og ingenting er for smått eller for stort, skriv leiar av Studenttinget NTNU, Cecilie Bjørnsdotter Raustein.  Foto: Espen Halvorsen Bjørgan

Velkomen som ny student! Din nye kvardag er spanande, lærerik og inspirerande. Likevel er ikkje alt ein dans på roser. Det er heldigvis mange her som kan og vil hjelpe deg når utfordringar og misnøye oppstår, men det er ikkje alltid like lett å vete kor ein skal gå. Mange let det difor berre liggje, eller går ein krunglete omveg og kjem halvvegs i mål. Slik treng det ikkje vere. Dei tillitsvalde i Studentdemokratiet kan hjelpe deg.

Strukturen

NTNU har ei stor og kompleks oppbygging, og studentane er representert overalt. I denne jungelen av råd og utval, konsulentar og rådgjevarar kan vi tillitsvalde vere til hjelp. Vi peiker deg i riktig retning. Her kjem ein kort gjennomgang av vår struktur.

Studenttinget

Det øvste organet i Studentdemokratiet er Studenttinget (STi). Her sit 25 tillitsvalde studentar som vedtar og jobbar med politikk som skal gjere studiekvardagen best mogleg for alle studentar ved heile NTNU. STi har eit leiargruppe beståande av åtte tillitsvalde på fulltid. Desse sit blant anna i Dekanmøtet (rektor si leiargruppe), NTNU-styret (NTNUs øvste organ), samt andre råd og utval.

Studentråd

NTNU består av åtte fakultet, som igjen består av ulike institutt. Det er eitt studentråd per fakultet, og i desse sit dei institutt- og fakultetstillitsvalde (ITV og FTV). I tillegg til å sitje i sitt respektive studentråd sit desse i leiargruppa, styret og andre råd og utval ved sitt respektive institutt eller fakultet. Du kan sjå på desse som lokalpolitikarane, og det er nok stor sjanse for at du litt uti semesteret er på talefot med minst éin av desse.

Engasjere deg?

Studentdemokratiet er heile tida på jakt etter nye engasjerte studentar som vi jobbe for ein best mogleg studiekvardag. Kvart semester er det val både på institutt-, fakultets- og NTNU-nivå. I tillegg vel Studenttinget representantar til ulike råd og utval gjennom heile semesteret. Fylg gjerne med på Facebook og www.studenttinget.no om du vil få med deg kva som skal veljast når.

Kontakte dei tillitsvalde?

Både studentråda og Studenttinget har eigne e-postadresser, nettsider og Facebook-sider. I tillegg er dei ofte på kontora sine. Studenttinget sitt kontor finn du i andre etasje på Gamle Fysikk, og studentråda har kontor på sine campus. All kontaktinformasjon finn du lett om du søkjer opp Studenttinget eller Studentrådet XX (Der XX er forkortinga til ditt fakultet) på Facebook.

Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi er her for deg, og ingenting er for smått eller for stort!

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet. Kommentarer som inneholder lenker må godkjennes manuelt. Det kan derfor ta noe tid før slike kommentarer dukker opp i kommentarfeltet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Godkjenner at ny NTNU-rektor kan ansettes for 5,5 år

Planen er at ny rektor for NTNU skal ansettes tidlig i 2020. Kunnskapsdepartementet godkjenner nå at åremålsperioden kan gå fram til 2025.

Kjøper NTNU TTO sin eierandel i NTNU Accel

Selskapet T:Lab kjøper nå NTNU Technology Transfer sin eierandel i NTNU Accel.

Mener utenlandske ansatte vet for lite om norsk arbeidsliv

En utenlandsk ansatt var i Norge i nesten ni år før han fikk vite at det var mulig å søke om lønnsopprykk.

En av fire forskere med innvandrerbakgrunn opplever diskriminering

En ny rapport viser at hver fjerde forsker med innvandrerbakgrunn opplever diskriminering og manglende inkludering. Hver tiende kvinne - uansett bakgrunn- rapporterer om seksuell trakassering.