Denne veka blei det kjent at UiO-leinga føreslår å leggja ned Universitetets barnehage i Gaustadalleen. – Nokre av dei tilsette gret, andre var i sjokk, medan nokre blei sinte, då dei fekk vita det.
GOD KOMPETANSE: – Mange forskarar kjem med barna sine hit utan at dei kan eitt ord norsk. Dei lærer seg språket her og me har etter kvart fått god kompetanse i det, fortel Blanca Orellana. Ho er styrar for Universitetets barnehage som no er truga med nedlegging.Foto: Ola Gamst Sæther
Martin ToftMartinToftUniforum
Publisert
Det var ein sein onsdags ettermiddag Universitetets barnehage fekk eit uvanleg besøk på døra. Utanfor stod universitetsdirektør Arne Benjaminsen og organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Pedersen Lange. Dei tilsette hadde fått vita om møtet, men utan å få vita kva det gjaldt, fortel barnehagestyrar Blanca Orellana til Uniforum.
– Dei kom for å fortelja dei tilsette at UiO-leiinga ville koma med forslag om å leggja ned Universitetets barnehage i eit møte i universitetsstyret den 1. desember. Sjølv hadde eg fått vita om forslaget seks dagar før, men hadde ikkje fått lov til å seia noko før den dagen. Det kjendest som ein rein tortur for meg, seier Blanca Orellana.
– Nokre av dei tilsette gret, andre var i sjokk, medan nokre blei sinte då dei fekk vita det. For meg var det eit veldig brutalt sjokk, legg ho til.
Blanca Orellana har jobba i Universitets barnehage i snart 30 år, først som vikar, og seinare som fast tilsett samtidig som ho tok utdanning som barnehagelærar. På det halvtime lange møtet med dei to toppleiarane fekk dei også stilt nokre spørsmål.
– Me lurte på kva som ville skje med barna til foreldre som kjem frå utlandet og ikkje har bustadadresse i Noreg. Det er ikkje vårt problem, svarte dei. Me ville også vita kva planar dei hadde for bygningen, dersom den ikkje lenger skal brukast til barnehage. Det fekk me heller ikkje svar på.
Seinare på kvelden sende universitetsleiinga ein epost til alle foreldra om planane om å leggja ned Universitetets barnehage, samtidig som dei kalla dei inn til eit foreldremøte seks dagar seinare.
– Fekk tilbod om individuell oppfylging
Torsdag 15. oktober kom organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Pedersen Lange tilbake saman med seksjonssjef Mette Bakkerud Lundeland, fortel Blanca Orellana. Dei kom for å høyra om dei tilsette hadde nokre spørsmål.
– Dei fekk tilbod om individuell oppfylging der dei skulle få opplæring i å skriva jobbsøknader og setja opp ein CV. Me følte oss både små og ubetydelege for måten me blei behandla på. Eg kalla den torsdagen for ein sorgens dag, seier Blanca Orellana.
– Det vil ikkje vera enkelt for alle å skaffa seg ein annan jobb, legg ho til.
Den dårlege bodskapen påverka også barna.
– Dei er følsame og la merke til at personalet var lei seg og at foreldra også var det, fortel Orellana.
Ho er stolt over Universitetets barnehage og arbeidet dei tilsette gjer for barna.
FORELDREGRUPPE AKSJONERER: – Me føler oss veldig heldige med foreldregruppa som har kasta seg rundt på eiga hand. Eg har fått veldig mange epostar om kor bra denne barnehagen er, seier Blanca Orellana, styrar for Universitetets barnehage.Foto: Ola Gamst Sæther
– UiO er interessert i både inkludering, mangfald og likestilling. Mange forskarar kjem med barna sine hit utan at dei kan eitt ord norsk. Dei lærer seg språket her, og me har etter kvart fått god kompetanse i det. Me veit korleis me skal jobba med desse barna for å kunna gi dei gode dagar og slik at dei skal føla seg inkluderte, fortel ho. Dessutan har dei barn med spesielle behov og barn med diagnosar.
– Universitetets barnehage blei kåra til Oslos beste for over ti år sidan, men den er endå betre no, forsikrar ho oss om.
Blanca Orellana er også glad for engasjementet som foreldra har vist for barnehagen den siste veka.
Me føler oss veldig heldige med foreldregruppa som har kasta seg rundt på eiga hand. Det skjedde utan at me tok initiativet til det. Eg har fått veldig mange epostar om kor bra denne barnehagen er, seier ho.
Og på Facebook-sida til Uniforum får barnehagen no støtteerklæringar både frå tidlegare prorektor Knut Fægri og kjende professorar som Benedicte Bull og Anine Kierulf.
Barnehagestyrar Blanca Orellana vil til slutt minna universitetsleiinga om det som står i Barnehagelovas paragraf 3.
– I alle handlinger og avgjørelser som gjelder barn i barnehagen, skal hva som er best for barnet, være et grunnleggende hensyn.
UiO-leiinga føreslår nedlegging hausten 2027
Tysdag klokka 17.00 var foreldra til barna i Universitetets barnehage kalla inn til eit foreldremøte av universitetsleiinga. Assisterande universitetsdirektør Johannes Falk Paulsen leia møtet som blei halde på engelsk etter ynskje frå dei rundt 35 frammøtte.
MÅTTE FORKLARA FORSLAG: Assisterande universitetsdirektør Johannes Falk Paulsen måtte både forklara og forsvara forslaget frå UiO-leiinga om å leggja ned Universitetets barnehage. Han leia også foreldremøtet der 35 personar kom.Foto: Martin Toft
Han begynte møtet med å presentera bakgrunnen for forslaget om å leggja ned Universitetets barnehage. Først viste han til vedtaket frå universitetsstyret i mai 2024 om å omdanna barnehagen til eit aksjeselskap innanfor ramma til UiOs randsoneselskap UniRand AS.
– Dette vedtaket blei aldri sett i verk. Derfor føreslår me overfor universitetsstyret å leggja ned barnehagen frå hausten 2027 når saka skal behandlast den 1. desember, slo han fast.
Han opplyste også at UiO skal ha eit møte med både fagforeiningane og verneomboda om dette forslaget på same måten som med foreldra.
– Me vil ta med alle viktige ting i denne saka før me sender dokumenta over til behandling i universitetsstyret, sa han.
Etterpå var det foreldra sin tur til å stilla spørsmål både til assisterande universitetsdirektør Johannes Falk Paulsen, organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Pedersen Lange og til seksjonssjef Mette Bakkerud Lundeland.
Nokre lurte på kvifor universitetsstyrevedtaket frå mai 2024 ikkje blei sett i verk.
– For å vera heilt ærleg, så kom endringa i denne lova svært ugunstig på oss. Me hadde eit håp om at Kunnskapsdepartementet ville kunne endra det for oss sidan UiO er eit universitet. Studentsamskipnaden i Oslo måtte etablera elleve nye selskap for å kunne fylgja endringa i denne lova, opplyste Falk Paulsen.
– I privat sektor vil me mista pensjonsrettane våre
Andre spørsmål frå foreldra i salen handla om kva UiO hadde gjort for å få tilskott til barnehagen frå Oslo kommune. Og andre var opptekne av pensjonsrettane dei tilsette i barnehagen i dag har i Statens pensjonskasse.
TRYKKA STEMNING: Mange foreldre var opprørte og frykta at ei mogleg nedlegging av Universitetets barnehage ville påverka barna deira. Foreldremøtet varte i rundt ein og ein halv time.Foto: Martin Toft
– Om me må begynna å jobba i privat sektor vil me mista pensjonsrettane våre, frykta ein av dei tilsette.
Mange var svært opptatt av kor viktig velferdstiltak Universitetets barnehage er:
– Det var grunnen til at eg kom til UiO på eit forskingsprosjekt finansiert av det europeiske forskingsrådet (ERC), sa ein av foreldra.
– Gjorde oss skremte
Alle foreldra kom med lovord om barnehagen, og fleire var djupt prega av at universitetsleiinga hadde kome med eit forslag om å leggja den ned. Mange var også fortørna over at dei fekk vita om det gjennom ein epost sendt til dei seint onsdag kveld.
– Den gjorde oss svært skremte, sa ein av dei.
– Det forstår eg, sa organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Pedersen Lange som stod som avsendar av eposten.
Mange av foreldra var også opptekne av situasjonen til dei tilsette i barnehagen.
– Om eg hadde jobba der, ville eg ha begynt å søkja nye jobbar allereie.
Kan koma med alternativt forslag
Jussprofessor og far Stian Øby Johansen lurte på om det ville vera mogleg for foreldra å utarbeida eit alternativt forslag til universitetsstyret.
– Ja, det vil vera mogleg, trur eg, svarte Johannes Falk Paulsen.
Nestleiar i NTL UiO Axel Hjelme rådde foreldra til å ta kontakt med representantane i universitetsstyret.
Foreldra har også sett i gang ein underskriftsaksjon for å protestera mot forslaget om å leggja ned Universitetets barnehage. Etter kort tid var det kome inn 800 underskrifter frå folk som vil redda barnehagen.
Uniforum vil seinare i dag publisera ein artikkel der universitetsleiinga svarar på endå fleire spørsmål om Universitetets barnehage.