Gjesteskribenten:

Universitet eller skule?

Av og til gjer det godt å fnysa litt. Av studentar. Av studentar som kallar seg "elevar" og seier at dei gjeng på "skulen" når dei meiner universitetet. Kjenner du deg att? I so fall, lat oss fnysa litt saman.
Eg kjem aldri til å omtala studentane mine som elevar, skriv Lars Lundheim. 
        
            (Foto: Helene Mariussen)

Eg kjem aldri til å omtala studentane mine som elevar, skriv Lars Lundheim.  Foto: Helene Mariussen

Kvifor mislikar me denne ordbruken? Vel, "skule" er noko alle er pliktige til å gå på frå seks-sjuårs-alderen. Ingen krev at eleven eigentleg er interessert i å gå der. Det som fyrst og fremst krevst, er oppmøte og ryddig oppførsel. Dersom eleven oppfyller det, har skulen eit "opplegg" og leverer "lærdom". Ein student ved eit universitet forventar me at skal vera ein autonom, erkjenningssøkjande akademisk med-vandrar. Eller noko slikt. Ein slik person ser ikkje på seg sjølv som elev, og heller ikkje på universitetet som skule. Likevel høyrer me dagstøtt desse orda brukt.

Fnys no.

Robert og Susan

Kvifor har denne ordbruken vorte so vanleg dei seinaste åra? Årsakene kan vera mange, men ei årsak er nok ei endra samansetjing av studentmassen. Dei fleste av dagens studentar er pesonar som for ein generasjon eller to sidan ikkje ville ha søkt seg til høgare utdanning. Den australske pedagogen John Biggs påpeika dette for 20 år sidan og kalla det "The Robert and Susan problem." Biggs gjer ei grov-inndeling av studentmassen i to kategoriar med merkelappane "Robert" og "Susan".

Susan er studenten som tyrstar etter kunnskap, som tek ansvar for eiga læring, både før, under, og etter møte med undervisaren i auditoriet. Målet for Susan er personleg utvikling og auka erkjenning, og ho opplever at universitetet er staden der ho oppnår dette. Robert har andre mål. I beste fall eit ynskje om ein framtidig grei jobb, i verste fall "ein stad å vera" i mangel av noko betre.

Tidlegare, hevdar Biggs, var fleirtalet av studentane av type Susan, medan i dag har tyngdepunktet vippa over i retning Robert. Og det er på bakgrunn av denne forskyvinga han innførde omgrepet samstemt undervising ("constructive alignment"). Samstemt undervising gjeng ut på at kvart enkelt studieprogram og emne er retta inn mot eit sett definerte læringsutbyte. For kvart læringsutbyte er eit sett læringsaktivitetar definerte som leier fram til oppnåing av utbyta, og slutteleg skal vurderingsformene testa om læringsutbyta er oppnådde. Susan treng ikkje eit slikt opplegg. Ho vil spontant finna fram til aktivitetar som gjev dei utbyte ho søkjer. Samstemt undervising er derimot eit middel for å få Robert til i større grad å oppføra seg som Susan, og dermed i større grad oppnå det same.

Denne videoen gjev ei grei innføring i Biggs sine idear for den som ikkje har vore borte i dei før.

Studentaktiv læring

Todelinga i Robert og Susan er ei overforenkling, og samstemt undervisning kan lett høyrest ut som sjølvsagde flosklar. Eg trur likevel Biggs har nokre viktige poeng for oss som driv med høgare utdanning. For det fyrste signaliserer han eit skifte av fokus frå kva undervisaren gjer i auditoriet til kva studenten gjer (i og) utanfor auditoriet. Læringa skjer ikkje når me høyrer dei rette tinga frå undervisaren, men når me arbeider sjølvstendig med stoffet. Det er noko av bakgrunnen for at førelesinga er komen under sterk kritikk dei seinare åra. Slagordet er studentaktiv læring, og den tradisjonelle førelesinga vert sett på som avleggs. Sjølv har eg laga eit lite vers som målber denne bodskapen:


Til studenten

Du ynskjer vinna visdom ved å gå på førelesing,
 der kunnskapen skal flyttast inn til deg frå ein ekspert. 
Du minner om ein optimist som møter opp og trur
 han kan læra spela fele ved å vera på konsert.

Men det er ikkje rart om du sit dvask som ein manet,
 for det er tradisjonen ved eit universitet.

Kom, skal me sparka ut kvar pedagog som ikkje vil
ta konsekvensen av at det er øving som må til!


Poenget er altso at læring skjer gjennom eigen aktivitet. Men den lærande må ha stoff å arbeida med, og dette stoffet må formidlast. For somme skjer formidlinga best gjennom tekst, for andre er den munnlege formidlinga den beste. Difor er det talte ord framleis aktuelt, men det treng ikkje skje i sann tid. Ei munnleg framstilling av fakta, definisjonar og prosedyrar kan gjerast ein gong for alle, leggjast på Youtube og dermed vera tilgjengeleg både for studentar og andre interesserte. Er undervisaren vorten avlegs no, då? På ingen måte. Det at studenten allereide har høyrt og sett på video kva undervisaren har på hjarta, gjer at tida der student og undervisar møtest, kan nyttast meir effektivt. Det er dette som kallast omvendt undervising.

Eit forsvar for førelesinga

Du lærer ikkje å spela fele ved å gå på konsert. Men folk gjeng på konsert, ikkje minst dei som sjølv strevar med å meistra eit instrument. Og dei gjeng på konsert sjølv om betre utøvarar kan finnast på plate og video. Kan det då vera at det likevel kan ha ein eigenverdi å vera i ein førelesingssal saman med andre lærande og – relativt passivt – høyra på ein førelesar oppe på eit podium? Ja, eg trur det, og vil peika på to moment.

For det fyrste, handlar læring om oppleving. Mykje av læringa dreier seg om jobbing jamt og trutt, som både i ettertid og undervegs kan fortona seg som grått og kvardagsleg. Men innimellom har me alle opplevingane som har sett varige minne. Aha-opplevingane då lyset gjekk opp, eller då ein endra haldning til eit emne frå passiv elev til interessert erkjenningssøkjar. Menneskja søkjer opplevingar, og for mange er det viktig å vera fleire om dei. Difor kan ei vellukka førelesing vera ei slik felles-oppleving, der det er ein eigenverdi at ein er saman om noko viktig. Omlag som på ein konsert.

For det andre dreier det seg om føredøme og inspirasjon. Ein fiolinist på ein konsert demonstrerer korleis eit musikkstykke kan tolkast på instrumentet, og inspirerer soleis til kunstnarleg utvikling og utfalding hjå fiolinstudenten i salen. Tilsvarande vil ein vitskapleg utøvar ved eit universitet demonstrera og inspirera innan sin disiplin. For kva er det som vanskeleg kan formidlast gjennom fakta, definisjonar og prosedyrar? Jau, det er sjølve refleksjonen. Det som skiljer Susan frå Robert er mellom anna den spontane refleksjonen over problemstillingar innan fagfeltet. Men for å vidareutvikla denne evna til refleksjon og stringent tenking, er det stor hjelp i å få innsyn i korleis ein røynd fagperson faktisk tenkjer. Ei god førelesing bør soleis vera delt høgttenking, der førelesaren tek tilhøyrarane med inn i sine refleksjonar der og då. Når dette er ferskvare, til dømes knytt til spørsmål som er komne opp, er det lite praktisk å laga video av slikt.

Frå pensum til LUB

For nokre år sidan fekk me Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for høyere utdanning (KVR), som mellom anna påla alle utdanningsinstitusjonar å spesifisera eit sett med LUBar for kvart emne i emneporteføljen. LUB stend for læringsutbyttebeskrivelse og er eit norsk ord for det Biggs kallar intended learning outcome, sjølve det sentrale omgrepet i samstemt undervisning. Det gjekk lang tid før eg sjølv skjøna poenget med dette, og eg gjorde pliktøvinga som dei fleste andre, ved å gå inn på den eksisterande emneskildringa og sortera det som allereide stod i kategoriane kunnskap, dugleik og "generell kompetanse", det siste eit omgrep eg den dag i dag ikkje har fått tak på.

Det eg ikkje innsåg var at samstemt undervisning, sentrert rundt eit sett med LUBar uttrykte med velvalde verb, representerte ein heilt nytt syn på universitetet og det som gjeng føre seg der. Tradisjonelt er eit emne eller ei førelesingsrekkje retta mot eit pensum. Pensum er definert ved so og som mange sider frå ein eller fleire tekstar. Målet for studenten er, i løpet av semesteret, å koma so langt som mogeleg i forståing av dette pensumet. Eksamen testar i kor stor grad denne forståinga er oppnådd.

Spørsmålet er altso ikkje om du har forstått eller ikkje forstått, men kor langt du er komen i forståing. Ein LUB er noko anna. Det er ei skildring av eit utbyte som du kan veta med deg sjølv at du har oppnådd når du har oppnådd det. Det gjev tryggleik for studenten både undervegs i semesteret og i eksamensførebuinga når den eine LUBen etter den andre kan kryssast av som oppnådd. Slik tryggleik fins ikkje i den tradisjonelle universitetsmodellen. Og det er heile poenget! Du vert aldri ferdig med å forstå. Tydelegast manifesterer denne tenkinga seg i karakterskalaen som vart nytta i mange studium. Den gjekk frå 1,0 (best) til 6,0 (dårlegast) og han var inndelt i tidelar. Det gjev 51 mogelege karakterar, og i praksis vart aldri heile skalaen brukt. På NTH var praksisen å berre nytta halv-karakterar, ved andre studiestader vart tidelane nytta, men i praksis berre eit viss intervall. Innan enkelte disiplinar vart soleis karakteren 2,0 ein særs god karakter, og 1,9 var berre nytta i særskilde tilfelle. Kva med 1,0? Utenkjeleg. Sjølv ikkje professoren var på det nivået, rett og slett utifrå tanken om at kunnskap ikkje er ein endeleg storleik. Forståing er eit livslangt prosjekt, noko me strekkjer oss etter og aldri vert ferdige med.

Denne tankemåten hadde lege til grunn for all mi undervising. Me har eit pensum, me tilbyd studentane førelesingar og øvingsoppgåver innan dette pensumet, og so er det opp til kvar enkelt student, i løpet av semesteret, å koma so lang som mogeleg i forståing. Sjølv er eg ikkje i mål, og opplever kvar gong eg underviser eit kurs å sjå samanhengar og perspektiv eg tidlegare ikkje har vore merksam på. For studenten gjeld tilsvarande. Det han eller ho ikkje har nådd innsyn i i eitt semester, kan falla på plass i neste, når det same temaet dukkar opp i eit anna emne. Ein slik modell høver framifrå for Susan, som er innstilt på å bruka resten av livet til auka erkjenning, og fell heilt naturleg for oss som sjølve var av Susan-typen då me var studentar.

Men so gjekk det altso opp for meg at samstemt undervisning er ein alternativ måte å tenkja utdanning på. I staden for å servera eit pensum og sei "ver so god, forsyn dykk, forstå det so godt du kan", skal me definera eit sett læringsutbyte, helst med velvalde verb som uttrykkjer kva studenten skal kunne gjera ved slutten av semesteret. I løpet av semesteret gjev me so studentane eit sett gode aktivitetar der dei øver på nett desse verba, og so vurderer me kvar enkelt student utifrå kor godt vedkomande kan utføra det verba uttrykkjer. Som sagt: for Susan spelar det mindre rolle, men for Robert er dette måten å få han til å gjera som Susan i større grad enn før.

Då eg innsåg dette, slo det meg at dette må prøvast. Men kva er eit godt verb for å uttrykkja eit læringsutbyte? Eg vart rådd til å konsultera Blooms taksonomi. Det er ei liste over seks ulike nivå av læring, der det lågaste er hugsa og det høgste er skapa. Kvar kjem so forståing inn? Ifylgje Bloom høyrer verbet forstå inn på det nest lægste nivået, altso so vidt over hugsa. So langt kom eg med Bloom. Det eg tenkjer bruka livet på, og veit eg aldri vert ferdig med, er rekna som eit av dei lægre nivåa av lærdom. (Eg har etter kvart funne andre taksonomiar med ein ordbruk som betre stemmer med mitt kunnskapssyn, men det er ei anna soge.)

Det me aller helst ynskjer på universitetet er å hjelpa kvarandre til å forstå, og det viktigaste skiljet mellom eit universitet og ein skule er – etter mitt syn – at forståing er noko me aldri fullt ut når fram til. Difor er verbet å forstå noko eg aldri vil bruka i formulering av eit læringsutbyte.

Universitet eller skule

Krav og forventingar til oss som arbeider med forsking og utdanning ved universitetet er i endring, ikkje minst når det gjeld utdanning. Eg har ovanfor peika på omgrep som omvendt undervisning, samstemt undervisning og læringsutbyteskildringar som me som undervisarar vert bedne om å ta stilling til – og helst ta i bruk.

Høyrde eg eit fnys?

Somme tenkjer nok at alle desse nye omgrepa nettopp er slikt som endrar universitetet frå å vera universitet og til å verta "skule". At me på denne måten nettopp gjer studentane til usjølvstendige elevar.

"Skule" er ein stad elevar "lærer" fakta, definisjonar og prosedyrar som læraren "kan."

Læraren gjev elevane "oppgåver" der dei brukar fakta, definisjonar og prosedyrar. Læraren har ein fasit og sjekkar om elevane har fått rett svar.

På universitetet er problemstillingar det sentrale. Rundt ei problemstilling kan ulike spørsmål formulerast utifrå ulike omgrepsapparat. Desse spørsmåla kan so svarast på på ulike måtar utifrå ulike perspektiv. Studentar, forskarar og undervisarar arbeider saman både med formulering av problemstilling, spørsmål og måtar å svara på. Måten å svara på er det sentrale, ikkje kva som står i ein på førehand utarbeida fasit.

Resultatet av ei universitetsutdanning er kandidatar som har tileigna seg eit kunnskapssyn ein ikkje får på ein "skule". Dette er eit ope kunnskapssyn, der forståing er ein livslang prosess ein aldri vert ferdig med. Det inneber ei haldning som seier at naboen din, kunden din, kollegaen din eller ein du som leiar har under deg, har sett andre aspekt ved ei sak enn du, og at de saman kan koma vidare i erkjenning og saman kan løysa konkrete problem dei stend overfor.

Målet vårt må vera å leggja til rette for at alle studentane våre får utvikla ei slik haldning – både Robert og Susan. Då treng me ta i bruk betre måtar å organisera utdanninga på. Om so studentane omtalar institusjonen vår som "skule", får det våga seg. Det noverande NTNU er, med unntak av Vitskapsmuseet, resultatet av fleire steg med fusjonar av lærestader som alle hadde skule/skole i namnet sitt.

Men: Eg kjem aldri til å omtala studentane mine som elevar. Når nokon gjer det, hender det eg må fnysa litt.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.

Lars Lundheim
Lars Lundheim er en av UAs seks gjesteskribenter. 
        
            (Foto: Kristoffer Furberg)

Lars Lundheim er en av UAs seks gjesteskribenter.  Foto: Kristoffer Furberg

  • Utdanning: Sivilingeniør 1984, Dr. Ing. 1992.
  • Noverande jobb: Professor ved Institutt for elektroniske system, NTNU.
  • Tidlegare roller i UH: Fyrsteamanuensis Trondheim ingeniørhøgskole/Hist 1992-1997 Fyrsteamanuensis Institutt for teleteknikk / Institutt for elektronikk og telekommunikasjon 2002-2010.
  • Faglege interesser: Elektronikk og signalbehandling.
  • Er oppteken av: At universitetet skal leggja til rette for at studentar og tilsette både kan oppdaga og utfalda eit mangfald av talent.
UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet. Kommentarer som inneholder lenker må godkjennes manuelt. Det kan derfor ta noe tid før slike kommentarer dukker opp i kommentarfeltet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Rekordmange millioner til innovasjon i offentlig sektor

Kommuner, fylkeskommuner og statlige virksomheter skal samarbeide med forskere om å løse samfunnsutfordringer.

Finsk pris til «Jenter og teknologi»

- Anerkjennelsen fra Finland motiverer oss enormt i vårt arbeid med å øke mangfoldet av teknologisk kompetanse, sier Karoline Løvall i samarbeidsprosjektet Jenter og teknologi.

Dagsprogram mandag

Dagen starter med nanoteknologi og rent vann. Siden kommer Stephen Fry og Erik Solheim.