Ytring:

Prestekontora bør få bli

Eg blei uvel da eg høyrde om vedtaket om å kaste ut studentprestane og opplevde at eg måtte skrive.

Leserbrev-skribenten med Nidarosdomen i bakgrunnen.
Publisert

Christian Hallvard Dahl Nielsen sine argument blei eg derfor svært glad for at kom fram og eg støttar dei. Ja, stillingane knytt til prestetenesta er lønna av kyrkja, altså gratis for NTNU og det er eit lågterskeltilbod. Eg håpar verkeleg at tilbodet får halde fram og eg har nytte av det som student. Altså er det ikkje bare eksterne som meiner dette. Dernest vil eg peike på eit par argument i tillegg om openheit for livssyn og arealbruk som eg meiner kan henge saman med andre samfunnstrukturar.

Gjennom studentprestane sitt arbeid hadde ein for få år sidan ein del møter med religionsdialog der vi samtalte om ulike tema. Gjennom dette kom eg meg på besøk til ein moske og fekk oppleve og høyre korleis nokre kjende det med sine heilage stader. Katolikkar og anglikanarar var både ein del med i studentprestane sine tilbod og kunne her få kome fram med det som var spesifikt annleis for dei. Ein annan gong var eg ein av få studentar i tillegg til studentprestar og muslimske studentar som møtte opp på føredrag av ein imam frå USA eller England som muslimske studentar hadde invitert til Gløshaugen. Det var svært gjevande og gav ny kunnskap og innsikt om tru og veremåte. Altså kan dette vere ein arena for brei og viktig kunnskap. Absolutt alle studentar uavhengig av tru og tilhøyrsle er i aukande grad med i Nidarosdomen på gratis open kyrkje ved semesterstart der vi kan få gå og nesten krabbe både høgt og lågt i domen. Studentar frå studentmenigheita plar hjelpe til. Det må kunne sjåast på som studentfrivilligheit. Det same gjeld ved besøk av internasjonale studentar. Der har eg kome i samtale både med hindu og muslim og eg har fått vore saman der og på prestekontoret med gode kjende som var ateistar. Friends and food i regi av studentprestane hadde heller ingen krav om tru (Akkurat no nede grunna korona). Eg tenkjer alt dette ikkje ville vere så tett på og ope om ikkje der også var ein stad på campus ein kunne gå og arbeide frå, vere kjende.

Andre profesjonar som studentar kan ha støtte i, som helsesjukepleiar og psykologar, er få dagar tilstades, dekkjer litt andre behov, har ikkje heilt same kompetanse eller røynsle med menneske i sorg og har ikkje fullt så sterk eller lik tausheitsplikt som prestane. Tilretteleggingstenesta og andre rådgjevarar for studie og også vaktmeister er ikkje alltid like lett å nå fysisk lenger. Dei skal helst bestillast på nett. For nokon er nettet ein lågterskel for andre det stikk motsette.

Universitetet har elles lagt seg på ei line at alt skal samlokaliserast, men det vil ta år. Dersom ein skal kunne halde på eit tverrfagleg tilbod og nærleik bør prestane få bli. Det er ille nok at ein ikkje lenger kan studere kristendom eller teologi eller gresk som fag ved NTNU anna enn nokre få studiepoeng under religion. Latin finst. Ekstra ille er det når ein tenkjer på at Trondheim med Nidarosdomen har vore og er eit av dei største kristne pilegrimsmåla og at preses for den norske kyrkja er her. Noregs folk inkludert mange innvandrarar har svært stor prosenttal som medlemmar av den norske kyrkje eller andre kristne kyrkjelydar. Slik vil eg meine at eventuell utskvising av prestetenesta kan forståast saman med at humanistiske og samfunnsvitskaplege fag og tilhøyrande arenaer synest ha kome på jumboplass i arealplassering og fagønskje i dette naturvitskaplege universitetet.

Arealkampen synest vere den store kampen. Dette synest for meg svært stakkarsleg når eg veit at NTNU på sikt no har gitt frå seg dei flotte areala med utvidingsmoglegheitene som dei har på campus Dragvoll. Tidlegare artikkelforfattar skreiv elles godt om kor viktig det er å ha eige kontor og kunne sjå for seg kvar ulike kjelder og bøker var i førebuings- og skriveprosessar.

Trass i slik kompetanse og forsking har ein både på statsplan og elles gått inn for opne kontorlandskap og færre faste kontor samstundes med at ein arbeider for nullutsleppsbygg. Skal vi heller ikkje da ha råd til areal? Ein kan da ha grøntareal og dyrke grønsaker på taka i tillegg til solceller med meir!

Eg synest det er svært ubehageleg å måtte snakke med tilsette på enkelte institutt i telefon eller fysisk når eg veit at andre kan lytte. Kjem ein på døra må tilsette leite etter ledig rom, som gjerne er lite og med dårleg luft, eller ein krok der kven som helst kan kome forbi. Verken leitinga etter samtalerom eller eige arbeid synest effektivt for tilsette eller meg som student. Statens lånekasse stengde dørene for fysiske møte fullstendig for få år sidan og NAV har avgrensa opningstid og det til og med i koronatid. Slik kan det iallfall ikkje vere ved kanskje enda vanskelegare samtalar med prestar.

Sjølv kunne eg tenkt meg og har spurt om eit kontor der eg kunne hatt leseplass og ved behov på kort tid (ofte få minutt) hjelpt medstudentar og tilsette med akutt hovudpine, stemmeproblem, ryggkink med meir med komplementærmedisin; refleksologi. Kanskje eg kunne få (dels) tilgang til eit rom hos studentfrivilligheita, gjerne på ettermiddag/kveld? (No burde eg kanskje hatt varsel i overskrifta om at reklame er skjult?) Uansett er ikkje det hovudsaka no.

Det som er eit godt innarbeidd, greitt plassert og mye søkt tilbod som prestekontora bør få bli og særleg når andre, men meir avgrensa i sak, sine tilbod er vanskelegare å nå. Prestane har rom for større breidde og behov i tillegg til å vere lågterskel for oss studentar. Kostnaden for NTNU er liten og også tilsette kan ha nytte av vidare tilbod. Dessutan er dei nyttige som fagdisiplin teologi i eit tverrfagleg fagmiljø også for meg som student.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.