Eit førtieittårsminne

På gamle NTH lærde eg mykje om å finna svar, men lite om å stilla spørsmål, skriv Lars Lundheim.

For å gjera gode og rette ting må me kunne stilla gode og rette spørsmål. Og då trengs det fagpersonar med ulike perspektiv.
Publisert Sist oppdatert

«Kva er det som gjer at det der er ein hund?» Det var eg sjølv som stilte spørsmålet. Åt meg sjølv. Inne i meg.

Og eg måtte le av meg sjølv. Tenk å stilla eit slikt spørsmål. «Kva er det som gjer at det der er ein hund?» Hunden stod framfor meg på jarnvegsstasjonen i Trondheim. Det var pinseaftan 1979 og eg skulle ta toget til Dombås og vidare derifrå til Åndalsnes, so bussen til Spjelkavika og skifta til Mørebil sin gulgrå Scania Vabis i retning heimbygda.

Eg måtte le av meg sjølv. Tenk å stilla eit slikt spørsmål. Tenk å vera so susete i hovudet. Men det hadde si naturlege forklaring. Eg kom rett frå eksamensbordet på Lade. Eg hadde teke min fyrste eksamen ved Universitetet i Trondheim, den delen som heitte Noregs Læararhøgskole Trondheim, NLHT. Ikkje det at eg hadde tenkt å verta lærar, heller ikkje gjennomføra noko studium ved NLHT. Eg hadde trass alt studieplass ved NTH, linje for teknisk fysikk frå hausten. Denne eksamenen hadde eg teke for moro skuld. Eller moro? Eg avtente fyrstegongsteneste ved Ørland flystasjon, og eitt av fritidstilboda var å delta i undervisning for førebuande prøve, Examen Philosophicum. Me hadde vore ei åtte-ti soldatar som møtte til fyrste førelesing, og det var faktisk moro. Eller i alle fall interessant, tankevekkande. Me fekk nokre intensiv-førelesingar i logikk og filosofihistorie med Sverre Sløgedal og psykologi med Jan Heim. Deretter måtte me lesa pensum på eiga hand. Eksamen var 2. juni, og me kunne søkja velferdspermisjon. Og no hadde eg altso site åtte timar ved eksamensbordet og skrive side opp og side ned.

Ikkje rart eg var tussut i hovudet. «Kva er det som gjer at det der er ein hund?» Det var eit spørsmål av ein type eg aldri før hadde stilt meg. Banalt, samstundes presist og prinsipielt. Som ein parodi på ei filosofisk problemstilling, tenkte eg med ein smil. Eg gjekk til kupeen og fann fram Wodehouse.

Om nokre få dagar er det nøyaktig førtieitt år sidan eg såg den hunden. Eg har enno ikkje formulert noko svar på kva det var som gjorde hunden til hund, men eg har stilt mange spørsmål av liknande slag. Spørsmål som kanskje kan likna parodiar på filosofiske problemstillingar, men som har vore med på å gje meg perspektiv over arbeid med matematikk, fysikk og teknologi.

Eg var nok litt susete i hovudet etter dei åtte timane ved eksamensbordet, men det var ikkje heile forklaringa på at eg spurde «Kva er det som gjer det der til ein hund?» Det hadde skjedd noko med meg som person.

Litt høgtideleg vil eg seia at det Sløgedal og Heim gjorde i førelesingane på Ørlandet den gongen, var å planta eit frø i meg. Eit frø som etter kvart vaks til ei erkjenning om at det er mykje vanskelegare å finna dei rette spørsmåla enn dei rette svara. Eg seier ikkje at svara ikkje er viktige, men dersom spørsmåla ikkje er gode, er svara verdlause.

På gamle NTH lærde eg mykje om å finna svar, men lite om å stilla spørsmål. Men det var ei utdanning der ein nærast var garantert å få ein jobb etterpå, gjerne ein brukbart betalt ein, og. Dessutan fekk ein same tittel som Sivilingeniør Erik Tandberg, som nesten hadde vore på månen.

Eg visste ikkje kva jobb eller tittel ein kunne få med eksamen frå NLHT, men tida var forlengst omme då det var underforstått at ein skulle verta lærar. NLHT var ein del av Universitetet i Trondheim, og ein tok grunnfag, mellomfag og hovudfag innan ymse disiplinar, slik dei gjorde på andre norske universitet. Kva dei lærde i desse studia visste eg fint lite om – bortsett frå exphil, då. At dei kanskje i større grad enn på NTH øvde seg i å stilla gode spørsmål, har eg i ettertid fått klårare føre meg.

Me som driv med ingeniørutdanning er medvitne om at problemstillingar i dagens samfunn er tverrfaglege og krev lagarbeid. Sivilingeniørar kan alltids laga robotar, duppedittar og appar som gjer imponerande ting. Men for å gjera gode og rette ting må me kunne stilla gode og rette spørsmål. Og då trengs det fagpersonar med ulike perspektiv. Kor mange av kvart slag som trengs er eit innfløkt spørsmål, og kanskje ikkje veldig viktig. Men mangfaldet er viktig, og det sikrar me ikkje ved å måla kor mange som «får jobb» rett etter endt utdanning. Kanskje er det nettopp dei som brukar meir enn «normert» tid, som gjeng nokre ekstra krokvegar, som kan hjelpa oss til å stilla dei ikkje opplagde spørsmåla. Det ynskjer eg stortingspolitikarane skal ta inn over seg.

Sjølv skal eg grunda litt meir over den hunden.