Ytring:

Lydige Laura

Lydige Laura skal du straks få høyra meir om, men fyrst vil eg rapportera litt.

Eg høyrer av og til at "dette må me gjera fordi NOKUT seier det". Då er ein fullstendig over i stå-til-ansvar-grøfta, og mitt inntrykk er altso at det ikkje er der NOKUT ynskjer oss, skriv Lars Lundheim.
Publisert Sist oppdatert

For nokre veker sidan deltok eg på den årlege NOKUT-konferansen i Oslo. NOKUT er altso forkorting for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, sjølvaste vaktbikkja i universitets- og høgskulesektoren her til lands. NOKUT gjev og NOKUT tek – akkrediteringar og godkjenningar. Dei som sist har fått kjenna organets rame pust i nakken er Nord universitet, som stend i fåre for å missa akkreditering om dei ikkje ryddar oppi doktorgradsprogramma sine. Det er heller ikkje mange år sidan me ved NTNU fekk ompuss på kvalitetssikringssystemet vårt.

Det var difor med ikkje so lite spaning eg for fyrste gong var med på denne årvisse samkoma i løvehola. Tru kva nye strenge påbod dei ville koma med no.

Det kom ingen nye strenge påbod. Faktisk fekk eg høyra av tre uavhengige NOKUT-tilsette at institusjonane (altso oss) av og til er for strenge med å implementera NOKUTs krav i lokale regelverk. Det er som om universiteta tek litt ekstra i for å vera på den sikre sida. Og det var ikkje meininga.

Det kan synest som om universiteta er litt slik som mange av studentane våre. Etter 12-13 år i det norske skuleverket, har dei lært kva som skal til for å oppnådet dei aller helst ynskjer – gode karakterar. Kva er det som skal til, då? Jau, dei må finna ut kva læraren vil, og so gjera det læraren vil dei skal gjera – og helst litt til. Slike studentar må stimulerast til å vilja noko sjølve, det er nemleg det som trengs når dei om få år skal ut og forbetra samfunnet vårt.

Mitt inntrykk var at NOKUT òg ynskjer seg sjølvstendige, viljande institusjonar. Dette kom mellom anna til uttrykk gjennom det inviterte innslaget frå Tone Dyrdal Solbrekke, professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo. Solbrekke snakka om to ulike ansvarslogikkar. På engelsk har ein to ord for det norske ordet ansvar. På den eine sida har me responsibility, som handlar om å ta ansvar, medan me på den andre sida har accountability , som dreier seg om å stå til ansvar. Tradisjonelt er universiteta prega av ein kultur der sjølvstendige aktørar tek ansvar for sine fagfelt, forskingsaktivitetar og utdanningar. Dette skjer utifrå ein tillit frå samfunnet og resulterer i proaktiv handling. I vår tid er denne kulturen under press frå "New Public Management", som baserer seg på at institusjonar skal stå til ansvar. Tillit er erstatta av kontroll, og den proaktive handlinga vert erstatta av ei reaktiv.

Solbrekke påpeikar at me som utdanningsinstitusjonar stend i eit spenningsfelt mellom desse to ansvarslogikkane, og at utfordringa er å finna "legitime kompromiss". Både som institusjon og enkeltpersonar stend me i fåre for å hamna for langt i den eine eller den andre retninga i leitinga etter slike kompromiss.

Eg måtte tenkja på ein kollega eg hadde for ein del år sidan. Han hadde hovudstilling i Sverige og delstilling ved vårt institutt. Eit stykke utpå kvelden under ei sosial samkome, drøfta me mellom anna måten me som vitskapleg tilsette innretta oss (eller ikkje) etter påbod ovanfrå. "Ni fattas civilkurage!" var domen hans over oss. Samanlikna med svenske universitetstilsette, var me in Noreg altfor lydige, noko som gjorde at me brukte tid og energi på slikt me godt kunne la vera.

Lasse Ågård og Christer Ellgren kjem litt inn på dette i boka Ericsson: Historien om ett svensk företag. Dei peikar på ein "olydnadskultur" der ansvarlege ingeniørar i Ericsson Radio Systems ofte gjorde det motsette av kva sentralleiinga hadde sagt, og at denne kulturen gav den naudsynte fleksibiliteten som trengs når både samfunnet og teknologien er i snøgg utvikling.

Eg høyrer av og til at "dette må me gjera fordi NOKUT seier det". Då er ein fullstendig over i stå-til-ansvar-grøfta, og mitt inntrykk er altso at det ikkje er der NOKUT ynskjer oss. Ansvarlege aktørar skal sjølvsagt stå til ansvar, men då helst utifrå kriterium som aktøren sjølv skjønar poenget med, og som samsvarer med det ansvaret aktøren sjølv tek.

Eit konkret døme frå min eigen kvardag er emnerapportane som me i NTNU sitt kvalitetssikringssystem skal levera etter kvart semester. Desse har eg nesten alltid levert for seint. Ikkje fordi eg har vore medviten ulydig, men fordi eg nyttar desse rapportane som eit aktivt verkty for å auka kvaliteten på mi eiga undervisning. Dermed legg eg ned mykje arbeid i dei, so dei sjeldan vert ferdig i tide. Det er min måte å ta ansvar. Andre typar rapportar, som eg ikkje so tydeleg ser poenget med, kan eg utføra med harelabb, og soleis stå til ansvar. Om dette er døme på "legitime kompromiss," skal vera usagt.

Her kjem lydige Laura:

RAPPORTERING

Lydige Laura har tidleg lært,
alltid å gjera sitt beste.
Å yta litt ekstra syns sjefen er svært,
og Laura får ros, for det meste.

Alle rapportar vert laga med flid,
men når ho skal til å få gjort
eit meiningsfylt dagsverk, nei då er det tid
å starta på neste rapport.

Du skal ikkje gjera som Laura gjer,
når krava vert fleir og fleir.
Gjev keisaren dette som keisarens er –
men ikkje eit øre meir!