Ytring
NTNU må sette av tid til medbestemmelse
Tillitsvalte på fakultetsnivå er i dag forventa å bruke fritida si på fagforeiningsarbeid, skriver Unni Eikeseth.
- Det følgjer null ressursar med å vere representant i LOSAM. Du må altså ta på deg dette vervet i tillegg til dei andre faste oppgåvene dine, skriver førstelektor Unni Eikeseth.
Foto: Synne Mæle
Dette er en ytring. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens mening.
Nyleg gjekk det ut ein epost frå leiaren i Forskerforbundet til
medlemmer i heile NTNU med spørsmål om å stille som kandidat i valet til nye
representantar i LOSAM på ulike fakultet. Eg er svært engasjert i
arbeidslivstematikk og har mykje erfaring frå fagforeiningsarbeid. Derfor kunne
eg godt tenke meg å stille opp, og eg tok kontakt for å høyre kva for
ressurs som følgjer med vervet.
Svaret sjokkerte meg: Det følgjer null ressursar med å vere
representant i LOSAM. Null. Du må altså ta på deg dette vervet i tillegg til
dei andre faste oppgåvene dine.
Enig eller uenig?
Send oss din ytring på
For dei som ikkje veit det er LOSAM eit formelt organ for medbestemmelse
på fakultetsnivå, det nest øvste medbestemmelsesorganet ved NTNU. LOSAM ved mitt eige fakultet, Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap (SU), har som
hovudregel møter ein gong i månaden. Her drøftar arbeidsgivar og fagforeiningar
svært viktige saker som angår tilsette sin arbeidskvardag; som til dømes endringar
i organisasjonsstruktur, ressursar eller til og med omstilling og nedbemanning,
som var eit viktig tema i 2024.
Mi fagforeining, Forskerforbundet, har 430
medlemmer på SU-fakultetet. Dette er ei stor gruppe medlemmer som ein skal
representere og sikre rettigheitene til. Dette arbeidet forventar altså NTNU at
ein skal gjere i tillegg til faste oppgåver, som vil seie at ein må gjere det i
fritida. Til samanlikning hadde eg set av ei 20% stilling til
fagforeiningsarbeid då eg var tillitsvalt for cirka 150 medlemmer ved NRK på
Tyholt.
Medbestemmelse er lovpålagt etter arbeidsmiljølova, og i § 8-2 står
det at tillitsvalte skal ha moglegheit til å sette seg inn i saka, føreta
undersøking, vurdere saka og førebu eventuell drøfting. Det seier seg sjølv at
dette ikkje er mogleg når tillitsvalte på fakultetsnivå ved NTNU blir forventa
å stille opp på fritida si for å gjere denne viktige jobben.
Leiarar og administrasjon kan bruke 100 prosent av arbeidstida si til å førebu
saker. Dersom NTNU verkeleg vil legge til rett for medbestemmelse slik det er
skildra i lova, må tillitsvalte sjølvsagt også få sett av tid til å kunne utføre
sin jobb. NTNU vil dessutan tene på dette, då det vil føre til betre avgjerder
og eit betre arbeidsmiljø for alle.
Viss nokon lurar slo eg raskt ifrå meg tanken om å stille som kandidat
i valet til LOSAM-representant.