NTNU og UiO seier nei til IT-system: Risikoen er for høg
Universitetane slår fast at dei ikkje vil innføra Felles IAM. Dersom departementet held fast ved pålegget, krev NTNU at departementet tek rekninga for eventuelle personvernbøter.
GIR IKKJE DIGITALT HANDLINGSROM: For NTNU er det også viktig å halda på og styra sitt digitale handlingsrom, og det er særleg tungvegande for standpunktet til NTNU. Felles IAM oppfyller ikkje dette. Det går fram av eit brev organisasjons- og infrastrukturdirektør Bjørn Haugstad og IT-direktør Jan Eirik Eggan har sendt til Kunnskapsdepartementet.Foto: Felix Seifert/NTNU
Martin ToftMartinToftUniforum
PublisertSist oppdatert
I kvart sitt brev til Kunnskapsdepartementet (KD) slår NTNU og UiO fast at dei meiner risikoen ved å innføra eit felles IT-system for identitets- og tilgangsstyring er for høg. Det skriv Uniforum.
Både Universitetet i Oslo og NTNU har i dag kvar sine eigenutvikla system som i stor grad utfører dei same oppgåvene som det felles identitets- og tilgangsstyringssystemet som Sikt Kunnskapssektorens tenesteleverandør har kjøpt inn til bruk i heile universitets- og høgskulesektoren.
Det heiter RapidIdentity og er utvikla og eigd av det amerikanske selskapet Identity Automation (IA). Det blei nyleg kjøpt opp av Jamf Holding Corp som er eigd av det amerikanske selskapet Francisco Partners.
Det blir drifta av serverar lokaliserte i Stockholm, og desse er eigde av eit anna amerikansk selskap, nemleg Amazon Web Services.
Sette Felles IAM på vent
I kontrast til RapidIdentity står Cerebrum, UiOs eige identitets- og tilgangsstyringsverktøy. Det er eigenutvikla og baserer seg i motsetning til RapidIdentity på ein open kjeldekode.
Slik har UiO full kontroll på data, utviklingstakt og funksjonalitet. Alle dei ulike data kan også behandlast i ein eigen infrastruktur, går det fram av ei av utgreiingane som UiO har fått utført i samband med pålegget frå KD.
NTNUs eigenutvikla system BAS har mange av dei same funksjonane som Cerebrum.
Før sommarferien kom Kunnskapsdepartementet med pålegget om at også UiO og NTNU måtte innføra systemet RapidIdentity, trass i at UiO hadde det sjølvutvikla verktøyet Cerebrum og NTNU hadde BAS. Det vekte sterke reaksjonar hos dei to største norske universiteta.
Då Eileen Fugelsnes (Ap) overtok stafettpinnen som forskings- og høgare utdanningsminister, var noko av det første ho gjorde å setja innføringa av Felles IAM på vent.
No har altså UiO og NTNU brukt ventetida til å laga kvar sine utgreiingar om kvifor dei to institusjonane ikkje ser det som tilrådeleg å innføra systemet RapidIdentity.
Vil svekka informasjonstryggleiken
I brevet som UiO nyleg har sendt til Kunnskapsdepartementet, peikar universitetsdirektøren og IT-direktøren ved UiO på at Felles IAM er ei teneste som vil utfordra universitetet sitt samfunnsoppdrag og lovpålagde ansvar på tre hovudområde.
Det første handlar om svekka informasjonstryggleik og digital suverenitet. Ein overgang frå dagens kjernesystem til ein amerikansk leverandør vil skje utan tilstrekkeleg kontroll på innsyn, logging eller endringshandtering, skriv dei to direktørane.
Det andre området gjeld kritiske funksjonsgap og auka kompleksitet. Dei meiner at løysinga manglar kjernefunksjonalitet UiO er avhengig av. Derfor kan ikkje UiO leggja ned Cerebrum.
KLART NEI TIL PÅLEGG: Universitetsdirektør Arne Benjaminsen seier eit klart nei til pålegget frå KD om å innføra eit nytt fellles identitets- og tilgangsstyringssystem.Foto: Ola Gamst Sæther
Det siste hovudområdet dei peikar på, er at innføringa av Felles IAM får negative økonomiske konsekvensar. Det vil påføra UiO ganske store meirutgifter utan at det utløyser målte eller talfesta gevinstar, går det fram av brevet.
Også NTNU-leiinga står fast på at dei har bestemt seg for å halda på dagens løysing BAS, som er ei vidareutvikling av UiOs Cerebrum, men tilpassa behova til NTNU.
Vurderingane som ligg til grunn for dette, listar organisasjons- og infrastrukturdirektør Bjørn Haugstad og IT-direktør Jan Eirik Eggan opp i eit brev til Kunnskapsdepartementet.
Der peikar dei på fordelane med å halda fram med dagens system BAS:
NTNU held styringa og kontrollen over totaliteten av identitetar i eit system slik at system- og superbrukarar kan administrerast effektivt og heilskapleg saman med ordinære brukarar.
NTNU styrer og bestemmer sjølv prioriteringar på utvikling av integrasjonar og nivå på driftsstabilitet. Gjennom BAS er NTNU digitalt suveren og kan tilpassa denne løysinga fritt til annan nødvendig infrastruktur og andre system,vert det peika på.
BAS er kostnadseffektiv, og interne drifts- og utviklingskostnader vil liggja godt under tenesteavgifta for løysinga til Sikt.
NTNU sparar pengar på å ha berre eitt system for brukarhandtering.
Her blir det vist til at NTNU allereie har investert pengar gjennom innføring av BAS. Samtidig vil innføring av Felles IAM koma på mellom 17 og 20 millionar kroner ekstra, peikar Haugstad og Eggan på.
For NTNU er det også viktig å halda på og styra sitt digitale handlingsrom, og det er særleg tungtvegande for standpunktet til NTNU. Felles IAM oppfyller ikkje dette, meiner dei. NTNU kallar det også prematurt og heller ikkje nødvendig for NTNU å innføra Felles IAM.
Heilt til slutt i brevet legg dei to NTNU-direktørane inn eit krav om at dersom Kunnskapsdepartementet held fast på pålegget sitt, må det også koma med ei stadfesting om at departementet aksepterer dei fylgjande punkta:
Ei eventuell bot for brot på personvernlovgjevinga må berast av Kunnskapsdepartementet. NTNU vil ha auka kostnader då NTNUs BAS-løysing må driftast parallelt i mange år framover. Det vil innebera auka kostnader og risiko for NTNU.
Kunnskapsdepartementet aksepterer at NTNU innfører ei løysing som overstig NTNUs akseptable risikonivå.
Vil kosta UiO 30 millionar kroner
I ei utdjuping av kostnadane går det fram at det vil kosta UiO rundt 30 millionar å kjøpa RapidIdentity, og betala Sikt for å installera det. Samtidig vil UiO årleg måtta betala fem millionar kroner til Sikt Kunnskapssektorens tenesteleverandør for å drifta systemet.
UiO kjem også med juridiske argument for å seia nei til Felles IAM. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen og IT-direktør Gard Thomassen trekkjer fram at pålegget frå Kunnskapsdepartementet ikkje fritar UiO frå det sjølvstendige behandlingsansvaret etter GDPR-regelverket eller krava i digitalsikkerheitslova. Dei framhevar også at Felles IAM manglar ein tilfredsstillande og utprøvd strategi for å gå ut av systemet (exit-strategi) og bind UiO til ei leverandørkjede der utanlandske styresmakter i ytste konsekvens kan påverka tilgangen til kritiske forskingsdata.
Ei risikovurdering som UiO har gjort, avdekkjer også at det finst 72 risikoar, og at 32 av dei vert vurderte som høge. Fleire av desse gjeld særleg tap av direktestyring med leverandørar, manglande kontroll på automatiske oppgraderingar og at administratorane til Sikt får full tilgang til UiOs brukardatabase og roller.
Det blir også vist til at funksjonelle manglar tvingar fram dobbeldrift. Modellen for Felles IAM som Sikt har gått til innkjøp av, manglar støtte for privilegerte driftsbrukarar, Application Programming Interface /API (ei løysing som gjer at ulike program kan snakka med kvarandre), førutlevering av tilgangsdata til 50 integrerte system, tillitsnivå (LoA) og automatiserte løysingar for internasjonale studentar og forskarar.
Positivt at saka blir grundig gjennomlyst
Konsekvensen blir at UiO må oppretthalda den lokale IAM-strukturen ved sida av det påtvinga systemet, går det fram av brevet frå dei to UiO-direktørane.
Dei understrekar at UiO støttar målet om auka samhandling i universitets- og høgskulesektoren, men dei meiner at løysinga ligg i felles prosessar og i opne API-standardar. Derfor ynskjer UiO å bidra til felles plattformer, basert på open kjeldekode som sikrar nasjonal kontroll, høg tryggleik og digital suverenitet i samsvar med dei statlege føringane.
Brevet blir avslutta med at UiO ser det som positivt at saka no blir grundig gjennomlyst før det endelege vegvalet blir tatt. Samtidig opnar dei for å stilla i eit dialogmøte med Kunnskapsdepartementet.
Breva frå UiO og NTNU byggjer på fleire lokale utgreiingar om konsekvensane ved å innføra Felles IAM på desse to institusjonane. I arbeidet med denne artikkelen har Uniforum gått gjennom desse utgreiingane.
Uniforum har også bede forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes om å kommentera argumenta til UiO og NTNU mot pålegget frå KD. Hennar kommentarar vil koma i ei oppfylging av denne saka.