Ungarn
- Landsbyfolket har bytta side
- Det var ei stor overrasking med ein så stor majoritet til Péter Magyar, seier Ungarn-ekspert Eva Sarfi. Ho har også inntrykk av at folk no håpar på meir akademisk fridom.
«De må ikkje vera redde» – Slagordet til Magyar har nådd fram. Folk har sagt at dei ikkje vågar å meina noko, men til slutt har dei stemt på Tisza, konstaterer førstelektor i Aust-Europa-studiar Eva Sarfi.
Foto: Ola Gamst Sæther
Tidleg søndag blei det klart at opposisjonkandidaten Péter Magyar ville vinna valet i Ungarn og få to tredels fleirtal for sine støttespelarar i det ungarske parlamentet.
Etter at 97,35 prosent av stemmene var talde opp, viser det seg at Magyar og partiet Tisza får 138 mandat i parlamentet, samtidig som partiet Fidesz berre har fått inn 55 mandat, melder E24. Det er til saman 199 seter i det ungarske parlamentet.
Førstelektor i Aust-Europa-studiar og Ungarn-ekspert Eva Sarfi legg ikkje skjul på at ho blei overraska.
- Når det gjeld valdistrikta og kandidatane derifrå, så trudde eg dei var Fidezs-dominerte. Men landsbyfolket har bytta side, slår ho fast i Uniforum.
«De må ikkje vera redde»
Eva Sarfi gir Péter Magyar og valkampanjen hans æra for at også folk på landsbygda vågde å stemma på partiet hans Tisza.
- Magyar hadde slagordet «De må ikkje vera redde» medan Fidezs sa «Berre me kan forsvara dykk». Alle ordførarar og fleire har vore Fidezs-dominerte. Slagordet til Magyar har nådd fram. Folk har sagt at dei ikkje vågar å meina noko, men til slutt har dei stemt på Tisza, konstaterer ho.
– Har tatt nederlaget som ein statsmann
I førre veke sa Eva Sarfi til Uniforum at uansett valresultat, så ville det bli kaotisk i Ungarn etter valet. No noterer ho seg at det ikkje gjekk akkurat slik.
- Viktor Orban ringte til og med Péter Magyar og gratulerte han med sigeren og sa god natt. Han har tatt nederlaget som ein statsmann.
Eva Sarfi peikar på at alle ungararar no er kjempeslitne og vil falla litt til ro.
- Magyar har sagt at han vil vera statsminister for alle, og alle skal få lov til å meina det dei vil, i media og i samfunnet. No skal det bli slutt på hatkampanjar som dei hadde tidlegare. No blir det mindre krigshissing, og folk tar ned valplakatane og kvardagen begynner igjen. Mange føler seg letta over ein så stor siger. Då kan det gjennomførast endringar, trur ho.
Vil innføra maktfordelingsprinsippet
Eva Sarfi trekkjer fram at valvinnaren står fram som ein tilhengjar av ei demokratisk utvikling i Ungarn.
- Magyar er klar på at det er den vegen han vil gå. Han vil innføra checks and balances, altså maktfordelingsprinsippet og har oppfordra mange til å gå av. Det gjeld både leiaren for Riksrevisjonen, leiaren for Høgsteretten og presidenten. Først kan du utpeika meg som statsminister, og så kan du gå av, har han sagt til presidenten. Fleire av dei har sagt at dei ikkje aktar å gå av, seier ho.
- Kva verknad vil valresultatet ha på den akademiske fridomen for forskarar og andre universitetstilsette i landet?
- Det er eit stort håp om at det vil bli betre.
- Kva med Det europeiske universitet som blei flytta frå Budapest til Wien?
- Det er eit godt spørsmål. Det skal eg undersøkja om partiprogrammet seier noko om.
- Vil bli ein konstruktiv part
Eva Sarfi trur at Europa vil merka at Ungarn har fått ein statsminister med ein ny politikk overfor EU.
- Péter Magyar seier at han vil bli ein konstruktiv part, sjølv om han vil forsvara Ungarns interesser. Det er mange ulike interesser som møtest.
Men når det gjeld Ukraina, er ho ikkje så sikker på at politikken blir endra.
- Han har veke unna mange spørsmål om Ukraina, Han vil ikkje ha eit hurtigspor for Ukraina inn i EU. Det har han blitt einig med Tysklands forbundskanslar Friedrich Merz om.
Anti-Russland
Eva Sarfi trur den aller største skilnaden i utanrikspolitikken vil vera politikken overfor Russland.
- Magyar er meir Russland-kritisk, ja veldig anti-Russland. Det blir ingen nye samtalar med utanriksminister Lavrov eller lekkasjar frå EU via Ungarn. I gatene i Budapest er det no store skilt med denne oppfordringa: «Russarar gå heim», fortel ho.
Det var heller ikkje noko sjakktrekk av USAs president Donald Trump å senda visepresident JD Vance til partimøtet til Fidezs og Viktor Orban rett før valdagen.
- Vance-møtet var ein stor fiasko. Folk blei fly forbanna fordi han kom, og så måtte staten bruka masse pengar på tryggingstlltak. Heile Budapest sentrum blei stengt på grunn av det besøket, fortel ho.
Så må Eva Sarfi heim for å få seg middag, før ho skal til NRK på Marienlyst for å kommentera valresultatet i Ungarn i Dagsnytt 18.