Ytring

Eksamensformer – nokre røynsler

Nokre av oss har freista alternative vurderingsformer over mange år, skriv Ivar Ståle Ertesvåg.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Somme innlegg og ytringar etterlet eit inntrykk av at nokon trur at «gamle proffar» gjerne vil ha skriftleg skuleeksamen utan hjelpemiddel fordi det var sånn det var i steinalderen, då vi var studentar. Det kan vere noko i det – Ein veit kvar ein har, men ikkje kva ein får.

Men det er ikkje berre fordi vi ikkje har freista andre former. Det har vi faktisk, iallfall nokon av oss. Her er noko av det eg har røynt, sett og lært i teknisk termodynamikk ved NTNU.

Enig eller uenig?

Les våre retningslinjer her og send oss din ytring på:

I 2003 innførte vi ei teljande øving (15 % vekt) og midtsemestereksamen (15 %), i tillegg til slutteksamen (70 %). Teljande øving er eit anna namn på heimeeksamen. Du har tilgang til alle hjelpemiddel. I vårt tilfelle var det også lov å samarbeide.

Det første året tenkte eg at studentane skulle få god tid på øvinga; 8 dagar.Så kunne dei gjere øvinga parallelt med andre fag dei hadde.  Skal eg tru somme studentar (og det gjer eg langt på veg), brukte dei all tid på denne øvinga, altså godt over 100 timar.

På eksamen kan du ha 4 timar. Når tida er ute, leverer du det du har fått til. Lærdomen frå den teljande øvinga var at med god tid, gjorde studentane alt. Dei som trong meir tid, la til sides alt anna og brukte så mykje tid dei måtte.

Resultatet var at nesten alle fekk til nesten alt. Eg vil meine at ein student som får til noko på 4 timar er mykje flinkare enn dei som får til nesten det same på 14 eller 40 timar. Men i poengsummane dei fekk, var dette lite synleg. Naturlegvis kan ein lage oppgåver som gjer at også dei flinke brukar all tid. Å finne den grensa er faktisk ei nokså vanskeleg øving; eg har freista det også, meir eller mindre tilsikta.

Etter 7 år slutta vi med teljande øving, men heldt fram med midtsemester- (20 %) og slutteksamen.

Eitt argument framført for å dele opp vurderinga i fleire mindre delar, er at ein stor slutteksamen er ei påkjenning for studentane. Det kan vere. Viktige hendingar er gjerne stressmoment. Samanlikna med dei som før hadde eksamen for heile årsstudium, er 8 slutteksamenar på eit år ei oppdeling. Vert det betre eller verre med endå meir oppdeling i fleire prøver? 

Både teljande øving og midtsemestereksamen eg nemnde ovanfor ga stress for dei fleste studentane (og faglærar og studiekonsulent). Påkjenninga ved slutteksamen vart ikkje mindre. Altså meir oppdeling, meir stress. Kva om du har fire fag med 5 prøver i kvart? 20 prøver på eit semester; minst ei prøve for kvar veke.

Eit anna argument er at med éin slutteksamen er du avhengig av å prestere godt den eine dagen. Ja, det stemmer. Men delar ein opp i, lat oss seie, tre delar med om lag lik vekt – så må du prestere godt minst to dagar. Og du får ikkje A om du ikkje presterer svært godt to dagar, og over middels den tredje. Du har altså fleire høve til å øydelegge den gode karakteren.

Koronaen kom, og alt måtte gjerast digitalt. Det innebar at oppgåvene måtte vere «kreative», så gamle løysingsforslag ikkje vart enkle vegar til svar på heimeeksamen. Dersom dette hadde vart i fleire år, ville nok oppgåvene vorte nokså «sære».

Ikkje alle læringsmål kan prøvast med heimeeksamen. Etter korona heldt vi fram med midtsemestereksamen som digital heimeeksamen, medan slutteksamen framleis var skriftleg under tilsyn.

Ordbruken ved NTNU Studieavdelinga er ei soge for seg. Før i tida (altså før koronaen) var «skriftleg eksamen» ei sak med oppgåver og svar på papir. Så fekk vi digital eksamen med motstykket «analog eksamen», altså oppgåver og svar på papir.

På eit tidspunkt vart – utan forvarsel (så langt eg oppfatta iallfall) – «analog eksamen» ein eksamen med oppgåver i pdf-fil på skjermen og svar på papir. Då må alle kandidatane ha pc og sitje på Sluppen. (Er det rart at det vert fullt der?) No heiter det «papireksamen» når oppgåver og svar er på papir. Då treng kandidatane ikkje ha pc, og dei kan sitje t.d. på Dragvoll.

Tid for midtsemester-eksamen er også ei utfordring. Når vi har undervisningstid etter kl. 16, kan vi ikkje ha eksamen i dei tildelte timane. Då har nemleg andre (t.d. Orakel) fri.  Med 7-8 studieretningar i salen er det ikkje mogeleg å finne alternative timar, utan at nokon må ofre anna undervisning.

Eit inntrykk var at ein dag med eksamen var «tapt», iallfall fram til etter eksamen. Det er ikkje så lett å konsentrere seg om andre fag når det kjem ein eksamen om 2-3 timar. Det er verd å tenkje på når ein ivrar for fleire delprøver.

Før var prøvene i mappe. Med prosentpoeng og 20/80 vekt fann vi først ein poengsum 0-100, og så bokstav. Etter nye reglar frå 2023 måtte begge vere delvurderingar.  Det endra utrekninga. Bokstav for kvar prøve, omrekning til tal (A=5, B=4, osv.), vekta gjennomsnitt, og så bokstavkarakter.  Enkelt sagt gjer det at ei prøve med 20 % vekt ikkje har så mykje å seie.

Det viktigaste er at ei dårleg midtsemesterprøve kan øydelegge ein god karakter. Får du C på slutteksamen har midtsemester ingen innverknad. Får du B eller A, kan du berre tape på midtsemester. Får du D (53-64 %), er A-en tapt som sluttkarakter. I den gamle utrekninga gjekk denne grensa ved 45 (ein svak E). Fleire studentar melde at dei mista motivasjon på grunn av dette.

For nokon var det nyttig med ein «dytt» midt i semesteret, og gjerne eit «klapp på skuldra». For dei som fekk eit «slag i trynet», var det ei realitetsorientering, men kanskje ikkje så oppmuntrande.

Ein siste ting: kva skjer om ein student ikkje deltek på ei delvurdering?

Alle kollegaer eg har snakka med, reknar med at manglande frammøte gjev null i vektinga. Slik at til dømes A (= 5) på slutteksamen (80 %) og ikkje møtt på midtsemester (20 %), gjev 5 x 0,80 + 0 x 0,20 = 4,0 = B.

Dette vil eg seie er den «allmenne rettskjensla». Men nei: Eksamenskontoret seier at ikkje møtt på ei delvurdering er ikkje møtt for heile faget. Du får ikkje noko som helst.  Det skulle vere interessant å få prøvd denne tolkinga juridisk.

Til slutt kom vi til at det er for lite nytte og for mykje bry og uvisse med midtsemestereksamen. Etter 22 år var vi tilbake til berre skriftleg slutteksamen, på papir.