Han meldte fakultetet til politiet for lønnstjuveri
Historikar Henrik Olav Mathiesen underviste i historisk teori og metode på Det teologiske fakultetet (TF) i september og oktober. Då han ikkje fekk lønn i desember og heller ikkje i januar, melde han TF til politiet for lønnstjuveri.
KREV ARBEIDSKONTRAKT: – Utgangspunktet mitt er at eg er lei meg for at eg ikkje har fått lønn til rett tid, men eg er endå meir sjokkert over at eg framleis ikkje har fått rett arbeidskontrakt, seier historikar Henrik Olav Mathiesen til Uniforum. No arbeider han som vikar på Nasjonalbiblioteket.Foto: Martin Toft
Martin ToftMartinToftMartin ToftUniforum
Publisert
Både hausten 2024 og 2025 underviser Henrik Mathiesen teologistudentane på UiO i historisk teori og metode. I 2024 fekk han ein timekontrakt på 80 timar for å førelesa og rettleia i emnet. Samtidig spør fakultetet han om han også kan sensurera oppgåvene til studentane.
- Det tilbyr dei alltid ein eigen oppdragsavtale på, sjølv om sensur strengt tatt også er ein viktig del av undervisninga, seier Henrik Mathiesen til Uniforum.
– Eg får lågare lønn, medan TF sparar på utgiftene
Han viser til at i ein vanleg timekontrakt sørgjer arbeidsgjevar for at det også blir tatt med utgifter som skal dekkja framtidig pensjon, arbeidsgjevaravgift og lovpålagt forsikring. Det er ikkje situasjonen når det gjeld oppdragsavtalar.
- Då betalar «oppdragsgjevar», som det då heiter, pengar, men utan pensjonsinnskot, feriepengar og sosiale utgifter. Dersom eg blir sjuk, har eg ikkje rett til sjukepengar. Desse pengane må eg stå for sjølv, medan timelønna er den same. I realiteten tyder det at eg får lågare lønn, medan TF sparar på utgiftene. Dette gjer dei systematisk. Difor kallar eg dette for eit grovt lønnstjuveri og har meldt Det teologiske fakultetet til politiet for det, fortel Mathiesen til Uniforum.
Brot på kravet om arbeidskontrakt
I meldinga til politiet skuldar han TF både for brot på kravet om arbeidskontrakt, manglande utbetaling av lønn, systematisk underbetaling av tilsette og ulovleg mellombels tilsetjing.
- Om UiO har tilsett nokon for å undervisa i eit emne og ber dei om å sensurera i det same emnet, skal dette arbeidet vera samla i ein timekontrakt der UiO tar arbeidsgjevaransvaret for det heile, seier Henrik Mathiesen.
Om Det teologiske fakultetet hadde tilbydd han den avtalen, ville han ha kome mykje betre ut av det.
- Sidan TF hevdar at all sensur er oppdrag, trass i UiOs eigne retningslinjer, får eg utbetalt langt mindre i feriepengar og i pensjonspoeng for arbeidet enn det eg ville ha fått med ein samla timeavtale, seier han.
Som døme viser han til ei eiga erfaring.
- Den veka eg låg nede med over 40 i feber i sensurperioden, ville eg då ha kunna fått sjukepengar for. Men det måtte «arbeidsgjevar» ha betalt for sidan NAV dekkjer sjukepengar kun frå den 17. sjukedagen.
– Dette er arbeidslivskriminalitet
Henrik Mathiesen er heilt klar på kvifor han tar det opp.
- Det handlar ikkje om lønn, men om prinsippet. Dette er arbeidslivskriminalitet, og TF har drive med lønnstjuveri. Både reint ut ved ikkje å gi meg lønn, og ved å underbetala meg, seier han.
Samtidig har han også hamna i ein Catch 22- situasjon. For ved UiO er det nødvendig å ha ein arbeidskontrakt for å kunna få utbetalt lønn.
- Utgangspunktet mitt er at eg er lei meg for at eg ikkje har fått lønn til rett tid, men eg er endå meir sjokkert over at eg framleis ikkje har fått rett arbeidskontrakt, seier han til Uniforum.
Krev kontrakt som inkluderer undervisning og sensur
I desember 2025, etter å ha spurt administrasjonen fleire gonger om kontrakt, tar han kontakt med leiinga på Det teologiske fakultetet ved fakultetsdirektør Tone Vold-Sarnes for å høyra meir om timelønna og oppdragskontrakten for sensuroppdraga.
Han gir dei beskjed om at han ikkje har fått kontrakt for nokon av delane, og dermed enno ikkje fått utbetalt lønn. Samtidig gir han dei melding om at dei bør gi han ein timekontrakt som inkluderer både undervisning og sensur. Han viser også til at dei oppgåvene dei tilbyr han er faste oppgåver, at dei har engasjert han utan å informera han i ein kontrakt at stillinga er mellombels, og at dei derfor pliktar etter lova å tilby han ei fast stilling på 20 prosent. Det meiner han tilsvarar det arbeidet han faktisk har gjennomført og slik den lovfesta norma er i norsk arbeidsliv.
Den 12. januar får han det første svaret. Då får han tilbod om 80 timar lønn for undervisning frå 1. august og ut desember, medan fakultetet insisterer på ein eigen oppdragsavtale for sensur som han allereie har gjennomført.
- Dersom du skriv under på desse avtalane, skal du få lønn, var beskjeden eg fekk, fortel han.
Lovar lønn, men ingen felles avtale for undervisning og sensur
Henrik Olav Mathiesen brukte ein del tid på å områ seg før han den 30. januar forfatta eit svar til Det teologiske fakultetet.
Der peika han på at TF no hadde gjort seg skuldige i tre straffbare forhold: Arbeidsmiljølovas absolutte krav om skriftleg avtale i forkant av arbeidet, simpelt lønnstjuveri ved å halda tilbake lønn, og at dei framleis held tilbake lønna i eit forsøk på truga han til å inngå ein avtale som inneber systematisk underbetaling, altså grovt lønnstjuveri, fortel han.
Svaret han får frå Det teologiske fakultetet er at han skal få utbetalt lønn for alt arbeidet, no også for klagesensuren som han blei spurt om å ta 29. januar «basert på timekontrakt».
- Dei vedgår rett og slett at dei bryt UiOs retningslinjer, og let som om dei vil rydda opp etter seg, men utrekninga som dei gir opp, viser samstundes at dei no berre vil betala for eitt oppdrag. Dei har heilt enkelt gonga opp timelønna med talet på timar. Ingenting blir nemnt om korkje feriepengar eller pensjonsinnskot eller at ein kontrakt eller lønnsslipp i det heile tatt vil verta tilsendt, fortel han opprørt.
– Vil straffa meg for å ha opponert
Han meiner at han dermed vil tapa endå meir enn om han hadde gått med på dei tidlegare vilkåra deira. Mathiesen poengterer at for han som oppdragstakar, gjeld heller ikkje vernet i Arbeidsmiljølova.
- Eg synest det er vanskeleg å tru anna enn at dei anten vil straffa meg for å ha opponert medan dei retroaktivt forsøkjer å dekkja ryggen sin for alle lovbrota. Det kan også vera at leiinga ved TF faktisk er så inkompetent at dei ikkje forstår kva som er skilnaden på ein timekontrakt og ein oppdragsavtale. Ærleg talt veit eg ikkje kva som er verst, seier Mathiesen.
Kravet om fast tilsetjing blir også avvist av leiinga ved TF, har han fått melding om.
– Ingen har nokon gong stole lønna mi så openbert
Seinare denne veka skal han i møte med TF saman med fagforeininga.
- Grunnen til at eg tar det opp, er at det truleg er meir utbreidd enn berre på TF. Eg har sjølv opplevd mykje rart andre stader på UiO og hos andre institusjonar. I akademia blir mellombels tilsette ofte gitt usle vilkår, og dei utan anna arbeid torer normalt ikkje seia imot. Sein kontrakt og seine lønningar er ikkje uvanleg, men ingen har nokon gong stole lønna mi så openbert, seier han.
For tida jobbar Henrik Mathiesen som vikar hos Nasjonalbiblioteket.
TF vedgår for sein utbetaling av lønn
Uniforum har vore i kontakt med fakultetsdirektør Tone Vold-Sarnes ved Det teologiske fakultetet på Universitetet i Oslo for å få hennar kommentar til skuldingane frå timelærar Henrik Olav Mathiesen. Ho vedgår at fakultetet har vore for seint ute med utbetalinga av lønn til Mathiesen.
BEKLAGELIG FEIL: Det teologiske fakultetet betalte lønna til Henrik Olav Mathiesen for seint, på grunn av ein feil, som no er retta opp, skriv fakultetsdirektør Tone Vold-Sarnes.(Foto: Francisco Saggio/UiO)
«TF har 12. februar utbetalt lønn til Henrik Olav Mathiesen for kortvarige undervisnings- og sensuroppgaver han har utført for fakultetet i 2025 og januar 2026. Utbetalingen ble dessverre gjort for sent, noe som skyldes en beklagelig feil hos fakultetet, men er nå rettet opp i», skriv ho i ein e-post til Uniforum.
Me stiller henne også spørsmål om det ikkje ville vore ryddigare for begge partar å ha samla alle oppdraga i ein timeavtale med pensjonsinnskot, feriepengar m.m. inkluderte. Det spørsmålet svarer ho ikkje på.
Dei andre skuldingane mot fakultetet frå Henrik Olav Mathiesen kommenterer ho heller ikkje.