Budsjettforlik: Tommel ned for studieavgift

Det blir ikkje innført studieavgift for studentar frå land utanfor EØS. Det går fram av dagens budsjettforlik mellom den blå-blå regjeringa og KrF og Venstre.

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen vart møtt av demonstrasjonar då forslaget hans om studieavgift vart kjent. Forslaget overlevde ikkje budsjettforliket.
Publisert Sist oppdatert

- Ekstremt gledeleg, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen til Uniforum.

Budsjettforliket mellom den blå-blå regjeringa og Kristeleg Folkeparti og Venstre skrinlegg forslaget om å innføra studieavgift for alle studentar frå land utanfor EØS, og som ikkje er ein del av kvotestipendordninga. - Det er ekstremt gledeleg, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Etter hans meining vil det koma oss alle til gode. - Samfunnet vil tena enormt på ikkje å innføra studieavgifter for desse studentane. Desse studentane bring med seg verdifull kunnskap og byggjer tillit mellom Noreg og dei landa dei kjem frå. Godt jobba, Venstre, er sluttreplikken til ein svært glad Ole Petter Ottersen.

Grande nøgd

Venstre-leiar Trine Skei Grande er også svært nøgd med det hennar parti og Kristeleg Folkeparti har fått til innanfor forsking og høgare utdanning i budsjettforliket.

- Regjeringas budsjett på kunnskapsfeltet var eit godt budsjett, men me har bidratt til å styrkja dette ytteregare, peikar Trine Skei Grande på i ei pressemelding frå Venstre.

Det er ei svært god satsing på høgare utdanning og forsking, gjennom blant anna auka basisløyvingar til universitet og høgskular, fleire stipendiatstillingar, fleire studentbustader og reversering av forslaget om studieavgift for internasjonale studentar. Dessutan er kutta til folkehøgskular og studieforbund reversert, opplyser Trine Skei Grande.

Letta studentleiar

Leiar for Studentparlamentet ved UiO, Marianne Andenæs ser svært glad for at forslaget om studieavgift for studentar utanfor EU/EØS er fjerna.

– Me pustar letta ut for at gratisprinsippet i høgre utdanning står ved lag, seier Marianne Andenæs i ei pressemelding.

– Ei samla studentrørsle har sagt klart og tydeleg frå om at skulepengar for internasjonale studentar trugar både studentmangfaldet på lærestadene og gratisprinsippet i høgre utdanning. Når regjeringa no blir pressa til å gi seg for andre året på rad, må det må vera spikaren i kista for forslaget om skulepengar, seier Marianne Andenæs.