Aarhus universitet går til oppseiingar

Det største universitetet i Danmark skal spare pengar, skriv På Høyden.

Publisert Sist oppdatert


Det betyr at 94 vitskapleg tilsette og 214 teknisk-administrativt tilsette mistar jobben. Til saman 196 av desse vil bli oppsagde, medan dei resterande går frivillig.



Høgare utgifter og lågare inntekter er i følgje Aarhus Universitet bakgrunnen for at leiinga valte å starte ein omfattande kuttrunde.



Det er ei minke i løyvingane til universitetssektoren som ifølge leiinga er årsaken til sparekravet. Institusjonen har gått med store underskot dei siste åra. Innan år 2016 skal universitetet ha gjort innsparingar på i alt 250 millionar norske kroner.



Før jul blei dei tilsette informerte om at innsparingane også ville føre til at kutt i talet på stillingar ved universitetet.



– Den økonomiske situasjonen er meir alvorleg enn forventa, og vi må difor gjennomføre innsparingar i dei komande åra. Utgiftene har auka meir enn inntektene, og det kan ikkje halde fram, sa rektor Brian Bech Nielsen under eit allmøte før jul, melder Jyllandsposten.