Hallén spent på evalueringa

Publisert Sist oppdatert

Forskingsrådet får førstkomande måndag dommen over arbeidet det gjer. Då legg konsulentselskapet Technopolis fram resultata frå evalueringa av rådet. Adm.dir. Arvid Hallén er svært spent.

Måndag 10. september klokka 12.00 presenterer det internasjonale selskapet Technopolis dei endelege resultata av evalueringa av Noregs forskingsråd. Det er første gongen sidan 2002 at Forskingsrådet blir evaluert, og også den gongen var det Technopolis som gjennomførte evalueringa.

– Det er eit privilegium å bli kika i korta av folk som kan dette gamet, og som har utført liknande oppgåver i mange land, seier administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet til Uniforum.

Han har vore toppsjef sidan 2004, og sidan den førre evalueringa har Forskingsrådet sjølv stått bak rundt 90 evalueringar av dei fleste fagområde i Noreg.

Hallén fryktar ikkje resultata av evalueringa.

– Nei, eg føler me har vore inne i ei god utvikling sidan den førre evalueringa og gjort mange forbetringar. Men eg er sjølvsagt svært spent på analysen dei har gjort av arbeidet me har utført, seier Forskingsrådsdirektøren. Etter den førre evalueringa i 2002 blei Forskingsrådet omorganisert mellom anna for å kunna ta seg endå betre av oppgåvene for grunnforskinga og den innovasjonsretta forskinga.

– Eg meiner den organiseringa har fungert godt og for to år sidan utvikla me den vidare, då me gjekk frå tre til fire fagdivisjonar.

– Kva kan Forskingsrådet bli betre på?

– Me må bli endå betre på internasjonalisering, og me arbeider for å styrkja kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken, slik at satsingane våre kan bli endå meir treffsikre.

– Og kva meiner de at de er gode på?

– Tidlegare evalueringar har allereie slått fast at ordninga med etableringa av senter for framifrå forsking (SFF) var eit godt grep. Me har arbeidd for å få til godt samspel og dermed gevinstar av at me har eit breitt ansvar for Forskings-Noreg, og me har gjort mykje for å styrkja kunnskapsgrunnlaget i dei strategiske analysane før me set i gang nye forskingsprogram og forskingstiltak, seier Hallén.