Ein av tre statsvitarar har opplevd ubehag på grunn av forskinga
Ein tredel av statsvitarar ved universitet i Canada og Nord-Europa har opplevd noko ubehageleg dei siste åra. Ein av ni har opplevd trakassering og ein av femten har opplevd trugsmål.
HETS FRÅ KOLLEGAER: – Det mest nedslående funnet me har gjort er at svært mange av dei som hetsar, og kjem med trugsmål er andre forskarkollegaer, seier Anders Ravik Jupskås, leiar for Senter for ekstremismeforsking ved UiO.
Foto: Martin Toft
– Funna viser at det er ganske utbreidd med trugsmål mot statsvitarar. Ein tredel av dei har opplevd ubehagelege situasjonar dei siste fem åra på grunn av tema dei forskar på. Det fortel Anders Ravik Jupskås til Uniforum.
Han leier Senter for ekstremismeforsking ved UiO (C-REX) og har vore med på forskingsprosjektet HITS (Harassment, Intimidation and Threats in the Sciences) som har undersøkt trugsmål mot og hets av statsvitarar. Prosjektet har vore leia av postdoktor Iris Beau Segers frå Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO.
Fekk inn 700 svar
For eit halvt år sidan fekk rundt 7000 statsvitarar ved universitetet i Canada og i Nord-Europa tilsendt eit spørjeskjema der formålet var å finna ut i kor stor grad dei opplevde trugsmål og hets på grunn av det dei forska på.
Avsendarane var senterleiar Anders Ravik Jupskås, Senter for ekstremismeforsking ved UiO, professor Sarah de Lange frå Universitetet i Leiden, postdoktor Iris Beau Segers frå Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO og førsteamanuensis Audrey Gagnon frå Universitetet i Ottawa.
Det kom inn til saman 700 svar, 100 av dei frå norske institusjonar.
Resultatet frå undersøkinga blei nyleg lagt fram på eit frukostmøte på SV-fakultetet der temaet var akademia under angrep. Til stades var også forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland og prorektor Bjørn Jamtveit.
Hets og trugsmål frå forskarkollegaer
Undersøkinga avdekkjer at ein av ni har opplevd direkte former for trakassering og ein av femten har erfart trugsmål.
– Det mest nedslående funnet me har gjort, er at svært mange av dei som hetsar og kjem med trugsmål er andre forskarkollegaer. Men det mest vanlege er avstandstrakassering, gjerne på epost eller i sosiale media, frå personar utanfor akademia, konstaterer Anders Ravik Jupskås.
Målet med undersøkinga var å finna ut i kva grad hets og trugsmål mot statsvitarar avspeglar polariseringa i samfunnet i dei landa som er undersøkte. Spørjeskjemaet blei sendt til statsvitarar i Canada, Storbritannia, Irland, Austerrike, Polen, Belgia, Nederland, Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island.
Verst for kvinner
– Eit tydeleg funn er at hets og trugsmål var svært kjønna. Kvinner opplever meir hets enn menn, berre fordi dei er kvinner. Også folk med innvandrarbakgrunn, folk med nedsett funksjonsevne, med arbeidarklassebakgrunn eller som har andre kjønnsidentitetar enn mann og kvinne, er svært utsette, slår Anders Ravik Jupskås fast.
Han peikar på at alle dei som forskar på kontroversielle tema som ekstremisme, kjønn eller innvandring, er særleg utsette for hets og trugsmål.
– Utanfor akademia er det eksterne aktørar på ytre høgre som står bak trugsmåla. Det er heller få religiøse og folk på venstresida som driv på med det, seier han.
– Det er deprimerande
Men i tillegg til at forskarkollegaer også står bak, opplever dei ubehagelege ting frå studentar, viser funna.
– Det påverkar den psykiske helsa deira og kjensla deira av tryggleik. Samtidig fører det til at statsvitarar som forskar på politisk følsame tema, får kalde føter og ikkje vågar å delta i den offentlege debatten. Det er deprimerande, synest Ravik Jupskås.
– Får mindre støtte frå institusjonen
Forskarane bak undersøkinga har også sett på kva støtte dei fortel at dei har fått etter ubehagelege hendingar.
– Dei gir opp nær familie og venner som dei viktigaste støttespelarane. Også kollegaene og profesjonelle psykologar gir dei støtte. Men dei opplever å få mindre støtte frå institusjonen der dei arbeider, og frå fagforeiningane, fortel Ravik Jupskås.
Om lag 40 prosent er misnøgde og 40 prosent er nøgde med oppbackinga frå universitetet viser tala dei har henta inn.
– Det mest alvorlege er at dei statsvitarane som verkeleg har opplevd å få trugsmål eller hets, har endå mindre tru på at institusjonane vil støtta dei. Det dei etterlyser, er både psykologisk bistand gjennom til dømes Bedriftshelsetenesta eller ei teneste som kan gi dei juridisk bistand dei gongene dei har ubehagelege opplevingar på grunn av den forskinga dei har gjort på kontroversielle tema. Dei føler ofte at dei står heilt åleine, fortel Ravik Jupskås.
Ein parallell til det som politikarar opplever
Ravik Jupskås fortel kva undersøkinga skal kartleggja.
– Me ynskjer å visa fram korleis forskarar som studerer kontroversielle tema i liberale demokrati, også møter trugsmål og hets. Undergravinga av akademisk fridom går under radaren i desse landa. Dette er ein parallell til det som politikarar i liberale demokrati også opplever, ikkje minst i sosiale media, seier Ravik Jupskås.
Både han og dei andre i prosjektet ser det som ein stor fare for akademia dersom dette held fram.
– Me risikerer at det berre er dei mest hardhuda statsvitarane som deltar i den offentlege debatten, seier Ravik Jupskås.
Blei skjelt ut av andre forskarar
Sjølv har Anders Ravik Jupskås også møtt motbør under arbeidet med undersøkinga.
– Det mest overraskande var forskarar som skjelte meg ut på e-post fordi eg hadde sendt spørjeskjemaet om dette temaet til dei. Og då eg sende ut ei purring, blei dei svært irriterte og gav meg beskjed med store bokstavar om å fjerna dei frå lista. Det var eldre, mannlege professorar som kom med den bodskapen. Ingen av dei var frå Noreg, understrekar han.
Vil utvida undersøkinga
No er planen å utvida undersøkinga til andre liberale demokrati i Europa som Frankrike, Tyskland, Spania og Italia. Deretter skal dei gå vidare og undersøkja situasjonen for statsvitarar i andre liberale demokrati som Tsjekkia, Japan, Taiwan og Uruguay.
– Til slutt skal me ha undersøkt situasjonen i 30 liberale demokrati, fortel han. Prosjektet er delvis finansiert av Småforskmidlar frå Institutt for statsvitskap ved UiO.