UiO reduserte klimagassutsleppa med ti prosent i 2025

I fjor hadde UiO eit samla CO2-utslepp på 70 160 tonn. Det er ein reduksjon på 10 prosent samanlikna med året før. Frå 2018 har det vore ein nedgang i klimagassutsleppa på 27 prosent.

GANSKE NØGD: Eigedomsdirektør John Skogen ser mykje positivt i klimagassrekneskapen for UiO frå 2025. Han understrekar likevel at reduksjonen av utsleppa burde ha vore høgare, om hovudmålet på 50 prosent reduksjon skal nåast i 2030. (Arkivfoto)
Publisert
Fakta

UiOs klimamål i Helhetlig klima- og miljøstrategi

Overordna mål: 

UiO skal redusera sine klimagassutslepp med minst 50% innan 2030 og utvikla ein campus som avspeglar ein berekraftig institusjon.

Delmål:

UiO skal: 

  • redusera klimagassutslepp frå tenestereiser med minst 50 prosent innan 2030 i forhold til 2018. Det vil seia ein gjennomsnittleg nedgang i utslepp på 7 prosent frå år til år.
  • redusera energibruk i bygningar med minst 30 prosent innen 2030, og i større grad produsera eigen energi. Reduksjonen skal skje ved eigen institusjon, og utan kjøp av klimakvotar. (Kjelde: Eigedomsavdelinga ved UiO)

Det er nokre av funna i klimagassrekneskapen for 2025 som ble lagt fram for universitetsstyret den 12. mai. Det er likevel framleis eit stykke frå hovudmålet som er at UiO skal ha redusert sine samla klimagassutslepp med 50 prosent innan 2030. 

Det skriv Uniforum.

Om ein ser litt grundigare på tala, så går det fram at det første året UiO rekna ut kor mykje klimagass institusjonen slepte ut, altså i 2018, låg det samla utsleppet på 96 265 tonn med CO2. Sidan den gongen er klimagassutsleppet redusert med over 20 000 tonn CO2, viser tala frå rapporten. 

Minst utslepp under pandemien

Utsleppa i 2025 på 70 160 tonn er likevel meir enn det som blei slept ut i pandemiåra 2020 og 2021. Då var dei på høvesvis 68 173 og 67 399 tonn med CO2. Året før pandemien 2019, var det eit rekordutslepp på heile 99 226 tonn.

Det er nokre av funna i klimagassrekneskapen for 2025 som blir lagt fram for universitetsstyret den 12. mai. Det er likevel framleis eit stykke frå hovudmålet som er at UiO skal ha redusert sine samla klimagassutslepp med 50 prosent innan 2030. 

Om ein ser litt grundigare på tala, så går det fram at det første året UiO rekna ut kor mykje klimagass institusjonen slepte ut, altså i 2018, låg det samla utsleppet på 96 265 tonn med CO2. Sidan den gongen er klimagassutsleppet redusert med over 20 000 tonn CO2, viser tala frå rapporten. 

Minst utslepp under pandemien

Utsleppa i 2025 på 70 160 tonn er likevel meir enn det som blei slept ut i pandemiåra 2020 og 2021. Då var dei på høvesvis 68 173 og 67 399 tonn med CO2. Året før pandemien 2019, var det eit rekordutslepp på heile 99 226 tonn.

I 2025 var det området som handlar om energibruk som var den største syndaren når det gjeld klimagassutslepp. Det utgjorde 31 prosent av dei samla utsleppa til UiO. I rapporten går det fram at situasjonen truleg vil betra seg når fleire gamle bygningar er blitt rehabiliterte og oppgraderte. Det blir peika på nokre av dei mest energikrevjande bygningane på Nedre Blindern.

Eigedomsdirektør John Skogen seier seg godt nøgd med det resultatet.

– Klimagassrekneskapen for 2025 viser ei positiv utvikling og at me er på rett veg mot målsetjinga. Rekneskapen viser ganske store reduksjonar knytte til bygningar, energiforbruk og avfall i 2025. Det er positivt å sjå at tiltak gir ein effekt, seier han i ein kommentar til Uniforum.

Har redusert utsleppa frå flyreiser med 34 prosent sidan 2018

Den nest største utsleppskjelda innanfor klimagassar på UiO er området transport og reise. Til saman utgjer den kategorien 21 prosent av det totale utsleppet i 2025. Flyreiser stod for 94 prosent av alle utsleppa i denne kategorien, går det fram av klimagassrapporten. Utsleppa av klimagass frå flyreiser er redusert med 34 prosent frå 2018. Over halvparten av utsleppa frå fly kjem frå interkontinentale reiser. Den aller største reduksjonen har vore knytt til flyreiser tinga frå reisebyrå, og denne nedgangen skuldast i hovudsak at UiO-tilsette ikkje lenger drar på så mange interkontinentale flyreiser som før. 

Å redusera utsleppa frå flyreiser, vil krevja nokre tøffe val frå UiO, understrekar rapporten, og det må også vegast opp mot UiOs rolle som eit internasjonalt universitet. Flyreisene som er kjøpte utanfor reisebyrå, manglar tal på kor mange personkilometer som er gjennomførte. Dermed må klimagassutsleppet reknast ut berre basert på økonomiske faktorar.

Rehabiliteringar vil gi mindre utslepp 

Ein annan kategori er bygg/bygningar. Den utgjorde i 2025 16 prosent av det samla klimagassutsleppet til UiO. Det året var det ein auke i klimautslepp i leigde areal, som også utgjorde dei største bidraga til klimagassutslepp i denne kategorien. Her peikar rapporten på at det vil vera mogleg å endra denne utviklinga ved å arbeida for ein meir effektiv arealbruk og ei betre utnytting av UiOs eigne bygningar for å redusera utsleppa frå dei leigde areala, drift av areal og energibruk.

Eigedomsdirektør John Skogen vedgår at sjølv om rekneskapen for 2025 syner gode resultat, så er det framleis mykje som skal til for å oppnå målsetjinga på 50 prosent reduksjon i dei totale utsleppa. 

– Utslepp i kategorien bygg varierer i samsvar med rehabiliteringar og oppgradering. Me må forventa å sjå ein auke i denne kategorien når me gjennomfører større rehabiliteringar dei komande åra, sjølv om det på sikt vil bidra til lågare utslepp frå energi og arealbruk, trur han.

Han peikar på at energibruk hadde store reduksjonar i utslepp frå 2024 til 2025. 

– Samtidig ser me at endringane er knytte til temperaturvariasjonar og mildvær i 2025. Det er derfor også sannsynleg at denne reduksjonen vert jamna ut i 2026, legg han til.

– Kva tiltak er nødvendige for å oppnå 50 prosent reduksjon i 2030?

– På eigedomssida vil det vera viktig å arbeida systematisk med gjennomføring av prosjekt og energi- og arealeffektivisering. Me går inn i ein periode der det vil skje store endringar på Nedre Blindern, som også har fleire av UiOs meir energikrevjande bygningar. Dette er ein moglegheit for å gjera vesentlege og varige reduksjonar av utslepp frå energi- og arealbruk ved UiO, fortel John Skogen i ein e-post til Uniforum.

Vil ha betre kartlegging av varekjøpa

UiO brukar 750 millionar kroner til varekjøp i året. Det gjer kategorien varekjøp til ei stor utsleppskjelde. Likevel går utsleppa litt ned frå år til år. Grunnen er utviklinga i den delen av utsleppa som har å gjera med variasjonen i prisane og utrekna utslepp ved produksjon av varer. På dette området etterlyser rapporten ei betre kartlegging.

Når det gjeld direkteutslepp, så handlar det om UiOs utslepp frå forbrenning av fossile brensel. Det utgjer i hovudsak forbrenning av drivstoff i kjøretøy og maskin. I 2025 utgjorde direkte CO2-utslepp 171 tonn, det vil seia mindre enn 1 prosent av dei samla utsleppa ved UiO. Direkteutsleppa var 43 prosent lågare i 2025 enn i 2018. Mellom grunnane til dette er utskiftinga av maskinar, utstyr og kjøretøy til moderne og elektriske alternativ, står det i rapporten.

Eit interessant poeng som blir trekt fram i rapporten er kva innføring av berekraftig catering har ført til for klimagassrekneskapen. I 2025 utgjorde klimagassutsleppa frå dei tre cateringleverandørane til saman 61 292 kilo CO2-ekivalentar gjennom matlevering til universitetet. Dei største utsleppa innan mat, kom frå kaffi og te, heile kaker, standard lunsjmenyar og middagsrettar. 

Når UiO har undersøkt hos to av leverandørane kva ei konvensjonell levering ville ha slept ut, så sparte UiO 46 043 kilo med CO2-ekvivalentar, noko som tilsvarar ein reduksjon på 55,6 prosent, peikar rapporten på.

I ein kommentar til klimagassrekneskapen, oppfordrar eigedomsdirektør John Skogen UiO til å intensivera innsatsen for å få ned klimagassane dei komande åra for å nå målet på 50 prosent reduksjon innan 2030. Derfor synest han at nedgangen frå 2018 til 2025 heller burde ha vore på 29 prosent, og ikkje på 27 prosent.